Kva heiter dei i Bangladesh?

I Bangladesh er det vanleg med eit offisielt namn og eit kallenamn. Det offisielle namnet blir brukt på papir, som pass, visakort og førekort, og av folk som ikkje kjenner deg. Kallenamnet blir brukt av familie og venner. Dei to namna treng ikkje å ha noko med kvarandre å gjere.

Religion og kultur

Når foreldra bestemmer kva namn dei skal gi til barna sine tar dei ofte utgangspunkt i religionen de tilhøyrar. I Bangladesh er 90% muslimar, så dei fleste barna har muslimske og arabiske namn. Typisk muslimske namn kan vere:

  • Zahir
  • Hasan
  • Fatima
  • Nasra

Bangladesh og India har mykje felles historie, og indiske filmar er kjempepopulære i Bangladesh. Dette gjer at også hinduistiske eller indiske namn er nesten like populære som muslimske namn. Cirka 9% av befolkninga i Bangladesh er hinduar. Døme på hinduistiske og indiske namn kan vere:

  • Hati
  • Farha
  • Kailas
  • Palak

Nokre stadar er det også veldig populært å kalle opp barna sine etter berømte personar. Døme på dette kan vere:

  • Nobel
  • Lincoln
  • Caesar
  • James
  • Romeo
  • Julie

Jentenamn som slutter på a

Mange jentenamn er jenteversjonen av et gutenamn. Hovudregelen er bare å byte ut endinga på eit namn med ein a, og namnet blir et jentenamn. Døme kan vere:

  • Hamid Sultan blir Hamida Sultana
  • Khaled blir Khaleda
  • Farhan blir Farhana
  • Nasim blir Nasima

Kallenamn

Nokre av dei mest brukte kallenamna er:

  • Babu
  • Meem
  • Bijoy
  • Manik
  • Abdul