Å vere barn på ein te-plantasje i Bangladesh

Fatima er 12 år. Ho bur på ein te-plantasje saman med familien sin. Ho likar å hoppe paradis, gå på skulen, og så elskar ho tyggegummi med jordbærsmak. – Familien min er ganske stor. Vi er: bestemor, bestefar, mamma, pappa, storesøster, storebror, kona til storebror, dottera til storebror, sonen til storebror, veslesøster ein og veslesøster to, fortel Fatima – Også har eg ein storebror til, men han bur i Dhaka.

Heile den store familien til Fatima bur i eit lite jordhus. Huset leiger dei av te-selskapet. Te-selskapet eig te-plantasjen der foreldra jobbar. Heile landsbyen består av arbeidarar på te-plantasjen, og alle innbyggjarane leiger husa sine av te-selskapet. – Eg har mange gode venner i nabohusa, seier Fatima. – Vi har jo alltid budd her, alle saman.

Mor plukker te

IKKJE ALLE GÅR PÅ SKULEN

Fatima har gått fem år på skulen. Ho slutta i fjor, då hadde ikkje foreldra råd til å sende henne på skulen lenger fordi dei hadde behov for arbeidskrafta hennar på te-plantasjen. – Eg skulle gjerne gått fleire år på skulen, men det er ikkje så mange som går meir enn fem år. Eg er heldig som fekk gå på skulen i det heile tatt. Storebroren og storesøstera mi fekk aldri gå på skulen, forklarer Fatima.

Nå jobbar Fatima kvar dag, tre timer om dagen, på te-plantasjen. Resten av dagen passar ho småsøskena sine og gjer husarbeid. Då vi spurte henne om ho pleier å leike, svarte ho at det skjedde somme gonger. – På fredagar jobbar vi ofte litt mindre på te-plantasjen. Då hender det at eg spring over til venninna mi, Maria, og så hoppar vi paradis.

Damene i te-plantasjelandsbyen

STOREBROR I DHAKA

Storebroren til Fatima bur i Dhaka. Der har han budd i åtte år. Han jobbar på ein skofabrikk. To gonger har han vore heime og besøkt familien på te-plantasjen. – Det var veldig kjekt då han var heime, seier Fatima med eit litt trist ansiktsuttrykk. – Det er veldig dyrt å reise hit frå Dhaka, og så har han ikkje så mykje fri, så han kan ikkje kome på besøk så ofte.

Då storebroren kom på besøk fortalde han om korleis livet var i storbyen. Det er veldig annleis enn livet på te-plantasjen. Dei fleste som bur her, har aldri vore utanfor plantasjen. Og så hadde broren med tyggegummi med jordbærsmak. – Har du smakt tyggegummi med jordbærsmak? spør Fatima. – Det er det beste eg har smakt, fortel ho med stjerner i augo.

MENNESKERETTANE GJELD IKKJE FOR OSS

Livet er veldig tøft for familiane som bur på te-plantasjane. – Vi har lært om menneskerettane på skulen, fortel Fatima, men eg trur plantasjeeigarane her har gløymt at dei gjeld for oss også. Hunden til direktøren har finare hus enn oss, seier ho vidare og himlar med augo.

– Pappa seier at mykje av grunnen til at politikarane i landet ikkje straffar dei som behandlar arbeidarane sine dårleg er fordi dei ikkje har tid til å tenke på folket i landet vårt.

Det er for mange problem på ein gong. Dei klarer ikkje å løyse alt, forklarer Fatima.

DRØYMER OM FRAMTIDA

– Eg har lyst til å flytte til Dhaka, til storebroren min, seier Fatima med eit lurt smil. – Eg kan bu hjå han, og så kan eg kanskje jobbe som hushjelp hjå nokre rike utlendingar. Og så kan eg tygge jordbærtyggegummi heile tida, seier ho medan ho ler høgt.

Fakta om utdanning

Utdanningssystemet i Bangladesh er ganske likt det norske. Barneskulen er delt i to; barnetrinnet frå 1.-4.klasse og mellomtrinnet frå 5.-8.klasse. Ungdomsskulen er frå 9.-10.klasse og vidaregåande frå 11.-12.klasse.

Sjølv om Bangladesh har eit system for utdanning betyr ikkje dette at alle barn går på skulen. Mange barn droppar ut av skulen etter berre nokre få år. Ein av tre sluttar før dei har fullført barneskulen. Nokre barn må jobbe, andre giftar seg og får barn. Dette gjer at dei sluttar på skulen. Mange har heller ikkje tilgang til ein god skule med utdanna lærarar.

