Ein dag med Hati

Bli med til Bangladesh og opplev ein dag saman med Hati. 

Hati er 8 år. Ho bur i eit lite blekkhus saman med familien sin. Huset ligg på ein åskam som blir til ei øy når elvane fløymer over under regntida. Hati elskar å skrive dikt og å teikne. Ho har alle venninnene sine i nabohusa. Hati viser oss familien, huset, skulen og vennene sine. 

Gjennom å bli kjent med Hati får dei innpass i korleis barn som lever i fattigdom i Bangladesh har det. Hati er ikkje så ulik frå barn i Noreg. Ho likar å leike, drøyme og har store planar for framtida. Likevel er det materielle livet Hati og familien hennar lever veldig annleis enn livet dei fleste barn i Noreg lever.  

Oppgåver

Under finn du oppgåver til filmen, refleksjonsoppgåver og forslag til samtalar. På heiverden.no finn du fleire oppgåver, blant anna lære å skrive Norway på Bangla, fargelegge kartet, finne fellestrekk og skilnadar.

  • Sit to og to, fortel historia oppatt til kvarandre ved at de seier ein setning kvar.
  • Del eit stort ark i seks og teikn ein teikneserie frå filmen. Den siste teikningen skal vere Hati om fem år – korleis ønskjer og håpar du at Hati sitt liv skal sjå ut om fem år?
  • Hati likar å dagdrøyme og er glad i å skrive dikt – kan du skrive eit dikt om kva du tenkte då du såg filmen om Hati? 

Ein dag med Hati

  • Du blir litt kjent med ei jente i filmen, Hati. Kan du skildre henne – kor gamal er ho, kor mange søsken har ho, kva fag er yndlingsfaget hennar?
  • Korleis syntest du familien hadde det heime? Kva er likt og ulikt mellom din heim og Hati sin heim?

Leik

  • Kven var det som hadde mista ei tann?
  • Kva var det Hati og vennene hennar leikte med? 
  • Kva pleier du å leike med? 
  • Hadde du klart deg utan leiker? 
  • Trur de at Hati saknar å ha leiker?

Arbeidsoppgåver i huset 

  • Hjelper du til heime? Kva pleier du å gjere? Kva er forskjellen på det du hjelper til med heime og det Hati pleier å hjelpe til med?
  • Hati hjelpte mora å kverne mjøl. Kva var det dei lagde mjøl av?
  • Husker du dei andre arbeidsoppgåvene Hati hadde heime?
  • Kvifor var Hatis mor glad for at Hati hadde lært om mat og helse på skulen?

Jenter giftar seg tidleg

I Bangladesh er det ikkje vanleg at jenter jobbar, så fattige familiar har ikkje råd til å ha jentene sine buande heime. Dette gjer at fattige familiar med jentebarn må gifte bort jentebarna, slik at dei kan få ein mann som betaler for henne. Difor er det mange jenter som blir tvungne til å gifte seg veldig tidleg. Nokre giftar seg sjølv om dei er barn. Men det er ikkje lov å gifte bort eit barn. I lova, både i Bangladesh og Noreg, står det at det ikkje er lov å gifte seg før ein er 18 år, og at jenter har like mykje rett til å gå på skulen som gutar. Viss jenter får gå på skulen, kan dei etter kvart jobbe og tene pengar, slik at foreldra har råd til å ha dei buande i huset, og slepp å gifte dei bort.

  • Er det forskjell mellom gutar og jenter i Noreg? Blir alle behandla likt?
  • Kvifor er det viktig at jenter får seg jobb og tener pengar i Bangladesh?
  • Kvifor er det viktig at jenter går på skulen? Nemn tre grunnar.
  • Kvar var søstera til Hati? Kor gamal var søstera då ho gifta seg?
  • Kva står det i lova i Bangladesh om å gifte seg før ein er 18 år? Kvifor trur du at søstera til Hati gifta seg så tidleg?
  • Kva seier Hati om å gifte seg tidleg? Kva har ho lært om å gifte seg på skulen?

Å leve i fattigdom

Menneska som lever i fattigdom i Bangladesh har veldig lite pengar. Nokre bur på gata, andre bur i skur, under ein plastsekk, eller i eit lite hus. Dei som har jobb tener lite, og dei som ikkje har jobb tener ingenting. Det er vanskeleg for barn i desse familiane å gå på skulen. Dei har ikkje råd til skuleuniform eller bøker. Regntida og innsjøane gjer det ofte også vanskelegare for dei menneska som lever i fattigdom. Ofte blir det flaum som øydelegg mat og hus. Viss huset til ein som lever i fattigdom blir øydelagt, har dei ikkje pengar til å kjøpe eit nytt, eller flytte til ein annan stad. Dei har heller ikkje råd til å gå til legen viss nokon skadar seg. 

