Kvifor er det fattigdom i Bangladesh?

Kvifor er det fattigdom i Bangladesh? Vi har spurt ein professor i Sør-asiatiske studiar, ein program-koordinator for Strømmestiftelsen i Bangladesh og ei tenåringsjente frå Bangladesh.

Intervju med professor i Sør-asiatiske studier, Arild Engelsen Ruud

1) Er Bangladesh eir rikt eller fattig land?

Bangladesh er eit veldig fattig land med utruleg mange menneske. Det bur om lag 160 millionar menneske i landet, og mange av dei lever i ekstrem fattigdom. Dei fleste bangladesharar er avhengige av å dyrke jord, men veldig mange manglar tilgang til jord. Det gjer at mange flyttar inn til dei store byane og buset seg i dei store slumområda der.

Det er to positive sider med Bangladesh: a) Bangladesh har veldig dyrkbar jord. Som regel kan bangladesharar hauste avlingar to gonger i året, nokre gonger til og med tre og fire. Så sjølv om det er eit lite land med stor befolkning, kan dei dyrke mykje mat.

b) Bangladesh blir stadig gradvis mindre fattig. Det er to grunnar til dette. Den eine er at veldig mange reiser til rike land for å arbeide. Pengane dei tener sender dei heim til familien sin. Den andre grunnen er at tekstilproduksjonen i landet har vakse dei siste åra, så mange fleire har komme seg ut i arbeid og tener pengar

2) Kva trur du er hovudgrunnen til at det er så mange menneske som lever i fattigdom i Bangladesh?

Det er mange grunnar til dette, men vi vel å trekke fram tre viktige årsaker:

a) Bangladesh var ein britisk koloni fram til 1947, og underlagt Pakistan fram til 1971. Dette gjorde at landet framleis var eit jordbruksland i fattigdom, utan at det blei gjort nokre store investeringar i landet. Sjølv om landet blei sjølvstendig i 1971, var det politiske styresettet så nytt og ustabilt at det ikkje var tid til å tenke på utvikling. Landet fekk ikkje utvikling før på 80-tallet.

b) Bangladesh har eit veldig dårlig skulesystem. Det er blitt mykje betre dei siste åra, men det er framleis veldig mange barn som ikkje får gå på skulen, og mange barn som ikkje fullfører skulegangen. I tillegg er det mange dårlege lærarar, dårleg materiell og skulebygg. 

c) Det er veldig mykje korrupsjon og juks i Bangladesh. Sjølv om det finst lovar og regler i landet, er ikkje desse sikra. Det er lett å miste rettane til det ein eig, og det er lett å kjøpe seg fordeler som ein ikkje har rett på.

4) Korleis trur du at Bangladesh kan kome seg ut av fattigdommen?

Her har eg fire punkt som eg trur er viktige:

a) Andre og rikare land må framleis ta imot bangladesharar, slik at dei kan arbeide, tene pengar og sende pengar heim til familiane sine.

b) Lovane må bli sikrare. Landet treng eit apparat som følgjer opp at lovane blir etterfølgt. Dette vil også gjere det tryggare for folk å leve og investere i landet.

c) Ein må utvikle industrien vidare, slik at landet får fleire arbeidsplasser og tener meir pengar.

d) Dei rike landa i verda må framleis støtte gode tiltak i Bangladesh. Her tenker eg at spesielt tiltak som utviklar utdanning og helse er viktig. Eit stort problem i Bangladesh er at når folk blir sjuke må dei betale kjempehøge sjukehusrekningar, og får ingen støtte av staten. Dette gjer at familiar som lever i fattigdom blir heilt ruinerte viss nokon blir sjuke.

5) Tror du utdanning er viktig for utvikling?

Utdanning er kjempeviktig for utvikling! Eg har besøkt fleire skular i Bangladesh, og bangladesharar elskar å lese. Dei elskar bøker, dikt og har veldig stor respekt for utdanning. Dei elevane eg har møtt når eg har vore i landet, har sagt at dei veldig gjerne vil gå på skulen. Det er stor forståing for at utdanning er viktig. Men samstundes er det veldig dyrt for ungdommar å gå på skulen. Ikkje nødvendigvis så dyrt å gå på sjølve skulen, men når ungdommane er vaksne nok til å arbeide, er det dyrt for familien at dei går på skulen i staden for å tene pengar til familien. Difor tas mange ungdommar ut av skulen tidleg.

6) Er du optimist på Bangladesh sine vegne?

Ja! Eg er optimist på Bangladesh sine vegne. Verdensbanken seier at innan 20 år så er landet et mellominntektsland. Dette er ganske imponerande, særlig med tanke på kor Bangladesh var for 20 år sidan. På de siste 20 åra har Bangladesh hatt ei enorm utvikling, og samanlikna med land som var på same utviklingsnivå for 20 år sidan, har Bangladesh kome mykje lenger.

Den største utfordringa for Bangladesh er det politiske systemet. Viss landet får eit betre og meir stabilt system vil landet få ei god og rask utvikling. Men dette er noko Bangladesh må finne ut av sjølv. Måten dei kan finne ut av det sjølv, er gjennom utdanning. Viss fleire får utdanning, vil dei sjå kva rettar dei har og kor viktig eit rettferdig og stabilt styresett er. Eg trur at utdanning er kjernen for at Bangladesh skal få ei god utvikling!

Intervju med Emamul Haque, program-koordinator for Strømmestiftelsen

Kvifor trur du det er fattigdom i Bangladesh?

Det er mange grunnar til at Bangladesh er eit fattig land, men eg vel å trekke frem fem hovudårsaker.

