Fargelegg bilder frå Bangladesh

Skriv ut tegningene under og fargelegg.

 

Bengaltiger

Den royale bengalske tigeren, eller kongetigeren, er nasjonaldyret i Bangladesh. Tigeren lever i den djupe skogen på grensa mellom Bangladesh og India, og Bangladesh og Myanmar.

Tigeren er utrydningstrua, særs på grunn av avskoging.


Rickshawer i Bangladesh

Dhaka blir kalla for Richshawarar sin hovudstad. Det bur over 20 millionar menneske i hovudstaden. Trafikken er veldig kaotisk.

Ein rickshaw er ein slags taxi. Alle har tre hjul og det er plass til omlag to personar i "baksetet". Den kan både vere ein sykkel, eller motordreven. Dei som køyrer sykkel-rickshawer i Bangladesh pyntar kalesjen bak i mange fargar.


Sarier i alle farger

I Bangladesh går dei fleste jentene med Shalwar kameez til kvardags og sarie når dei skal pynte seg.

Shalwar kameez er ein drakt som består av store bukser av tøy med ein lang, fargerik tunika over. Dei fleste kvinnene har også eit tilhøyrande sjal som dei lett legg over hovudet og skuldrene. Mange menn bruker også Shalwar kameez, men då har dei gjerne lyse, einsfarga drakter.

Ein sarie er eit langt tøystykke, i flotte fargar, som blir surra rundt kroppen på ein spesiell måte, slik at det blir som ein kjole. Det er vanleg å dekke til litt av håret med sarien.

Moten i Bangladesh er veldig inspirert av indiske tv-seriar og kjendisar. Desse jentene bruker sariar, har perle i nasen, perle mellom augo, mange armband og gjerne henna-tatoveringar, også kalla mendhi, på hendene. Dei fleste jentene i Bangladesh får ei perle i nasen når dei er små, og når det er eid eller andre store festar, pyntar kvinnene og barna hendene sine med mendhi.


Islam

I Bangladesh er nesten alle muslimar. Viss ein reiser til Bangladesh vil ein bli vekka klokka fem av ein bønneutropar som les ei bønn frå ein minaret. Ein minaret er eit tårn med høgtalar ved sidan av, eller på, ein moske. Bønna høyrest litt ut som ein song, fordi imamane, eller prestane i Islam, les bønnene på ein spesiell måte. Fem gonger om dagen syng dei bønner ut av minaretane i landet. Viss du er i ein by er det ofte fleire minaretar, så då høyrer du ulike bønnerop på same tid. Det høyrest veldig fint ut.

Moskear er ofte pynta med vakre mønstre som er sett saman av små mosaikkbitar. Mønstera har ofte sterke, flotte fargar.


Bildene er hentet fra:

365coloringpages.com/; http://printablecolouringpages.co.uk/; http://freecoloringpagesite.com/;
http://coloringset.net/; http://bestcoloringpages.com/;bestcoloringpagesforkids.com; coloringpages456.com;
http://coloringkids.org/; http://coloringpages-printable.com/; http://imgarcade.com/;
http://pensamientosmicro.blogspot.no/; wwf.com