  • Kva betyr det å leve i fattigdom?
  • Finnest det nokre som lever i fattigdom i Noreg?
  • Kva trur du er det verste med å leve i fattigdom?

Kvifor er det fattigdom i Bangladesh?

Dette er eit spørsmål med mange svar. Men dei fire viktigaste årsakene til at det er så mange menneske som lever i fattigdom i Bangladesh er:

a.)  Mange barn får ikkje gå på skulen eller til legen når dei blir sjuke. Når barna ikkje går på skulen, blir det vanskeleg å få jobb og å tene pengar når dei blir vaksne. Blir nokre sjuke, kan ufarlege sjukdommar lett bli alvorlege viss ikkje dei får kome seg til legen.

b.)  Historia – Britane koloniserte Bangladesh. Eit britisk selskap styrte landet frå midten av 1700-tallet. Selskapet brydde seg ikkje så mykje om korleis befolkninga i landet hadde det, og delte ut landområder til berre nokre få personer. Desse få personene fekk behalde landområda heilt fram til i dag.

c.)   Urettferdig fordeling av jorda. I Bangladesh er det nokre få personer som eig nesten alle landområda i landet. Dette gjer at desse få personane kan leige ut land og tene pengar på den. Dei kan også få menneske som lever i fattigdom til å jobbe for dei på ris-åkeren. Fordi det er så få jobbar i landet, må dei som lever i fattigdom berre seie ja til alle jobbar. Dette gjer at dei som allereie er rike kan gi arbeidarane sine dårleg betalt, og det gjer at dei tener mykje pengar medan dei som er fattige forblir fattige. Dei som lever i fattigdom må betale leige for jorda der dei har hus, i tillegg til at dei tener lite pengar når dei jobbar.

d.)  Landet har hatt krig. Fram til 1971 var Bangladesh ein del av Pakistan. Dei to landa var i krig med kvarandre fram til Bangladesh vart uavhengig. Dette gjorde at politikarane ikkje hadde tid til å ta vare på befolkninga si.

  • Kva trur du er grunnen til at Noreg ikkje er et fattig land? - Har vi skule? Kan vi dra til legen når vi blir sjuke? Har vi urettferdig fordeling av jorda? Har vi hatt krig? Har det vore nokre andre land som har bestemt over oss i historia?
  • Skriv ei liste på kva du trur er viktig for at befolkninga i Bangladesh skal komme seg ut av fattigdom.


SKULE ER VIKTIG! Utdanning er både ein rett og nødvendig for at eit land skal få utvikling.  

Når barn går på skulen lærer dei om rettane sine, og møter lærarar som dei kan snakke med viss de opplever vonde ting. Dette gjer at færre barn blir pressa av vaksne til å jobbe som barnearbeidarar. På skulen lærer elevane om kva det er sunt å ete og korleis de kan halde seg friske. Dette gjer at barn som har gått på skulen betre kan beskytte seg mot sjukdommar. Barn får også betre sjølvtillit og får kunnskap som kan hjelpe dei ut av fattigdommen. Viss du har ei god utdanning er det lettare å få ein god jobb og tene pengar når du blir vaksen.

  • Kva sa Hati om skulen sin? Ho gjekk på ein skule om sommaren og en annan om vinteren? Kvifor det?
  • Kvifor fekk ikkje alle barna i landsbyen gå på skulen heile året?
  • Elevane på skulen til Hati sit ikkje på pultar på skulen. Kor sit dei? Korleis hadde du likt å sitje på golvet heile skuledagen?
  • Koster det noko å gå på skule i Noreg? Kva betaler elevene for og kva får dei gratis? Må noko handlast inn til skulestart, eller er det heilt gratis å gå på skulen?
  • Kvifor er det viktig at lærarar har god utdanning? Kan du kome på minst tre grunnar?
  • Kvifor er det spesielt viktig at barn i fattige land får sjanse til å gå på skule?
  • Et berømt sitat seier: ”viss du utdannar ei jente utdannar du ein heil familie”. Kva trur du det betyr? Kan du kome på noko i filmen du såg i dag som er eit godt døme på akkurat dette? (hygiene og kosthold)