• Hjem >
  • Skule i Laos 8.- 10. trinn

Skule i Laos 8.- 10. trinn

Dei fleste urfolksgruppene som lever i fjella i Laos lever i fattigdom. Det kan vere vanskeleg for dei å få seg jobb utanfor landsbyane, fordi dei ikkje snakkar Lao, som er hovudspråket i Laos. Lao er også undervisningsspråket på skulen. Difor er det vanskeleg for mange av elevane frå urfolksgruppene, dei snakkar jo sitt eige språk og skjønar ikkje kva læraren seier! Dei fleste vaksne har aldri gått på skule, og kan verken lese eller skrive. I dag er det framleis mange barn som ikkje går på skulen, og av dei som byrjar på skulen er det mange som sluttar før dei er ferdige. Dette gjer det vanskeleg å kome seg ut av fattigdommen. 

I denne filmen besøkjer vi fire ulike skular, og ser korleis kvardagen er for elevar og lærarar.

Refleksjonssamtale

·     Kvifor er det vanskeleg på skulen for mange av barna i filmen?

·     Kvifor sluttar mange barn i Laos på skulen når dei er 11-12 år?

·     Kvifor er det viktig at også urfolka lærer seg lao-språket?

·     Syns de det er viktig å lære om eigen kultur og språk? Kvifor/Kvifor ikkje?

·     Korleis trur du ditt liv ville blitt som vaksen dersom du måtte slutte på skulen når du var 11 år?


Oppgåver

1.    Gruppevis: Lag ei liste/oversikt der de samanliknar utdanningssystema i Laos og Noreg.

2.     Gruppevis: Les om elevar og lærarane sine utfordringar på skulen i ein liten akha-landsby i Tøft å vere lærar. Intervju ein av dine lærarar, og spør om korleis dei syns det er å vere lærar. Inkluder spørsmål som; 

-      Kvifor blei dei lærarar?

-      Kva er det mest utfordrande med å vere lærar?

-      Kva er det beste med å vere lærar? 

-      Kan han/ho tenkje seg å vere lærar i andre land enn Noreg? 

Kompetansemål

Samfunnsfag (10. trinn):                                                                                                                                                    

  • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag