• Hjem >
  • Religion i Laos, 5.- 7. trinn

Religion i Laos, 5.- 7. trinn

I Laos er det fleire ulike religionar, den aller største er buddhismen. I følgje buddhismen blir ein født på ny etter døden. Kva for eit liv ein får avhenge av korleis ein oppførte seg i det forrige livet. Målet for ein buddhist er å nå Nirvana.

I byane er det mange flotte tempel og statuar av Buddha. Templa er buddhismen heilage bygg. Der bor munkane, men dei er og opne for vanlege menneske. Kvar morgon ser du munkar i oransje kappar som går gatelangs for å samle inn mat for folk har førebudd, til gjengjeld syng munkane ein bøn eller velsigning for folket. Dei fleste gutane i Laos lev i ein kortare eller lengre periode i tempel.

I denne filmen besøker vi eit tempel og blir kjent med nokre av dei som bur der. Novise Jonny er 13 år og har levd to år i tempelet. Ein novise er ein slags læregut i tempelet. Novisene lever som munkar, men er ikkje utdanna og utnemnde munkar endå.

Novise Jonny søv på rom saman med novise Anoat på 15 år og novise Anoson på 12 år. Alle tre kom til tempelet då dei var elleve år gamle. Dei er gode venner, og har saman med vaksenmunken Mangsiso blitt litt som ein liten familie.

I filmen får vi også lære at dei fleste urfolksgruppene i Laos ikkje er buddhistar, men har si eiga tru. Mange trur på ulike ånder som lever blant folk, i naturen og i menneskjene.


Refleksjonssamtale

  • Kva lærte dykk om buddhismen i denne filmen?
  • Kvifor trur dykk munkene barberar hovudet, og berre har lov til å eige ei matbolle og ein kappe?
  • Kva trur mange av urfolka i Laos på?
  • Buddhismen er ein av dei store verdsreligionane. Kva er det andre verdsreligionane?
  • Korleis trur du det hadde vore å bu i kloster? Kva såg kjekt ut?
  • Var det noko med korleis novisene og munkane lever som overraska deg?
  • Kva trur du munken Mangsiso meiner med at teknologien kan vere vakker og at ein mobiltelefon kan vere eit hjelpemiddel for novisane?
  • Kvifor trur du han seier at det også er viktig at novisane lærer måtehald med mobilen og at dei må passe på at dei ikkje misser fokus på kva som er viktig i klosteret?

Oppgåver

1.     Lag ein veggplakat om buddhismen og munkane sin kvardag.

Kompetansemål

KRLE (7. trinn):                                                                                                                                                                   

  • Beskrive og presentere noen sentrale rituelle praksiser og etiske normer fra østlige og vestlige religioner og livssynstradisjoner                                                                                                                          
  • Bruke fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn