• Hjem >
  • Laos - Eit spanande land! 1.- 4. trinn

Laos - Eit spanande land! 1.- 4. trinn

Laos ligg i Sør-Øst Asia, og er inneklemt mellom Kina, Myanmar, Vietnam, Thailand og Kambodsja. Laos er eit vakkert land, med frodig natur og mange fjell og dalar. Landet er ikkje veldig stort, og har omlag 7 millionar innbyggarar. Litt under halvparten av befolkninga i Laos er urfolk, det finns over 100 urfolksgrupper i landet. Dei snakkar eit anna språk enn majoriteten i landet, og har ein annan religion og kultur. Urfolka opplever å bli diskriminert i Laos, og dei har få rettar. 

Dei fleste bur i små landsbyar oppe i fjella i Laos og mange dyrkar sin eigen mat. Jorda er fruktbar og mykje spanande frukt og grønsaker blir dyrka her. Likevel er Laos eit fattig land og ein av tre personar lever i fattigdom.Det er tøft å leve i fattigdom. 

Det offisielle språket i Laos er Lao, det er dette språket dei som bestemmer i Laos brukar og litt meir enn halvparten av befolkninga har dette som sitt morsmål. Resten av befolkninga er urfolk og snakkar sitt eige språk, som ofte er veldig ulikt frå Lao. 

Refleksjonsspørsmål

·     Kva veit de om Laos frå før av?

·      I Laos finns det mange urfolksgrupper. Veit de kva urbefolkninga i Noreg heiter?

·     Er Laos eit rikt eller fattig land? Kvifor? 

·     Kva betyr det at nokre lever i fattigdom? Kan eit barn vere fattig sjølv om dei har tak over hovudet og kanskje eig ei leike?

·     Kan de nemne nokre likskapar og skilnadar mellom Noreg og Laos? 


Oppgåver

1.    Bruk Hei Verden sin plakat «alle barn har rett til...». Skriv ned kva rettar barn har i skyene, og heng plakaten opp i klasserommet. 

2.    Fargelegg dyra i Laos. 

3.    Her kan de lære meir om nokre av dei spanande dyra som lever i Laos.