Bli kjent med Bangladesh

Mykje mindre enn Noreg, men over 160 millionar innbyggarar. Den lukkeligaste befolkninga i verden, samstundes er landet eit av verdas fattigaste land. Bli med til Bangladesh, eit fargerikt land!

Geografi

Nesten heile Bangladesh er lågland, om lag 90 prosent ligg berre mellom 0,5 og 10 meter over havet (moh). Dei einaste fjella ligg i nordaust og søraust. Dei fleste av desse fjella er berre mellom 240 og 600 moh. Det høgaste fjellet heiter Keokradong. Det er 1230 moh. og ligg heilt søraust i landet.


Landet har over 800 elvar. Dei største elvane er Padma og Mamuna (Jamuna på engelsk). Desse elvane renn frå India, der dei blir kalla Ganges og Brahmaputra. Brahamputra renn heilt frå Kina. 

Når det er regntid, og snøen smeltar i Himalaya, renn det veldig mykje meir vatn i elvane. Dette gjer at elvane fløymer over og blir til store innsjøar. 

I sørvest ligg eit område der det nesten ikkje bur folk. Området er dekka av ein skog som er så tett at det nesten ikkje går an å gå gjennom den. Skogen strekkjer seg inn i India. Her finnest det blant anna bengaltiger. 

Klima og klimaendringar

Når elvane fløymer over og blir til innsjøar fører det til at mange skular står under vatn mange elevar ikkje kjem seg til skulen. Ikkje berre fløymer elvane over, Bangladesh har også fått smake på ekstremvêr. Kvart år opplever landet rundt 16 syklonar. 

Heldigvis har innbyggarane i Bangladesh lært å beskytte seg betre mot ekstremvêr og flaum. Sjølv om landet har fått meir ekstremvêr dei siste åra, er det færre som blir drepne eller skada nettopp fordi dei er betre forberedt. Syklonane fører med seg ekstremt sterke vindar og flodbølger som fører til store øydeleggingar. Dei siste åra har syklonane blitt sterkare.

Plante og dyreliv


16 prosent av Bangladesh er dekka av skog. Heilt i sør, i deltaområda, blir skogen kalla mangroveskog. Mangroveskog betyr skog som også kan vekse når områda står under vatn. 

Det finst fleire artar kattedyr, revar, grevlingar og snikekattar i Bangladesh, og i tillegg store planteetarar som villsvin, hjortar og vassbøffel. Framleis finst det nokre få indiske elefantar, bengaltigarar og leopardar. 

I den store elva Padma lever gangesdelfinen og to krokodilleartar. Det er mange flotte, store fuglar i Bangladesh, blant anna; storadjutant (ein stork), gribbar, vaktlar, bietere, løvfuglar og solfuglar.

Historie

Ulike land har opp gjennom historia styrt over Bangladesh. Dette er mykje av grunnen til at Bangladesh har blitt som det er i dag. 

På 1760-tallet, då Bangladesh var ein del av India, etablerte britane det Østindiske-selskapet i India. Frå då av kan ein på ein måte seie at det var eit selskap som eigde heile Bangladesh og nabolanda. Både England og selskapet ville tene mest mogleg pengar og brydde seg ikkje så mykje om innbyggarane i Bangladesh.  

I 1947 blei India delt. Bangladesh blei underlagt Pakistan og fekk namnet Øst-Pakistan. Usemja mellom Øst-Pakistan og Pakistan blei større og større i 1960-åra. Dette førte til slutt til ein veldig blodig krig mellom Pakistan og Bangladesh i 1971. Mellom 300 000 – 500 000 menneske blei drepne, og mellom åtte og ti millionar menneske flykta til India. India blei etter kvart med i krigen for å forsvare Bangladesh. 16.desember 1971 gav Pakistan opp og Bangladesh blei ein sjølvstendig stat, etter mange hundre år under andre land sitt styre. 

Bangladesh har hatt store sår etter den blodige krigen i 1971. Mange mista nokre dei var glade i og mange kvinner blei misbrukt. Samstundes måtte landet bli demokratisk. Åra etter at landet blei sjølvstendig har krangling mellom politiske leiarar øydelagt mykje for utviklinga av demokratiet.  

På 1990-tallet endra dette seg, fleire frie val blei gjennomførte. Vala har vore meir eller mindre frie sidan då, men politikarane er framleis usamde og kranglar mykje seg i mellom. Dette har gjort at politikken ikkje først og fremst har handla om å bygge landet, men heller om å krangle om kven som skal bestemme. I tillegg blir Bangladesh kjenneteikna som eit av dei mest korrupte landa i verda.


Styresett

Bangladesh er ein demokratisk republikk. Det betyr at presidenten i landet og nasjonalforsamlinga blir valt ved val. 

Sjølv om landet blei sjølvstendig i 1971, og vala har blitt meir og meir demokratiske, er politikken mykje prega av konflikt mellom dei to største partia. 

Sjølv om Bangladesh blir styrt demokratisk har militæret mykje makt. Landet har hatt fleire kupp, og fleire attentatforsøk har blitt utført på dei ulike politikarane. 

Bangladesh er eit muslimsk land, på same måte som at Noreg er eit kristent land. Dei fleste lever som vanlege, fredelege muslimar, men det finst også nokre ekstreme islamistiske grupper. Desse islamske ekstremistane har stått bak ei rekke bombeangrep dei siste åra.

Levekår

Bangladesh er eit lite land, men det bur nesten 160 millionar menneske der. Livet er tøft for mange som lever i Bangladesh. Ein av tre lever i fattigdom. Menneska som lever i fattigdom i Bangladesh har veldig lite pengar. Nokre bur på gata, andre bur i skur, under ein plastsekk, eller i eit lite hus. Dei som har jobb tener lite, og dei som ikkje har jobb tener ingenting. Det er vanskeleg for born i desse familiane å gå på skulen. Dei har heller ikkje råd til å gå til legen viss nokre skadar seg eller blir sjuke. 

Likevel har Bangladesh blitt kåra til eit av dei lukkelegaste landa i verda. Saman med Noreg ligger Bangladesh blant topp ti på statistikken over kor lukkeleg ein er i verda. 

Dei aller fleste bengalarar bur på landsbygda. Likevel er hovudstaden i Bangladesh, Dhaka, ein av verdas største byar. Det bur om lag 20 millionar menneske i byen. Befolkninga i Dhaka har eksplodert dei siste åra,  særleg i slumområda.  

Mange migrerer frå landsbygda til byen med håp om ei betre framtid og fleire sjansar til å få jobb. Det er vanskeleg for menneske utan utdanning å få ein god jobb i byen. Mange endar opp med å ta ein veldig dårleg betalt jobb med dårlege arbeidsforhold, og då endar dei opp med å måtte bu i slummen.


Folk, kultur og religion

Dei aller fleste, 90 prosent, av innbyggarane i Bangladesh er muslimar, medan omlag 9 prosent er hinduar. Dei fleste av dei resterande bengalarane er enten kristne eller buddhistar. 

Det er om lag 53 ulike urfolksgrupper i Bangladesh. Av dei 160 millionane med menneske som bur i Bangladesh, er berre 1,3 prosent av befolkninga urfolk. Det betyr at omlag to millionar menneske er urfolk i Bangladesh. 

Urfolka i Bangladesh har ein litt annan kultur, mange har ein annan religion, dei fleste har eige språk og fleire har ein litt annan utsjånad enn dei typiske bengalarane. Dei fleste urfolksgruppene er enten kristne eller buddhistar. Urfolka er med andre ord både ein kulturell minoritet, språkleg minoritet og religiøs minoritet.


Utdanning

Utdanningssystemet i Bangladesh er ikkje så veldig ulikt det norske. Barneskulen er delt i to; barnetrinnet frå 1.-4.klasse og mellomtrinnet frå 5.-8.klasse. Ungdomsskulen er frå 9.-10.klasse og vidaregåande frå 11.-12.klasse. 

Sjølv om Bangladesh har eit system for utdanning betyr ikkje dette at alle barn går på skulen. Mange barn droppar ut av skulen etter berre nokre få år. Ein av tre sluttar før dei har fullført barneskulen. Nokre barn må jobbe, andre giftar seg og får barn. Dette gjer at dei sluttar på skulen. Mange har heller ikkje tilgang til ein god skule med utdanna lærarar.  

Nokre barn får berre gå på skule halve året. Det er i dei områda som er ramma av flaum. Då kan det hende at skulane ligg under vatn halve året eller det kan kome ein innsjø mellom heimen deira og skulen, slik at dei ikkje kjem seg på skulen.

Bangladesh og Noreg

Noreg og Bangladesh har eit godt forhold. Noreg har ambassade i Bangladesh. Bangladesh har ein nordisk ambassade i Sverige som dekker Noreg, Sverige, Finland, Danmark og Island. 

Forholdet mellom landa baserer seg først og fremst på diverse bistandsprosjekt frå Noreg, men dei siste åra har landa også fått eit tettare næringslivssamarbeid. Det betyr at bedrifter i Noreg og bedrifter i Bangladesh samarbeider og handlar med kvarandre.