• Hjem >
  • Langfilm Laos 5.- 7.trinn

Langfilm Laos 5.- 7.trinn

Store deler av befolkninga i Laos lever i fattigdom. Landet er kommunistisk, og sjølv om styresmaktene dei siste åra har opna opp for handel og den internasjonale marknaden så har dette berre kome nokre få menneske til gode.  

Opp mot halvparten av befolkninga i Laos er urfolk, og lever ofte i små landsbyar oppe i fjella. Urfolk i Laos blir lite anerkjente for sin kultur av styresmaktene i Laos, og dei opplever ofte å bli diskriminert. Til dømes blir det ikke undervist i urfolka sine eigne språk på skulen, sjølv om dette er det einaste språket elevane forstår. Sidan dei bur relativt isolert oppe i fjella er urfolka i stor grad sjølvforsynte med mat. Det er mykje hardt arbeid som må til for å få nok mat til heile familien, heile året. Difor må barna hjelpe til og jobbe frå dei er små. Dette, kombinert med at skulen blir opplevd som lite relevant for urfolksbarna, gjer at fleire barn ikkje går på skulen, eller sluttar før dei har fullført barneskulen. Når barna ikkje får ei utdanning blir det ekstra vanskeleg å bryte ut av fattigdommen oppe i landsbyane. 

Dei tre viktigaste stikkorda for denne filmen er: urfolk, diskriminering og menneskerettane. Samstundes vil eit viktig fokus vere at elevane skal få kjennskap til ulikskapar i levekår for barn som lever andre stader i verda.


Refleksjonsspørsmål

Før de ser filmen: 

·     Kva veit de om Laos? Kan de finne Laos på eit kart? 

Etter de har sett filmen:

·     Lærte de noko nytt? Kan de tenkje på tre ting de lærte av filmen? 

·     Kva betyr det at nokon lever i fattigdom? Kan eit barn være fattig sjølv om dei har tak over hovudet og kanskje eig ei leke?

·     Er Laos eit rikt eller fattig land? Kvifor?

·     Korleis ser det ut i landsbyen? Kva er likt og kva er ulikt frå landsbyen og der du bur?

·     Korleis trur du det er å bu i huset til Mito? Kva hadde de likt og kva tenkjer de hadde vore vanskeleg? 

·     Kvifor sluttar mange barn i Laos på skulen når dei er 11-12 år?

·     Kvifor er det viktig at også urfolka lærer seg lao-språket?

·     Syns de det er viktig å lære om eigen kultur og språk? Kvifor/kvifor ikkje?

·     Korleis trur du ditt liv ville blitt som vaksen dersom du måtte slutte på skulen når du var 11 år?

·     Kvifor er det fleire gutar enn jenter på ungdomsskulen?

·     Alle barn har rett til å gå på skule. Kjem de på nokre andre rettar alle barn har?

·     Kvifor bur så mange gutar i Laos i kloster?

·     Korleis trur du det hadde vore å bu i kloster? Kva såg kjekt ut?


Oppgåver 

1.     Gå gjennom barna sine rettar i barnekonvensjonen. Syns de nokre av desse rettane er viktigare enn andre? Kvifor?

2.     Bruk Hei Verden sin plakat «Alle barn har rett til...». Skriv ned barna sine rettar og heng plakaten opp i klasserommet. 

3.     Lag ein veggplakat om buddhismen og munkane sin kvardag.

4.    Gruppeoppgåve: Lag ei tidslinje over Laos si historie og presenter for klassen.

5.    Lær meir om skulen i Laos her.Kva er likt og kva er ulikt mellom skulen til Mano og din skule?

Last ned

Lærerveiledning (bokmål)

Last ned