Klimaet i Bangladesh

Nesten heile Bangladesh er lågland. Omlag 90 prosent av landet ligg mellom 0,5 og 10 meter over havet (moh). Dei einaste fjella ligg i nordaust og søraust. Dei fleste av desse fjella er berre mellom 240 og 600 moh. Det høgaste fjellet heter Keokradong. Det er 1230 moh. og ligg heilt søraust i landet.

Landet har over 800 elvar. Dei største elvane er Padma og Mamuna (Jamuna på engelsk). Desse elvane renn frå India, der dei blir kalla Ganges og Brahmaputra. Brahamputra renn heilt frå Kina.

Når det er regntid, og snøen smeltar i Himalaya, renn det veldig mykje meir vatn i elvane. Dette gjer at elvane fløymer over og blir til store innsjøar.

I sørvest ligg eit område der det nesten ikkje bur nokon. Området er dekka av ein skog som er så tett at det nesten ikkje går an å gå gjennom den. Skogen strekker seg inn i India. Her er det blant anna bengal-tigarar. 

Kart over Bangladesh

Oppgåver:

  • Last ned kartet her! Teikn inn kor fjella, skogen og dei store elvane ligg.

kilde:countrystudies.us, snl.no