• Hjem >
  • Bli med til ein Akha landsby 1.- 4. Trinn

Bli med til ein Akha landsby 1.- 4. Trinn

Akhaene bur vanlegvis i små fjellandsbyar med 100 til 200 innbyggarar. Det er vanleg at dei ulike urfolksgruppene bur i landsbyar for seg sjølv, men nokre gonger finn vi fleire grupper som bur i same landsby. 

Det kan vere vanskeleg å kome seg til landsbyane. Vegane opp i fjella er ofte i særs dårleg stand, og særleg i regntida kan det vere nesten umogleg å køyre på dei. Landsbyane ligg ofte langt frå kvarandre og dei fleste som bur her har ikkje bil. Nokre familiar har kanskje ein moped eller sykkel.  Husa i landsbyen er bygd av tre eller bambus, og er ganske enkle. Husa er gjerne bygd på pålar. Mange landsbyar manglar reint vatn og dei som bur der må gå langt for å hente vatn i nærmaste elv. Straum er heller ikkje vanleg i landsbyane. I filmen treff vi ei jente som heiter Mito og ser korleis ho har det heime.

Refleksjonssamtale

·     Korleis ser det ut i landsbyen? Kva er likt og kva er forskjellig frå landsbyen og der du bur?

·     Kven bur saman med Mito?

·     Korleis trur du det er å bu i huset til Mito? Kva hadde de likt og kva tenkjer de hadde vore vanskeleg?  


Oppgåver

1.    Teikn ein teikning av deg sjølv på besøk i landsbyen til Mito. Kva hadde du likt å gjere i landsbyen? 

2.    Bli med til en annan akha-landsby: Manos landsby. Gjer oppgåvene nedst på sida. 

Kompetansemål

Samfunnsfag (4. trinn):                                                                                                                                                     

  • Utforske og gi døme på korleis menneske i ulike delar av verda påverker livet til kvarandre                         
  • Presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst.