Klima(u)rettferd

I filmen blir me kjende med 7 år gamle Moon som bur i ein liten landsby ved grensa til India. Flom fløymer nesten over heile landsbyen seks månader i året. Då må hennar og mange andre familiar bu saman på eit trongt lite område. Det har alltid vore sånn i dette området, og det kjem av fleire ting, mellom anna regntida, at snøen i Himalaya-fjella smeltar, og syklonar. Til slutt blir det så mykje vatn som møtest på ein stad at elvane fløymer over, og vatnet kryp opp til husa og øydelegg heimane til mange menneske.

ORDFORKLARINGAR

Klima

Vêret over lengre tid. Eit mønster i til dømes vind, temperatur og regn.

Klimaendring
Når klimaet me er vant med endrar seg. Til dømes når det blir lange periodar med varmare eller kaldare vêr enn vanleg. Eller når ekstremvêr kjem oftare slik som store stormar.

Klimaforskarar
Personer som jobbar med å forska på klima.

Klimaflyktningar
Menneske som blir tvinga til å dra frå ein stad eller eit land på grunn av klima, det blir ikkje lenger mogleg å bu der. Til dømes menneske som må flykta på grunn av flaum eller ekstrem tørke.

Global oppvarming
Me bruker dette omgrepet når me snakkar om temperaturen på jorda som stig.

Syklon
Ein type dårleg vêr. Ein bruker gjerne ordet syklon når ein snakkar om tropisk storm.

 
 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kva tre ting er det som gjer at vatna flaumar over så ofte i Bangladesh?

  • Kvifor stig temperaturen på jorda, og kvifor er det eit problem?

  • Kvifor er det spesielt vanskeleg for Bangladesh at havet stig?

  • Mange miljøorganisasjonar snakkar om "klimarettferd". Kva trur de det betyr?

  • Kva trur de meiner ein med at klimaendringane er "dobbelt urettferdig" for barn som lever i fattigdom? 

  • Kva kan me gjera for å bremsa klimaendringane?


OPPGÅVER  

  1. Gå gjennom rettar i barnekonvensjonen. Kva rettar blir trua av klimaendringane? Forklar kvifor og korleis!

  2. Bruk internettet til å finna ut:

    a. Kva betyr “klimatilpassing”? Når du har funne svaret på spørsmålet, kan du finna tre måtar me kan tilpassa oss klimaet i Noreg.

    b. Kva betyr “klimaflyktning?”. Når du har funne svaret på spørsmålet, kan du prøva å finna tre døme frå røyndommen/nyheitsbiletet på dette.

  3. Skriv eit brev til Klima- og miljøministeren i Noreg og forklar kor urettferdig de syntest klimaendringane er, særleg for barn som lever i fattigdom. Skriv gjerne kven de meiner har ansvar for at klimaendringane blir bremsa, og kva me alle kan gjera for at det skal bil betre?
    Adressa er: Kongens gate 20, Postboks 8013, Dep, 0030 Oslo.

  • Naturfag (7. trinn)

    • Gjøre rede for hvordan det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap

    • Utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra