• Hjem >
  • Langfilm Laos 8.- 10. trinn

Langfilm Laos 8.- 10. trinn

Store deler av befolkninga i Laos lever i fattigdom. Landet er kommunistisk, og sjølv om styresmaktene dei siste åra har opna opp for handel og den internasjonale marknaden så har dette berre kome nokre få menneske til gode.   

Opp mot halvparten av befolkninga i Laos er urfolk, og lever ofte i små landsbyar oppe i fjella. Urfolk i Laos blir lite anerkjente for sin kultur av styresmaktene i Laos, og dei opplever ofte å bli diskriminert. Til dømes blir det ikke undervist i urfolka sine eigne språk på skulen, sjølv om dette er det einaste språket elevane forstår. Sidan dei bur relativt isolert oppe i fjella er urfolka i stor grad sjølvforsynte med mat. Det er mykje hardt arbeid som må til for å få nok mat til heile familien, heile året. Difor må barna hjelpe til og jobbe frå dei er små. Dette, kombinert med at skulen blir opplevd som lite relevant for urfolksbarna, gjer at fleire barn ikkje går på skulen, eller sluttar før dei har fullført barneskulen. Når barna ikkje får ei utdanning blir det ekstra vanskeleg å bryte ut av fattigdommen oppe i landsbyane. 

Dei tre viktigaste stikkorda for denne filmen er: urfolk, diskriminering og menneskerettane. Samstundes vil eit viktig fokus vere at elevane skal få kjennskap til ulikskapar i levekår for barn som lever andre stader i verda.


Refleksjonsspørsmål

Før de ser filmen: 

·     Kva veit de om Laos? 

Etter de har sett filmen:

·     Er Laos eit rikt eller fattig land? Kvifor?

·     Kan de nemne nokre likskapar og skilnadar mellom Noreg og Laos? 

·     Laos er tidlegare fransk koloni. Kva betyr det? 

·     Kvifor bomba USA Laos?

·     Korleis påverka Vietnamkrigen Laos?

·     Kvifor blei USA si krigføring i Laos kaldt «den hemmelege krigen»?

·     Landsbyane i fjella ligg ofte langt frå kvarandre, med særs dårlege vegar som ofte er ubrukelege i regntida. Korleis trur de det påverkar dei som bur der?

·    Syns de det er viktig å lære om eigen kultur og språk? Kvifor/kvifor ikkje?

·     Korleis trur du ditt liv ville blitt som vaksen dersom du måtte slutte på skulen når du var 11 år?

·     Kvifor er det viktig at også urfolka lærer seg lao-språket?

·     Kvifor er det fleire gutar enn jenter på ungdomsskulen?

·     Alle barn har rett til å gå på skule. Kjem de på nokre andre rettar alle barn har?

·     Var det noko med korleis novisene og munkane lever som overraska deg?

·     Kva trur du munken Mangsiso meiner med at teknologien kan vere vakker og at ein mobiltelefon kan vere eit hjelpemiddel for novisane?

·     Kvifor trur du han seier at det også er viktig at novisane lærer måtehald med mobilen og at dei må passe på at dei ikkje misser fokus på kva som er viktig i klosteret?


Oppgåver 

1.    La elevane lese meir om Laos her og last ned landark her. Gruppeoppgåve: Lag ei tidslinje over Laos si historie med utklipp og fakta og presenter for klassen.

2.      Gå inn på ssb.no og finn statistikken: Befolkninga i Noreg etter alder og rekn ut kor stor del av befolkninga i Noreg som er under 15 år. 

3.      Lag ei liste/oversikt der de samanliknar utdanningssystema i Laos og Noreg.

4.     Gå gjennom barna sine rettar i barnekonvensjonen. Syns de nokre av desse rettane er viktigare enn andre? Kvifor?

5.    Gå inn på fn.no og finn fram til artikkel 18 i menneskerettserklæringa. Kva seier denne om religionsfridom? Er det religionsfridom i Laos?  


Kompetansemål

KRLE (10. trinn):                                                                                                                                                                  

  • Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom                                                                                                                                          

Samfunnsfag (10. trinn):                                                                                                                                                        

  • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag                                                                                                     
  • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd. 

Last ned

Lærerveiledning 8.-10. trinn (bokmål)

Last ned