Barn frå Noreg ringer til barn frå Bangladesh

I filmen får de sjå at elevane spør kvarandre om kva dei veit om Noreg og om Bangladesh, der dei bur og kva dei likar å ete og gjere på fritida.


Oppgåver til filmen

  1. Nemn tre ting som er likt for barna frå Noreg og barna frå Bangladesh. 
  2. Lag ein tabell med to kolonnar.
    1. På den eine sida skriv du opp ting som du trur og meiner er likt for barn i Noreg og Bangladesh.
    2. På den andre sida skriv du ting du trur er ulikt for barn i Noreg og Bangladesh.
    3. Studer tabellen du har fylt ut og samanlikn tabellen din med ein som klassekameraten din har laga.
    4. Diskuter gjerne i klassen med utgangspunkt i tabellane deira: Er barna i Noreg og Bangladesh mest like eller ulike. Kva meiner de?