Dagbøkene til Nobel og Monjila

Sånn var dagane for Nobel (13) og Monjila (13) ei lita veke i september. 

Hei Verden gav ei tom dagbok til barn og ungdommar i Bangladesh. Oppdraget var: skriv i minst ei veke. Skriv om deg sjølv, om kva du gjer og kva du tenkjer.

Dagbøkene gir eit unikt innblikk i korleis det er å vere ein ung gut og ei ung jente i eit land langt borte frå vårt. Noko er likt, og mykje er ulikt! 

Nobel (13år)

Fredag 19. september

I dag stod eg opp klokka halv seks. Eg pussa tennene og åt frukost, så gjekk eg over leksene mine frå i går. Måtte sjekke at eg ikkje hadde gjort nokre feil. Kokka halv ti gjekk eg til skulen. Fredagar er eigentleg helge- og fridag i Bangladesh, men sidan vi er kristne har vi ein form for skule også på fredagar. Timen starta klokka ti og varte fram til klokka eitt. Vi hadde gym i heile dag. Vi spelte ulike ballspel. Det var gøy, særleg sidan så mange av vennene mine går på same skule.

Då eg kom heim frå skulen vaska eg meg litt og åt lunsj. Etter lunsj hjelpte eg mamma med litt ulikt husarbeid. Etter det, hjelpte eg til med å passe småsøskena mine. Vi leika ute på gardsplassen. Eg blei så skitten etter all leikinga at eg måtte vaske meg. Etter at eg hadde vaska meg, gjekk eg for å hente vatn. Så åt eg ein liten matbit før eg byrja på leksene. Eg gjorde lekser frå klokka sju til klokka ti. Eg likar å gjere lekser.

Laurdag 20. september

Eg stod opp klokka halv sju, pussa tennene og åt frukost, før eg gjekk over leksene. Halv ti gjekk eg til skulen. Timane varte frå ti til eitt. Frå eitt til to hadde vi gym. I gymmen spelte vi ulike ballspel. Etter skulen vaska eg meg litt. Eg blei veldig varm i gymmen. Så åt eg lunsj, hjelpte mamma, og passa søskena mine. Då eg var ferdig med pliktene mine, vaska eg meg og gjekk for å hente vatn. Så åt eg litt, og gjorde lekser fram til eg la meg klokka ti.

Søndag 21. september

I dag er det søndag. Det er helgedag for oss kristne. Eg stod opp klokka halv seks. Pussa tennene, åt frukost, gjorde lekser og reiste til skulen klokka halv ti. Sidan det er søndag sluttar vi halv tolv. Etter skulen gjekk eg heim og åt lunsj. Eg hjelpte mamma, leikte med søskena mine og vaska meg. Så henta eg vatn, åt, og gjorde lekser fram til eg la meg.

Måndag 22. september

Eg stod opp klokka halv sju, pussa tennene, åt frukost og retta leksene mine. Klokka halv ti gjekk eg til skulen. Måndagar er vi ferdig halv tolv. Eg gjekk rett heim etter skulen, åt lunsj, hjelpte mamma, og leika med søskena mine. Eg vaska meg og henta vatn. Eg gjorde lekser frå klokka sju til klokka ti. Det har vore ein fin dag!

Tysdag 23. september

Eg stod opp frå senga klokka halv sju. Eg sov nesten ingenting i natt. Det regna så hardt på taket at eg var litt redd. Då eg hadde stått opp pussa eg tennene, åt frukost og retta lekser. Halv ti gjekk eg til skulen, men då eg kom på skulen fekk vi beskjed om at det regna for mykje til at vi kunne vere på skulen. Lærarane var redde for at det skulle kome flaum, så dei ba alle elevane om å gå heim og om å vere forsiktige. Eg gjekk heim og hjelpte mamma med husarbeidet. I dag måtte vi halde oss inne alle saman. Det regna så mykje at det kunne vere farleg å gå ut. Eg gjorde lekser frå klokka sju til klokka ti.

Onsdag 24. september

Eg stod opp klokka halv sju, pussa tennene, åt frukost og gjorde leksene eg ikkje fekk gjort i går. I dag er det lærarane sin dag, så vi skulle ha feiring på skulen i dag. Men då eg kom på skulen måtte vi bare gå heim alle samen. Det har regna så mykje dei siste dagane at det har blitt flaum. Flaumen har øydelagt store område rett ved sidan av skulen, så det kunne vere farleg å vere der i dag. Eg gjekk heim og gjorde det same som i går.

