Arbeidsforhold i Bangladesh

I filmen fortel Nobel om arbeidsforhold i Bangladesh. 

Ris og fiske

I Bangladesh er det veldig fruktbar jord. Det regnar jo så mykje, så det er perfekte forhold for å dyrke ris. Halvparten av alle som jobbar i landet, jobbar på ein ris-åker når det er regntid. Når det ikkje er regntid driv mange med fiske.

Arbeidarane på ris-åkeren får veldig dårlig betalt. Dei som eig ris-åkeren vil tene masse pengar, så dei gir dårleg lønn til arbeidarane sine. Ris er veldig billeg i rike land, og det er ein av grunnane til at dei som eig rismarkene ikkje betaler nok lønn til arbeidarane sine.


Flyttar til byen

Fordi arbeidarane tener så dårleg på rismarkene vel mange å flytte inn til dei store byane for å tene pengar. Ofte endar dei opp med å måtte jobbe på stadar der dei tener veldig lite og der det kan vere farleg å arbeide. Store deler av den vaksne befolkninga har nesten ikkje gått på skulen, og då blir det vanskeleg å få seg ein god jobb. Å vere seljar på gata eller jobbe i ein fabrikk kan vere vanskeleg. Det kan også vere vanskeleg å bu borte frå familien sin.


Farlege arbeidsforhold

I 2013 var det ein stor bygning som raste saman i Dhaka. I bygningen var det fleire tusen arbeidarar som jobba med å sy billige klede til rike land. Bygningen var ikkje sikker, den var altfor høg og det var altfor mange menneske inni den. Det var ganske mange menneske som døydde og blei såra her. Nå er det ingenting igjen av bygningen.

Heldigvis har både befolkninga i Bangladesh, og politikarar både i Bangladesh og i rike land, sett kor farlege arbeidsforhold det er for arbeidarane i desse fabrikkane. Nå har det blitt strengare oppfølging av klesfabrikkane i landet.

Klassesamtale:

  • Kva er fint med å bu i byen og kva er fint med å bu på landet?
  • Kva kan vere vanskeleg med å bu i byen? Og på landet?
  • Kvifor flyttar mange i Bangladesh frå landet til byane?
  • Korleis trur de det er å flytte åleine til ein by med 20 millionar menneske?
  • Kva er det viktigaste ein kan gjere for å sleppe å måtte jobbe på stadar der dei tener veldig lite og der det kan vere farleg å arbeide?
  • Kva er det viktigaste: at vi får billege klede og ris i Noreg, eller at dei som jobbar på fabrikken og rismarka i Bangladesh har det trygt på jobb og får ei lønn dei kan leve av?