Kva har jentene på seg i Bangladesh?

Kvinnene i Bangladesh går ofte i veldig fine og fargerike klede. Her er nokre av dei mest vanlege klesplagga. 


Shalwar kameez

I Bangladesh er det vanleg å kle seg i Shalwar kameez. Shalwar kameez er ein drakt som består av store bukser av tøy med ein lang, fargerik tunika over. Dei fleste kvinnene har også et tilhøyrande sjal som dei lett legg over hovudet og skuldrene. Mange menn bruker også Shalwar kameez, men då har dei gjerne lyse einsfarga drakter.


Sari

Ein sarie er et langt tøystykke, i flotte fargar, som blir surra rundt kroppen på ein spesiell måte, slik at det blir som ein kjole. Det er vanleg å dekke til litt av håret med sarien. Sarien brukes både i kvardagen og til fest. 

Nikab

Det er også ein god del jenter som går med nikab. Nikab er ein heildekkande drakt, der kroppen, håret og ansiktet, bortsett frå augo, blir dekka til. Jentene som går med nikab er strengt religiøse, eller har ein strengt religiøs familie som ønskjer at ho skal bruke nikab.


Mote fra Bollywood

Sarie-moten, som dei fleste jentene i Bangladesh følger, er veldig inspirert av indiske tv-seriar og kjendisar. Desse jentene bruker sariar, har perle i nasen, perle mellom augo, mange armband og gjerne henna-tatoveringar, også kalla mendhi, på hendene. Dei fleste jentene i Bangladesh får ei perle i nasen når dei er små, og når det er eid eller andre store fester, pyntar kvinnene og barna hendene sine med mendhi.