Torsdag 25. september

Eg stod opp klokka seks, pussa tennene, åt frukost og gjorde lekser. Eg gjekk til skulen halv ti. I dag var endeleg skulen open igjen. Vi hadde timar fram til klokka eitt, og mellom eitt og to hadde vi aktivitetstime. Vi kunne velje kva og kven vi ville spele med. Eg gjekk heim og gjorde som eg pleier; åt, hjelpte mamma, passa småsøskena mine, vaska meg, henta vatn, åt mat, og gjorde lekser. Ein heilt vanleg, fin dag.

Spørsmål til Nobel si veke:

–  Kor mange timar brukar Nobel på lekser kvar dag? Kor mange brukar du? Kor stor er skilnaden?

–  Kor mange timar brukar Nobel på å hjelpe til heime?  Kor mange timar bruker du? 

– Kvifor fekk ikkje Nobel sove den eine natta? 

–  Skriv fem punkt du meiner var fint med det Nobel skreiv? 

–  Skriv fem ting som er likt, og fem ting som er ulikt i ditt og Nobel sitt liv.

Monjila (13år)


Torsdag 11. september

I dag stod eg opp klokka seks. Eg pussa tennene med ein gong eg stod opp, så las eg over leksene frå i går. Mellom klokka sju og ni hjelpte eg mamma. Klokka ni åt eg frukost og gjorde meg klar for skulen som byrjar klokka ti. Då eg kom heim frå skulen klokka tre vaska eg meg litt, åt lunsj, og la meg til å sove litt. Eg stod opp klokka fire og leika litt med venninnene mine. Mellom fem og seks hjelpte eg mamma med husarbeid, og så gjorde eg lekser frå klokka seks og fram til eg la meg.

Fredag 12. september

I dag stod eg opp klokka seks, pussa tennene, og hjelpte mamma med å bære vatn og å ta oppvasken. Eg åt litt ris, så gjorde eg meg klar for skulen klokka ti. Fredagar er jo eigentleg fridag i Bangladesh, men sidan vi er kristne har vi musikk-skule på fredagar. Vi syng, dansar og speler heile skuledagen på fredagar. Eg synes fredagane er dei beste dagane i veka. Då eg kom heim frå skulen vaska eg hendene og åt lunsj. Etter lunsj gjekk eg ned til elva og vaska meg, og så las eg i ei veldig spanande bok. På kvelden gjorde eg arbeidsoppgåvene mine heime. Eg gjorde reint i bakgarden, vaska klede og bretta dei kleda som hadde vore til tørk. Då eg var ferdig las eg vidare i boka mi, åt sein middag og såg på tv. Eg la meg klokka tolv. 

Laurdag 13. september

Eg stod opp klokka seks, pussa tennene, gjorde lekser i ein time før eg åt frukost klokka ni. Eg gjekk på skulen klokka ti og var heime igjen klokka tre. Då eg kom tilbake tok eg meg eit bad i elva, og åt lunsj. Så møtte eg venninnene mine, vi skravla og sladra litt. Klokka fire byrja eg på arbeidsoppgåvene mine i huset. Eg lagde mat til heile familien. Då eg var ferdig med middagen las eg i den spennande boka mi og gjorde litt lekser frå seks til åtte. Vi åt sein middag igjen. Eg såg på tv etter middag og la meg omlag klokka tolv.

Søndag 14. september

Eg stod opp klokka seks, pussa tennene, hjelpte mamma, gjorde lekser, og så gjekk eg på skulen. Då eg kom heim frå skulen gjekk eg ned til elva og bada. Etter badet åt eg lunsj. Klokka fire møtte eg nokre venner. Då eg var ferdig å leike gjekk eg heim og gjorde leksene. Vi åt middag klokka ni. Eg såg på tv klokka ti og klokka elleve la eg meg.

Måndag 15. september

Eg stod opp klokka seks, pussa tennene og las ein time. Klokka ni gjekk eg til skulen. Eg kom heim klokka tre og gjekk rett ned til elva for å bade. Klokka fire åt vi lunsj. Etter lunsj gjekk eg og leika. Då eg kom heim gjorde eg lekser. Vi åt middag klokka ni, og eg la meg klokka ti.

Spørsmål til Monjila si veke:

–  Kor mange timar brukar Monjila på lekser kvar dag? Kor mange timar brukar ho på å lese bøker?  

– Kor mange brukar du?

–  Kor mange timar brukar Monjila på å hjelpe til heime?  Kor mange timer brukar du?

–  Skriv fem punkt du syntest var fint med det Monjila skreiv? 

–  Skriv fem ting som er likt, og fem ting som er ulikt i ditt og Monjila sitt liv.

Oppgåve:

Nobel og Monjila brukar mykje tid på praktisk arbeid. Lag ei liste over arbeidsoppgåvene. Til dømes lag eit skjema, som også har kolonnar for arbeidsoppgåvene elevane i klassen har. Er det bra eller dumt å ha mange oppgåver?