Overbefolkning                                                        Den største årsaka til at Bangladesh er eit fattig land er overbefolkninga. Bangladesh er eit veldig lite land, men det bur over 160 millionar i landet. 160 millionar fordelt på 147,570 km². Miljøet, storleiken på landet og ressursane i landet har ikkje kapasitet til 160 millionar menneske. Samstundes kan ressursane vanskeleg bli fordelt rettferdig, når dei skal fordelast på så mange menneske. Urettferdig fordeling av ressursar fører til at mange menneske må leve i fattigdom.

Flaum og skade                                                                                                                 Store deler av Bangladesh ligg under havets overflate og ved store elvar. Dette gjer landet veldig utsett for store vassmengder som kan gjere skade.  Dei fleste menneska som lever i fattigdom på landsbygda, lever i områder som er veldig utsette for dei årlege flaumane. Flaumane øydelegg avlingane, heimane og levekåra deira. Når menneske som lever i fattigdom mister heimane sine i flaumar, må dei ofte låne pengar for bygge seg et nytt hus. Dette gjer at dei blir enda fattigare. Når flaumane  blir så store at dei øydelegg store jordbruksområde, er det særs vanskeleg å kjempe mot fattigdom i landet. Viss store jordbruksområde går tapt, fører dette til tap av store matressursar og i verste fall til svult. 

Fleire utan land                                                                                                                 Fleire og fleire blir utan land på grunn av den aukande industrialiseringa av landbruket. Det fører til at fleire flyttar inn til byane og sluttar å dyrke sin eigen mat. Dette gjer at dei er avhengige av å tene pengar for å kjøpe maten, i staden for å leve av det de sjølv dyrkar.

Korrupsjon og politisk ustabilitet                                                                                         Ei stor utfordring for landet er korrupsjon og politisk ustabilitet. Nyleg har til dømes store deler av Bangladesh vore i streik, noko som har gjort at hovudstaden har vore heilt isolert frå andre distrikt. Bussjåførar har streika og vegar har vore blokkert. Dei som lever i fattigdom og lågare middelklasse lir mest. Korrupsjon og urettvis behandling øydelegg for utvikling i økonomien. Økonomisk vekst treng fellestrekk og rettferdig fordeling, og eit rettferdig rettssystem. Dette vesle landet vårt har ikkje råd til politisk ustabilitet eller korrupsjon.

Analfabetisme og politisk medvitNor                                                                Analfabetisme og politisk medvit er ein av hovudårsakane til fattigdom i Bangladesh. Viss fleire kunne lese og skrive, ville talet på  personer som lever i fattigdom også gått ned. Medvit om familieplanlegging, kvifor mange spedbarn døyr, korleis ein best behandlar mat, matinntak, kroniske sjukdommar osb. ville bidrege til at fleire bangladesharar kunne leve trygt og godt. Denne type informasjon er vanskeleg når så mange ikkje kan lese.

Intervju med Bornali Hajong (17) fra Bangladesh

Bornali Hajong er ei jente som bur med foreldra sine i landsbyen Gupalpur i Netrakona-distriktet. Ho er 17 år gamal. Ho har to brør og ei søster. Familien er veldig fattige. Dei bur på en jordlapp som kommunen eig. Bornali går i 8. klasse på Bidda-Niketon ungdomsskule. Ho ønskjer å studere vidare, men det kan bli ganske utfordrande. Skulen er langt frå landsbyen hennar og ho klarer derfor ikkje kome seg på skulen regelmessig. Faren hennar jobbar med å samle ved oppe i åssida, som han sel i byen. Bornali si mor er heimeverande og jobbar som sesongarbeider, det betyr at ho jobbar på risåkeren når det er mykje å gjere. 

Eg trur det er fleire årsaker til fattigdom i mitt lokalsamfunn, seier Bornali før ho ramsar opp ei rekke grunnar:

–  Ein av grunnane trur eg er analfabetisme. Ein annan grunn kan vere at lokalbefolkninga manglar kunnskap om moderne teknologi. Dei har ikkje nok jord til å dyrke på og manglar moglegheiter for å skape ei inntekt. Ofte får dei heller ikkje rett pris for det arbeidet dei faktisk utfører og produkta dei sel, fortel Bornali.

– Eg trur det er fleire ulike tiltak som kan hjelpe lokalbefolkninga til å auke si daglege inntekt, seier Bornali. Ho forklarer at det blant anna blir arrangert kurs for lokalbefolkninga der dei får råd om kva dei kan gjere for auke eiga inntekt. Desse kursa har Bornali stor tru på. 

–  Vidare seier ho at lokalbefolkninga i større grad kan prøve å starte små ”hagar” slik at dei kan vere sjølvforsynt med frukt og grønsaker. Dersom dei har litt midlar frå før kan det å starte opp med fjær-fe,  kvegdrift, fiske og landbruk vere eit godt alternativ for ein meir langsiktig økonomisk investering. Det finnest også ei rekke andre små ”businessar” som kan hjelpe dei å auke den daglege inntekta.

Refleksjonsspørsmål

  1. Korleis heng landet si historie saman med dagens fattigdom?
  2. Kvifor trur du utdanning er viktig for å kome seg ut av fattigdom?
  3. Kva meiner ein med industrialisering av landbruket og korleis kan det vere ei årsak til fattigdom?
  4. På kva måte kan klima hindre menneska i Bangladesh å kome ut av fattigdom?
  5. Kva er korrupsjon og kvifor er det en trussel for fordelinga av ressursar i Bangladesh? Kan de komme på eit tenkt døme?
  6. Nemn to grunnar til at Bangladesh stadig blir mindre fattig.
  7. Kvifor er det viktig at dei rike landa i verda fortset å støtte gode tiltak i Bangladesh?
  8. Forklar korleis analfabetisme kan vere ein av årsakene til fattigdom i Bangladesh.