Dei som syr kleda dine

Veit du kor kleda dine er laga, og av kven? Veit du kor mykje pengar dei tener, kor mange timer dei jobbar, og under kva arbeidsforhold dei arbeider? 

I dag jobbar over fire millionar bengalarar i klesindustrien, og omlag 80 prosent av det Bangladesh eksporterer til andre land er tekstilar. 7000 tonn klede blei importert frå Bangladesh til Noreg i fjor. Kanskje du har på deg nokre plagg frå Bangladesh?

Kvifor produsere klede i fattige land?

Bangladesh er eit fattig land, med over 160 millionar innbyggarar. Arbeidsløysa er stor og det er vanskeleg å finne jobb. Mange er difor glade berre dei får ein jobb - uansett kva slags type jobb og kva arbeidsforhold dei må arbeide under.

Dei store klesgigantane ønskjer å produsere så billige klede som mogleg, slik at dei kan tene mest mogleg pengar. På byrjinga av 2000-talet såg klesgigantene at Bangladesh var eit land det var lønnsamt å produsere klede i. Prisnivået i landet var lågt, lønningane var låge og befolkninga desperate etter arbeid. Eit problem var at det ikkje var så mykje plass til å bygge nye fabrikkar i Dhaka. Byen var allereie full av menneske og bygningar. Dette resulterte i at fleire av fabrikkane blei bygd svært høge, og i nokre tilfelle bygde dei fleire etasjar oppå gamle bygg.

Mange av desse fabrikkane er difor utrygge bygningar med få rømingsvegar og dårleg inneklima. Dette har arbeidarane i Bangladesh sårt fått erfare. 24.november 2012 døydde minst 112 arbeidararar i ein brann i klesfabrikken dei jobba på. Fabrikken hadde ingen nødutgangar, så arbeidarane blei enten fanga i flammane, eller døydde då dei hoppa ut av vindauga for å sleppe unna brannen. Eit halvt år seinare, 24.april 2013, døydde minst 1129 menneske, og minst 2500 menneske ble hardt skada, då ein klesfabrikk på ni etasjar raste saman. Allereie dagane før kollapsen rapporterte arbeidarane om sprekkar i veggene. Dagen før bygningen raste saman fekk arbeidarane gå heim, fordi fleire mente det var fare for at bygningen kunne kollapse. Eigaren av bygningen leigde inn ein ingeniør til å gå over sprekkene. Ingeniøren konkluderte med at bygningen var trygg. Dagen etter blei arbeidarane ringt inn på jobb, og arbeidarane som ikkje ønska å gå tilbake på jobb blei slått med plastflasker og trua med å miste fleire dagslønningar viss ikkje dei gjekk tilbake til arbeid.

«We are all scared», fortalde ei ung kvinne til ein BBC-reporter i det ho blei pressa av arbeidsgivaren sin til å gå tilbake på jobb i bygningen. Den unge kvinna døydde då bygningen kollapsa berre nokre få timar seinare.

Ulykka med Rana Plaza gjorde at verda fikk auga opp for klesindustrien i Bangladesh, og forholda til arbeidarane der. Avtalar som mellom anna sikrer god standard på fabrikkbygga har kome på plass etter ulykka. Likevel er det ein lang veg å gå for å sikre rettane til arbeidarane i klesindustrien i Bangladesh.  

(Her er ein liten videosnutt frå Rana Plaza, videoen er på engelsk)

Levelønn er ikkje det same som minstelønn

Mange land har såkalla minstelønnsatsar. Desse satsane er sett som eit minimumskrav til bedrifter som har industri i landet. I Noreg er desse satsane forhandla fram av fagrørsla og arbeidsgivarorganisasjonar. I fattige land er det ofte farleg å vere fagorganisert, og det er dei som sit med makta – som har pengar, som bestemmer kva som skal vere minstelønn. Erfaringar frå mange fattige land viser at minstelønna er så låg at arbeidarane berre har akkurat nok til å overleve. Viss noko uventa skjer i livet deira, som at eit av barna blir sjuke eller noko i huset må reparerast, må dei ta opp lån for å betale dette.

Levelønn betyr at lønna skal dekke dei grunnleggande behova til arbeidarane og familien deira (mat, reint vatn, husrom, klede, utdanning for barna og grunnleggande helsetenester) og litt ekstra til sparing og/eller uventa utgifter. Fleire bedrifter har dei siste åra snudd på krona og så smått byrja å innføre levelønn.

Refleksjonsoppgåver

–  Kvifor trur de at kleskjedane ikkje har lagt til rette for at arbeidarane deira skal ha trygge og gode arbeidsforhold? 

–  Kva trur du må til før arbeidarar i fattige land skal få det dei har krav på?


Oppgåver

Gå gjennom kleda du har på deg – kor er dei produsert. Skriv ei liste på tavla over kva land dei fleste kleda til elevane i klassen er frå. Ta for dykk dei tre øvste landa på lista og finn ut korleis arbeidsforholda er i desse landa. Presenter funna for kvarandre etterpå.

Finn ut kva du som forbrukar kan gjere for å sikre at arbeidarane som syr kleda dine får ei lønn dei kan leve av.

Sjå Aftenposten-serien om dei norske ungdommane som får eit tøft møte med forholda i ein klesfabrikk i Kambodsja.



Sjå sesong 2 her: 

http://www.aftenposten.no/webt...

Kjelder: fivh.no; bbc.news.com; clean clothes campaign.