• Hjem >
  • Religion i Laos, 1.- 4. trinn

Religion i Laos, 1.- 4. trinn

I Laos er det fleire ulike religionar, den aller største er buddhismen. I følgje buddhismen blir ein født på ny etter døden. Kva for eit liv ein får avhenge av korleis ein oppførte seg i det forrige livet. Målet for ein buddhist er å nå Nirvana.

I byane er det mange flotte tempel og statuar av Buddha. Templa er buddhismen heilage bygg. Der bor munkane, men dei er og opne for vanlege menneske. Kvar morgon ser du munkar i oransje kappar som går gatelangs for å samle inn mat for folk har førebudd, til gjengjeld syng munkane ein bøn eller velsigning for folket. Dei fleste gutane i Laos lev i ein kortare eller lengre periode i tempel.

I denne filmen besøker vi eit tempel og blir kjent med nokre av dei som bur der. Novise Jonny er 13 år og har levd to år i tempelet. Ein novise er ein slags læregut i tempelet. Novisene lever som munkar, men er ikkje utdanna og utnemnde munkar endå.

Novise Jonny søv på rom saman med novise Anoat på 15 år og novise Anoson på 12 år. Alle tre kom til tempelet då dei var elleve år gamle. Dei er gode venner, og har saman med vaksenmunken Mangsiso blitt litt som ein liten familie.

I filmen får vi også lære at dei fleste urfolksgruppene i Laos ikkje er buddhistar, men har si eiga tru. Mange trur på ulike ånder som lever blant folk, i naturen og i menneskjene.

Refleksjonssamtale

  • Var det noko i episoden som overraska dykk? I så fall, kva?
  • Kva lærte dykk om buddhismen i denne filmen?
  • Kva trur mange av urfolka i Laos på?
  • Buddhismen er ein av dei store verdsreligionane. Kva er det andre verdsreligionane?
  • Kvifor bur så mange gutar i Laos i kloster?
  • Korleis trur du det hadde vore å bu i kloster? Kva såg kjekt ut? 
  • Var det noko med korleis novisene og munkane lever som overraska deg?

Oppgåver

1.     Lag ein veggplakat om buddhismen og munkane sin kvardag.

2.    Bli inspirert av det flotte tempelet, og lag eit måleri eller teikning med motiv frå Laos.