Følg ein genser!

Kor kjem materialane frå? Kor blir de ulike delane laga? Korleis har arbeidarane det? Kor går pengane?

Lag ein presentasjon

Ta for dykk dei ulike stega: 

1.) Kva materialar treng ein til ein bomullsgenser? Skriv ei liste. 

2.) Kor kjem bomull frå? Kva er forskjellen på økologisk og ikkje økologisk bomull?

3.) Kva land produserer bomull? Vel deg ut to land - eit i Afrika og eit i Asia der det blir plukka bomull. Finn ut kor mykje arbeidarane tener, og kva arbeidsforhold dei arbeider under. Kva er forskjellen på fair trade og ikkje fair trade-produsert bomull?

4.) I kva land blir tekstilar produsert? Vel deg ut to land - eit i Asia og eit i Latin-Amerika. Finn ut kor mykje arbeidarane tener, og under kva arbeidsforhold dei arbeider. Har arbeidarane lov til å fagorganisere seg? På kva måte kan fagorganisering føre til at arbeidarane får betre arbeidsforhold? 

5.) Kva land held dei store kjedane som sel klede til i ? Ta for deg to store kleskjeder. Finn ut kor mykje overskot kleskjedene hadde i fjor. Kva skriv kjedene om arbeidsforholda til dei som syr kleda og plukkar bomull? Skriv dei noko i det heile tatt?

6.) Kva er forskjellen mellom minstelønn og levelønn? Kva reflekterer dei ulike lønnsnivåa på bomullsmarkene, i tekstilfabrikkane og på heimesidene til dei store kjedene som sel klede?

Hald føredrag for kvarandre!

Kva fant de ut? - Er det stor skilnad på kva arbeidarane tener i dei ulike landa? Gir nokre selskap betre forhold til sine tilsette enn andre? Kva land er verst / best?