Ein dag i Dhaka

Dhaka er hovudstaden i Bangladesh. Her bur det over 20 millionar menneske!! Det er mange menneske. Veldig mange flyttar frå landsbygda og inn til byen for få seg jobb og tene pengar.


Dhaka er kjent for å vere Rickshawarar sin hovudstad. Rickshaw er ein slags sykkeltaxi. Det er mange tusen rickshawarar i byen. Rickshaw-taxisjåførane er veldig stolte av sykkelen sin, så dei målar den i mange fargar og pyntar den med gardiner og glitter.


Denne mannen køyrer Rickshaw. Her målar han hjula på sykkelen sin.


Dhaka er kjent for å ha ein veldig kaotisk trafikk. 


På gata sit mange og arbeider. Her er det ein som reparerer vesker og to skomakarar.


Andre sel frukt eller anna mat. Klarer du å sjå kva frukt dette er? 


Dei fleste i Bangladesh er muslimar. Dette er frå den nasjonale moskeen i Dhaka. Her er det plass til 500 000 menneske - like mange som det bur i heile Oslo.