• Hjem >
  • Skule i Laos 5.- 7. trinn

Skule i Laos 5.- 7. trinn

Dei fleste urfolksgruppene som lever i fjella i Laos lever i fattigdom. Det kan vere vanskeleg for dei å få seg jobb utanfor landsbyane, fordi dei ikkje snakkar Lao, som er hovudspråket i Laos. Lao er også undervisningsspråket på skulen. Difor er det vanskeleg for mange av elevane frå urfolksgruppene, dei snakkar jo sitt eige språk og skjønar ikkje kva læraren seier! Dei fleste vaksne har aldri gått på skule, og kan verken lese eller skrive. I dag er det framleis mange barn som ikkje går på skulen, og av dei som byrjar på skulen er det mange som sluttar før dei er ferdige. Dette gjer det vanskeleg å kome seg ut av fattigdommen.

I denne filmen besøkjer vi fire ulike skular, og ser korleis kvardagen er for elevar og lærarar.

Refleksjonssamtale

·     Kvifor er det vanskeleg på skulen for mange av barna i filmen?

·     Kvifor sluttar mange barn i Laos på skulen når dei er 11-12 år?

·     Kvifor er det viktig at også urfolka lærer seg lao-språket?

·     Syns de det er viktig å lære om eigen kultur og språk? Kvifor/Kvifor ikkje?

·     Korleis trur du ditt liv ville blitt som vaksen dersom du måtte slutte på skulen når du var 11 år?


Oppgåver

1. Lær meir om skulen i Laos her. Snakk saman om kva som er likt og kva er ulikt mellom skulen til Mano og din skule?

2. Les dagbøker skrive av barn i Laos her. Skriv ned kva oppgåver du hjelper til med heime. Er det noko som er likt som hjå barna i Laos? 

Kompetansemål

Samfunnsfag (7. trinn):                                                                                                                                                       

  • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der                                                                                                                         
  • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land