I tillegg ligg store deler av Bangladesh rett over havnivået. Når snøen smeltar i fjella i Himalaya, og renn ned gjennom Bangladesh og ut i havet, fløymer alle elvane over og blir til store innsjøar. Dette gjer at nokre stadar er skulane under vatn halve året. Andre stadar kjem ikkje elevane seg til skulen, fordi det har kome ein innsjø mellom heimen og skulen. 

Fakta om by og landsby

Dei aller fleste bengalarar bur på landsbygda. Likevel er hovudstaden i Bangladesh, Dhaka, ein av dei største byane i verda. Det bur omlag 20 millionar menneske i byen. Befolkninga i Dhaka har eksplodert dei siste åra, særleg i slumområda. Ein tredjedel av befolkninga på landsbygda lever i fattigdom. Mange av desse lever i ekstrem fattigdom. I byane lever ein femtedel i fattigdom.

Mange migrerer frå landsbygda til byen med håp om ei betre framtid og fleire sjansar til å få seg jobb. Det er vanskeleg for menneske utan utdanning å få ein god jobb i byen. Mange endar opp med å ta ein veldig dårleg betalt jobb med dårlege arbeidsforhold, og då endar dei opp med å måtte bu i slummen.

Fakta om Bangladesh si historie

Ulike land har opp gjennom historia styrt over Bangladesh. Dette er mykje av grunnen til at Bangladesh har blitt som det er i dag.

På 1760-tallet etablerte britane det Østindiske-selskapet i landet. Frå då kan ein seie  at det var eit selskap som eigde heile Bangladesh og nabolanda. Både England og selskapet ville tene mest mogleg pengar og brydde seg ikkje så mykje om innbyggarane i Bangladesh.

Bangladesh høyrde lenge til India. I 1947 blei India delt. Bangladesh blei underlagt Pakistan og fekk namnet Øst-Pakistan. Usemja mellom Øst-Pakistan og Pakistan blei større og større i 1960-åra. Dette førte til slutt til ein veldig blodig krig mellom Pakistan og Bangladesh i 1971. Mellom 300 000 – 500 000 menneske blei drepne, og mellom åtte og ti millionar menneske flykta til India. India blei etter kvart med i krigen for å forsvare Bangladesh. 16.desember 1971 gav Pakistan opp og Bangladesh blei ein sjølvstendig stat, etter mange hundre år under andre land sitt styre.

Bangladesh har hatt store sår etter den blodige krigen i 1971. Mange mista nokon dei var glade i og mange kvinner blei voldtatt. Samstundes måtte landet bli demokratisk. Åra etter at landet blei sjølvstendig har krangling mellom politiske leiarar øydelagt mykje for utviklinga av demokratiet.

På 1990-talet endra dette seg og fleire frie val ble gjennomført. Vala har vore meir eller mindre frie sidan då, men politikarane er framleis usamde og kranglar mykje seg i mellom. Dette har gjort at politikken ikkje først og fremst har handla om å bygge landet, men heller om å krangle om kven som skal bestemme. Bangladesh er kjenneteikna som eit av dei mest korrupte landa i verda.

Forklaring av vanskelege ord:

Demokrati: betyr folkestyre – at folket styrer. Det betyr at viljen til fleirtalet skal bestemme. I demokratiske land vel innbyggarane politikarane dei stoler på skal styre slik veljarane ønskjer. 

Eksportere: betyr å selje ei vare til eit anna land. Noreg eksporterer til dømes olje, fisk og trer. 

Frie val: Eit val kan vere at elevane i ein klasse rekk opp handa viss dei røyster for ei sak, og viss dei som røyster for er fleire enn dei som røyster imot, vinn dei saka. Det kan også vere ved val av politikarar. For at eit val skal vere fritt, må alle kunne delta– både menn og kvinner, uansett hudfarge og etnisitet. 

Gjeld: får ein når ein tar opp lån. Viss ein tar opp eit lån på til dømes 100kr, har ein 100kr i gjeld. Dei som låner ut pengar legg ofte på renter på lånet. Det betyr at ein må betale tilbake litt meir enn det ein har lånt. Difor veks gjelda dersom ein ikkje betaler tilbake med ein gong. 

Korrupsjon: Når ein person er korrupt driv ein med korrupsjon. Korrupsjon betyr at ein gir fordeler til ein person mot at ein sjølv får fordeler tilbake. Dette kan til dømes vere at ein betaler ein politimann for å ikkje melde deg viss ein har gjort noko ulovleg. Eller det kan vere ein politikar som får pengar, eller ein ny bil, dersom han ikkje endrar ei lov. 

