• Hjem >
  • Religion i Laos, 8.- 10. trinn

Religion i Laos, 8.- 10. trinn

I Laos er det fleire ulike religionar, den aller største er buddhismen. I følgje buddhismen blir ein født på ny etter døden. Kva for eit liv ein får avhenge av korleis ein oppførte seg i det forrige livet. Målet for ein buddhist er å nå Nirvana.

I byane er det mange flotte tempel og statuar av Buddha. Templa er buddhismen heilage bygg. Der bor munkane, men dei er og opne for vanlege menneske. Kvar morgon ser du munkar i oransje kappar som går gatelangs for å samle inn mat for folk har førebudd, til gjengjeld syng munkane ein bøn eller velsigning for folket. Dei fleste gutane i Laos lev i ein kortare eller lengre periode i tempel.

I denne filmen besøker vi eit tempel og blir kjent med nokre av dei som bur der. Novise Jonny er 13 år og har levd to år i tempelet. Ein novise er ein slags læregut i tempelet. Novisene lever som munkar, men er ikkje utdanna og utnemnde munkar endå.

Novise Jonny søv på rom saman med novise Anoat på 15 år og novise Anoson på 12 år. Alle tre kom til tempelet då dei var elleve år gamle. Dei er gode venner, og har saman med vaksenmunken Mangsiso blitt litt som ein liten familie.

I filmen får vi også lære at dei fleste urfolksgruppene i Laos ikkje er buddhistar, men har si eiga tru. Mange trur på ulike ånder som lever blant folk, i naturen og i menneskjene.


Refleksjonssamtale

  • Var det noko i episoden som overraska dykk? I så fall, kva?
  • Forklar ulike uttrykk for religion i Laos.
  • Kan dykk nemne nokon uttrykk for religion i Noreg? Kva er likt og kva er ulikt mellom Noreg og Laos?
  • Var det noko med korleis novisene og munkane lever som overraska deg?
  • Kva trur du munken Mangsiso meiner med at teknologien kan vere vakker og at ein mobiltelefon kan vere eit hjelpemiddel for novisane?
  • Kvifor trur du han seier at det også er viktig at novisane lærer måtehald med mobilen og at dei må passe på at dei ikkje misser fokus på kva som er viktig i klosteret?
  • Var det noko med korleis novisene og munkane lever som overraska deg?
  • Kva trur du munken Mangsiso meiner med at teknologien kan vere vakker og at ein mobiltelefon kan vere eit hjelpemiddel for novisane?
  • Kvifor trur du han seier at det også er viktig at novisane lærer måtehald med mobilen og at dei må passe på at dei ikkje misser fokus på kva som er viktig i klosteret?

Oppgåver

1. I denne filmen blir vi kjent med ein del ritual i buddhismen. Vel ein av dei andre verdsreligionane og skriv ein tekst om dei viktigaste rituala i denne religionen og kvifor du trur det er viktig med ritual i religion. 

2. Gå inn på fn.no og finn fram til artikkel 18 i menneskerettserklæringa. Kva seier denne om religionsfridom? Er det religionsfridom i Laos?  

Kompetansemål

KRLE (10. trinn):                                                                                                                                                               

  • Utforske og presentere sentrale trekk ved kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner og deres utbredelse i dag.                                                                                                                                    
  • Gjøre rede for og relfektere over samenes og andre urfolks religions- og livssynstradisjoner