Å jobbe på ein teplantasje

Dette er eit undervisningsopplegg for 5.-7.trinn beståande av ein film og matteoppgåver. Tema er urettferdig handel, og vi skal bli kjent med nokre damer som jobbar på ein te-plantasje i Bangladesh. Damene må fylle 23 nett kvar dag for i det heile tatt å få betalt. Lønna er 8 kroner dagen, men viss dei fyller mindre enn 23 nett får dei ingenting. Lærar-rettleiing med fasit til matteoppgåvene kan ein laste ned nedst på sida. 

 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kva kan du få for 8 kroner her i Noreg?

  • Kvifor trur de at lønningane er så låge på te-plantasjane? Kven tener på at lønningane er så låge?

  • Kan du tenke deg å betale meir for teen du kjøper her i Noreg viss det medførte at te-arbeidarane fekk betre lønn?


MATTEOPPGAVER  

  1. Ein gjennomsnittsnordmann jobbar 1750 timar i året (utanom ferie). Ein arbeidar på te-plantasjen har ikkje ferie, og jobbar 6 dagar i veka.

    a.     Kor mange timar i året jobbar ein teblad-plukkar dersom han/ho jobbar gjennomsnittleg åtte timar kvar arbeidsdag? Det er 52 veker i eit år. b.   Kor mange fleire timar jobbar te-plukkaren enn nordmannen på eit arbeidsår?

  2. Gjennomsnittleg dagsløn for ein te-plukkar er 8 kroner. Ein nordmann har i gjennomsnitt 286 kroner per time.

    a.     Kva er dagsløna til ein gjennomsnittsnordmann (som jobbar 8 timar per dag)?

    b.     Cirka kor lenge må ein nordmann jobbe for å tene 8 kroner?

    c.     Kva tenkjer du om skilnaden på kor mykje ein jobbar i Bangladesh og Noreg, og skilnaden på kor mykje ein tener i disse to landa?

  3. En te-arbeidar tener 8 kroner på ein dag når han/ho klarar å plukke 23 kilo te-blad. Dette gir 5,5 kilo ferdig behandla te. (Det er omlag 1 kilo med te-blad i kvart nett te-plukkarane fyller opp ute på te-plantasjen).

    a.     Kor mange kilo te-blad plukkar ein i løpet av ei arbeidsveke når ein plukkar 23 kilo kvar dag? (Husk dei har fri ein dag i veka)

    b.     I produksjonen av te er det fleire ledd som skal få betalt: te-plukkar, den lokale te-fabrikken, teselskapet (Twinings, Pukka o.l.), transport og butikk i Noreg. Kor mange prosent meiner du at kvart av desse ledda burde fått betalt? Fordel 100 prosent på dei fem ledda på ein måte som du meiner er rettferdig.

    c.     Ein te-plukkar i Bangladesh tener omlag 50 øre (0,50 kroner) per kilo med ferdig behandla te. Ein pakke te kjøpt i butikk i Noreg inneheld om lag 30 gram og kostar 50 kroner. Kva blir kiloprisen i butikken i Noreg? Kva tenkjer du om dei store skilnadane på kva te-arbeidaren tener per kilo, og kiloprisen i butikken?



LAST NED

Lærerveiledning med tekst
og oppgaver i PDF-format.


KOMPETANSEMÅL

    • Reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete

    • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land