Migrere: Betyr å flytte. Ein person som flyttar er ein migrant. 

Plantasje: Ein stor jordeigendom der det til dømes blir dyrka bananar, kaffi, te eller bomull. Dei fleste plantasjar er i tropiske land, og gjerne fattige land. Her er ofte plantasjeeigarane veldig rike og arbeidarane veldig fattige. Dette gjer at arbeidarane må godta dårlege lønningar og å bli behandla dårleg, dei har ikkje noko val. 

Slum: Ein del av ein stor by, der menneska lever trongt og i fattigdom. Det er eit område med dårleg tilgang til vatn og elektrisitet, og der det ikkje er skule eller helsestasjoner.

Oppgåver

Under er forslag til spørsmål til teksten, refleksjonsspørsmål og påstandar (samde/usamde). For å svare på påstandane kan elevene gå til høgre side av klasserommet viss dei er samde,  venstre viss dei er usamde, og etterpå diskutere kvifor dei gjekk der dei gjekk. 

Historie og demokrati

Spørsmål

1) a. I kva årstal blei Bangladesh sjølvstendig? b. I kva årstal blei Noreg sjølvstendig?

2) Veit du kor lenge Bangladesh har vore eit demokratisk land?

3) Kva heiter selskapet som styrte Bangladesh i ein lang periode?

4) Kvifor lever mange menneske i fattigdom i Bangladesh? 

5) Forklar med eigne ord kva demokrati er

Refleksjonsspørsmål

6) Kva trur du er forskjellen på å bli styrt av eit demokrati og av eit firma som ønskjer å tene pengar? 

7) Kva trur du er forskjellen på å bli styrt av eit demokrati og av leiarane i eit anna land?

8) Kan du kome på fem grunnar til kvifor demokrati er bra?

Sand/usand?

I 1814 blei demokrati innført i Noreg– men bare 7,5 prosent av befolkninga kunne røyste – menn over 25 år, med godt yrke og eigedom. Kvinner fekk røysterett i 1913.

9) Var Noreg eit demokratisk land i 1814?

10) Bangladesh er eit fattig land fordi landet ikkje alltid har hatt demokrati?

Utdanning

Spørsmål

1) Kvifor er det så mange elevar i Bangladesh som ikkje fullfører skulen?

2) Kvifor er det færre jenter enn gutar som fullfører skulen i Bangladesh? 

3) Har foreldra til Fatima gått på skulen?

Refleksjonsspørsmål

4) Kor mykje kostar det å gå på skule i Noreg? Må me handle noko inn til skulestart, eller er det heilt gratis å gå på skulen?

5) Kvifor er det viktig at lærarar har god utdanning? Kan du kome på minst tre grunnar?  

6) Kvifor er det spesielt viktig at barn i fattige land får høve til å gå på skule?

Enig/uenig?

7) Barnearbeid er greitt viss barna tener pengar til å betale for sin eigen skulegang

8) Det er betre å gå på skule med ein lærar utan utdanning enn å ikkje gå på skulen i det heile tatt

Fattigdom i by og landsbygd

Spørsmål

1) Kvifor ønskjer mange å flytte frå landsbygda og inn til dei store byene i Bangladesh?

Refleksjonsspørsmål

2) Kvifor det er meir fattigdom på landsbygda enn i byane i Bangladesh?

3) Kva trur du er likt og ulikt ved å vekse opp i ein by i Bangladesh og i Noreg? 

4) Kva trur du er likt og ulikt ved å vekse opp på landsbygda i Bangladesh og i Noreg?

Sand/usand?

5) Menneske som lever i fattigdom bør flytte inn til byen for å få seg ein jobb og tene pengar.

Helse

Refleksjonsspørsmål

1) Korleis trur du det hadde vore å bu i Noreg dersom det ikkje var sjukehus eller legar til alle innbyggarane?  Skriv minst tre punkt. 

Te-plantasjer

Refleksjonsspørsmål

1) Korleis trur du det er å leve på ein te-plantasje?

2) Kvifor trur du at nokre menneske må leve som Fatima og familien hennar?

3) a. Veit du kor mykje ein pakke te i Noreg kostar? b. Kven trur du tener mest på ein pakke te?

Fattigdom

1)  Kva trur du er forskjellen mellom å leve i fattigdom i Noreg og i Bangladesh? 

2) Kvifor trur du at nokre land er fattige og andre land er rike? Skriv minst fire setningar.

3) Kvifor trur du at berre dei rike blir rikare og dei fattige berre held fram med å vere fattige i Bangladesh?