Draumen om Bollywood

På landsbygda i Bangladesh bur Nazeema. Ho er 10 år, elskar å synge, høyre på musikk og å leke med venninna si, Yasmine. Når ho blir stor har ho lyst til å bli skodespelar i Bollywood.

Nazeema

Nazeema og familien hennar bur i Bangladesh, rett ved elva Mamuna på grensa til India. Ho har fem søsken. Tre eldre søsken og to yngre. I huset hennar bur ho saman med foreldra sine, bestemora og tre av søskena sine. Huset har to rom, med ei seng i kvart rom.

I nabohuset bur Nazeema sin eldste bror saman med kona og to barn. Nazeemas eldste søster er 16 år. Ho har ein baby på eit halvt år. Ho gifta seg i fjor og bur i nabolandsbyen.

- Vi er heldige. Huset vårt ligg på ein liten topp. Når det er regntid og Mamuna blir stor, ligg huset vårt trygt her oppe. Ikkje alle i landsbyen er like heldige. Familien til Yasmine, til dømes, mista huset sitt både i fjor og i år, fortel Nazeema.

I dag er Yasmine på besøk hos Nazeema. Dei har laga eit lite paradis med steinar og hoppar fram og tilbake.

– Etterpå skal vi kle oss ut, seier Yasmine. Dei to jentene har ein plakat frå ein film frå India. Jentene på plakaten ser veldig stilige ut, med perle i nasen, fargerike sariar, mendhi på hendene og perler mellom augo. Både Nazeema og Yasmine har perle i nasen. – Nesten alle jenter i Bangladesh har det, forklarer Nazeema. 

Dei to jentene har ikkje råd til å teikne mendhi på hendene så ofte, men dei teiknar mønstre med penn. Også set dei klistremerker mellom augo. Når dei har gjort dette, leikar dei at dei er filmstjerner i Bollywood og syng songar dei har lært av storesøstera til Nazeema, ho som har gifta seg og flytta. – Søstera til Nazeema har røyst som ei ekte popstjerne, seier Yasmine. Nazeema smiler veldig stolt, men litt trist samstundes.– Ho seier at ho syng mykje for babyen, seier Nazeema og ser ned i bakken.      

Mens dei to jentene dansar og syng i dei fine kostymane sine, ropar Nazeemas mor

– Nazeema, no må du kome. Du har ikkje gjort pliktene dine i dag. - Eg kjem, svarer Nazeema og spring mot huset.

Nazeema hentar vatn i brønnen der det er drikkevatn to gonger om dagen, også tar ho oppvasken etter alle måltid. - I familien vår må alle hjelpe til kvar dag, fortel Nazeemas mor.


Det tar ti minutt å gå ned til brønnen der det er drikkevatn. I dag skal Yasmine hjelpe venninna, slik at det går litt fortare og dei kan fortsetje å leike etterpå. Mens dei går ned til brønnen fortel dei to jentene om skulen dei går på. Skulen er på ein båt, ein flytande skule. – Før var det ikkje skule her, seier Yasmine. Nazeema nikker alvorleg. –  Storesøskena mine gjekk aldri på skulen. Det var berre nokre få av vennene deira som gjorde det. Men dei måtte flytte heimanfrå og bu på skulen. Mamma ville ikkje sende barna sine til å bu borte heimanfrå. Familien min hadde ikkje råd til det heller, forklarer Nazeema.

–  I fjor fekk vi ein flytande skule. Den flyt på Mamuna uansett kor stor elva er, og den køyrer rundt og plukkar opp alle barna som bur på øyane rundt her, fortel Yasmine. –  Eg likar skulen så lenge eg ikkje dett ut i vatnet, ler Nazeema. Dei to jentene ser på kvarandre og ler. –  Vi ler veldig mykje, pressar Yasmine ut mellom latterkrampen.

Nazeema trekk pusten og fortel. –  Under regntida blir Mamuna veldig stor, og straumane i elva er sterke. Mange hus blir skylt på elva kvart år. Men det er faktisk færre og færre hus det skjer med. – Ja, for no veit dei fleste korleis dei kan beskytte huset sitt betre, bryt Yasmine inn. Likevel har familien til Yasmine mista huset sitt to gonger dei to siste åra. Plassen dei får lov å ha huset sitt er veldig utrygg. Nå har familien fått lov å leige ei anna tomt. – Det er litt dyrare, men det er billigare enn at vi må flytte kvar regntid fordi huset blir skylt på elva, seier Yasmine.

–  Men nå må vi springe. Vi vil ha tid til å øve litt meir på songen og skodespelet vårt før sola går ned, smiler Nazeema med stjerner i augo. Dei to jentene ser på kvarandre og fniser, og så spring dei ned til vassbrønnen.

Klassesamtale:

  • Kva er likt og kva er ulikt mellom deg og dine venner, og mellom Nazeema og Yasmine? 
  • Kva likte du best med historia?
  • Var det noko du syntest var trist?

Oppgåver:

  • Sjå på kartet her. Klarer du å finne ut kor Nazeema og Yasmine bur?
  • Del eit stort ark i seks. Teikn ein teikneserie der dei tre første bilda skildrar reportasjen, og dei tre neste skildrar korleis du håpar at framtida blir for dei to jentene.