I verda i dag lever omtrent ein milliard menneske med nedsett funksjonsonsevne og over halvparten av barna med funksjonsnedsetjing som lever i utviklingsland får ikkje gå på skule. Grunnane er mange. Ein kan vere at skulevegen er for lang, ein annan at familien ikkje har råd til nødvendige hjelpemidlar. Ein tredje grunn kan vere at skulen ikkje er tilpassa barnet med nedsett funksjonsevne. Mange gangar er det også slik at læraren ikkje ynskjer at elevane med nedsett funksjonsevne kjem på skulen fordi han eller ho ikkje har tid, eller ikkje veit korleis ein underviser barn med andre behov enn dei funksjonsfriske. Eit liv med nedsett funksjonsevne kan vere utfordrande uansett kor i verda ein bur, men når ein lever i fattigdom er det gjerne ekstra tøft. Fleire stadar har både unge og vaksne ei dårleg haldning til menneske med nedsett funksjonsevne. Det betyr at dei mobbar dei og behandlar dei skikkeleg ugreitt. Mange barn med nedsett funksjonsevne opplever å bli utsett for vald, også av sine eigne foreldre.
I denne filmen møter vi Johanna som bur i ein liten landsby i Zambia saman med familien sin. Johanna har ei funksjonsnedsetjing som gjer at ho blir behandla annleis enn barn på same alder. Gjennom Johannas historie får vi lære meir om korleis det er å leve med ei funksjonsnedsetjing i eit fattig land som Zambia. Vi ser at hennar funksjonsnedsetjing avgrensar livet hennar, men også at desse avgrensingane i hovudsak stammar frå fordommar, skam og tilgang på ressursar for å legge til rette for at ho skal kunne leve eit så normalt liv som mogleg.
Dette undervisningsopplegget tar for seg korleis å leve med ei funksjonsnedsetjing kan påverke retten til utdanning. Det gir også innsikt i barna sine levekår ulike stadar i verda.
Før filmen startar oppfordrar vi klassen til å diskutere kva nokre av omgrepa som blir brukte i filmen betyr:
Samfunnsfag (4. trinn):
KRLE (4. trinn):