Før flaumen tar oss

Klimaendringane er urettferdige! Det er ikkje befolkninga i Bangladesh si skuld at klimaet endrar seg, men når havet stig, snøen smeltar i Himalaya og verda får meir ekstremvêr, øydelegg dette spesielt for Bangladesh. Heldigvis har befolkninga blitt betre til å tilpasse - og beskytte seg mot klimaendringane.

Sjå film om Nobel som fortel om klimaendringar i Bangladesh.


Nesten heile Bangladesh er lågland. Om lag 90 prosent ligg berre mellom 0,5 og 10 meter over havet. Når det er regntid, og snøen smeltar i Himalaya, renn det veldig mykje meir vatn i elvane. Dette gjer at elvane fløymer over og blir til store innsjøar.


Klimaendringar

Klimaendringane kjem av at menneska forureinar, og det gjer at jordkloden blir sjuk. Ein kan på ein måte seie at jorda får feber og byrjar å sveitte. Forskarane seier at jorda held på å bli varmare og at havnivået stig. Viss hava stig, vil elvane i Bangladesh stige endå meir.

Forskarane seier også at verda vil sjå meir ekstremvêr. Bangladesh har rundt 16 syklonar kvart år. Syklonane fører med seg ekstremt sterke vindar og flodbølger som fører til store øydeleggingar. Dei siste åra har syklonane blitt sterkare.

Når elvane blir større, med sterkare straumar øydelegg syklonane meir enn då elvane var mindre. Når elvene er tettare på hus, blir desse husa lettare blåst på elva når syklonane kjem.


Klimaendringane er dobbelt urettferdige!

Klimaendringane er skikkelig urettferdige. Det er ikkje menneska som bur i Bangladesh som forureinar mest, det er menneska i dei rike landa. 

Klimaendringane er ikkje berre urettferdige, men dei er også dobbelt urettferdige. For dei som kjem til å merke klimaendringane aller mest er barn, og spesielt barna i land som Bangladesh. Og dei forureinar nesten ingenting.

Klimatilpasning

Klimatilpasning betyr å tilpasse seg det nye klimaet. Det kan til dømes vere å bygge huset på ein fjelltopp eller åskam, slik at huset ikkje kan bli skylt på elva viss elva fløymer over. Det kan også vere å bygge demningar, som gjer at vatnet stoppar opp og blir leia ein annan veg. 

Flytande skular er også ein måte å tilpasse seg klimaet. Ein flytande skule er skule på båt. Båten køyrer rundt til landsbyane og hentar elevene der barna ikkje får gå på skulen. Klasserommet er på sjølve båten. Dette gjer at barn som bur på stadar der elvane blir så store at dei ikkje kjem seg til skulen, får gått på skulen uansett. Ein flytande skule kan heller ikkje bli øydelagt på grunn av flaum. Den flyt oppå vatnet.


Flinkare til å beskytte seg!

Sjølv om klimaendringane fører med seg flaum og ekstremver, har befolkninga i Bangladesh blitt flinkare til å beskytte seg. Dei har lært kva område som er trygge når flaumen eller syklonane kjem. Dei har lært å bygge husa sterkare og på stadar som er tryggare. I tillegg lærer mange barn førstehjelp på skulen. Mange av barna lærer førstehjelp til resten av familien også. Dette gjer at dei veit kva dei skal gjere når nokon skadar seg.

Klassesamtale:

  • Er det rettferdig at klimaendringar øydelegg mest for dei som ikkje har skulda for klimaendringane – menneske som lever i fattigdom, og spesielt barn?
  • Kva meiner ein med at klimaendringane er "dobbelt urettferdig"?
  • Mange miljøorganisasjonar snakkar om "klimarettferd". Kva trur du det betyr?
  • Kva gjer menneska i Bangladesh for å beskytte seg mot flaum, syklonar og ras?
  • Øydelegg klimaendringar for oss i Noreg også?
  • Kva trur du er grunnen til at menneska ikkje gjer meir for å redde klimaet? 
  • Kva kan du gjere?
  • Korleis påverkar forureining i Noreg barn i Bangladesh?

Ordforklaring:

Klima: klima er vèr over ein lengre periode. Ein kan ha stygt vèr ein eller fleire dagar, men viss det regnar heile tida i mange månadar har ein eit fuktig klima.

Klimaendringar: FNs klimapanel, som består av forskarar frå heile verda, seier at klimaet i verden held på å endre seg fordi menneska forureinar. Forskarane trur at vi vil få meir og meir ekstremvèr i åra som kjem. Dei trur også at verdshava kjem til å stige.