Mirakelet i Bangladesh

Bangladesh er eit lite land. Likevel bur det over 160 millionar menneske der. Det er veldig mange menneske i eit så lite land. I 1962 fekk ei kvinne i gjennomsnitt sju barn i Bangladesh, i dag får kvinner mellom to og tre. Dette betyr at befolkningsveksten i eit land med så tett befolkning har stoppa opp. Professor Hans Rosling kallar dette mirakelet i Bangladesh.

Befolkningsveksten har stoppa opp

Bangladesh størrelse sammelignet med Norge

I Noreg får ei kvinne i gjennomsnitt mellom eitt og to barn. I land som Bangladesh, der store deler av befolkninga lever i fattigdom, får ofte kvinnene mange barn. Det er ulike grunner til at nokon vel å få mange barn, og det kan vere ulike grunner til at nokon vel å få færre barn.

Bangladesh er eit av verdas fattigaste land. I tillegg er det verdas tettast befolka land. Befolkningsveksten i Bangladesh har vore eit hinder for at landet skal kome seg ut av fattigdom. Heldigvis har befolkningsveksten stoppa opp.

Kvifor så mange barn?

Ei årsak til at kvinner får mange barn kan vere at dei ikkje brukar prevensjon. Nokre familiar veit kanskje ikkje korleis dei skal beskytte seg mot å bli gravide, eller så er det så dyrt med prevensjon at dei lar vere å bruke det. Andre stadar er det ulovleg å bruke prevensjon. Nokre land er strengt religiøse, og styrt av religiøse leiarar som meiner at prevensjon er synd. Andre stadar kan det vere mannen som nektar at kvinna skal beskytte seg fordi han vil ha flest mogleg barn. Kvinna manglar kanskje utdanning, og då har ho sannsynligvis ikkje jobb. Ho er difor heilt avhengig av mannen og pengane han tener. Dette gjer at han kan bestemme over henne, utan at ho har så mykje ho skulle ha sagt. Når kvinna manglar utdanning veit ho kanskje heller ikkje at ho har rett til å bestemme over eigen kropp.

Ei anna årsak kan vere at familien treng arbeidskraft. Desto fleire barn familien får, jo fleire kan hjelpe til på garden eller på åkeren, slik at familien får mat på bordet. I 1962 døydde éin av fire babyar som blei født i Bangladesh. Det var så få legar og sjukehus at mødrene måtte rekne med at nokre av barna dei fekk døydde. Dette gjorde også at dei heller ville ha nokre ekstra barn, slik at dei var sikre på at nokre av barna overlevde.

Bangladesh er eit lite land, men vegane er veldig dårlig utbygd så det tar lang tid å kome seg frå ein stad til ein anna. Store deler av befolkninga bur på avsidesliggande stadar som manglar tilgang til skule og helseklinikkar. Dette har gjort at størstedelen av befolkninga som bur på landsbygda lever i fattigdom. Befolkninga som lever i fattigdom på landsbygda har vanskeleg for å gå på skulen, og for å reise til legen når dei blir sjuke.

Utdanning reddar liv

Erfaringar frå både Bangladesh, og mange andre land, viser at når kvinner får utdanning overlever fleire barn. På skulen lærer dei ikkje berre å lese og skrive. Dei lærer også om korleis dei kan beskytte seg og familien sin mot sjukdommar, og korleis dei kan bruke prevensjon for å unngå å bli gravide. Når fleire av barna overlever, treng ikkje familiar som lever i fattigdom å få så mange barn.

Når jenter får utdanning er det meir sannsynleg at dei får jobb og tener sine eigne pengar. Dei er ikkje avhengige av mannen sine pengar, og kan difor bestemme like mykje i huset som mannen. I tillegg lærer jenter om rettane sine. Alle menneske har rett til å bestemme over sin egen kropp. Viss ei jente ønskjer å bruke prevensjon for å unngå å bli gravid, har ho sin fulle rett til det.

Betre helsetilbud

Skule og helse heng saman. På skulen kan ein lære korleis ein kan beskytte seg mot sjukdommar, og korleis leve et sunt liv. Mor har rett til å gå på skulen og til å lære om helse og kosthold. I tillegg må ho ha ein lokal helseklinikk ho kan besøke under graviditeten og fødselen. På helseklinikken må barna vaksinerast mot farlige sjukdommar.

At mor og barn held seg friske både når mor er gravid og når barnet er lite heng saman med befolkningsvekst. Skular og helseklinikkar gjer at det er større sjanse for at barn overlev og veks opp til å bli friske og sterke. Dette gjer at familiane på landsbygda ikkje treng å få så mange barn.

Mirakelet i Bangladesh

Bangladesh blir ofte brukt som døme på ein utviklingssuksess. Den drastiske nedgangen i talet på barn som døyr, og befolkningsvekst er to av dei viktigaste faktorane som ein trekk frem. Mange familiar har begynt å planlegge kor mange barn dei skal ha, barna veks opp til å bli sunne og friske, og nesten alle barn byrjar på skulen. Det er framleis mange utfordringar som ein må løyse i Bangladesh, men den positive utviklinga landet har sett dei siste åra gir håp for ei betre framtid.

Klassesamtale og oppgåver nedst på sida. Filmen forklarer befolkningsnedgangen i Bangladesh med figurar. Filmen er på engelsk.

Professor Hans Rosling forklarer utviklinga han kallar Mirakelet i Bangladesh



Klassesamtale:

–  Kor mange barn må kvar kvinne få i eit land for at landet skal ha befolkningsvekst?      

–  Her kan dei sjå befolkningsveksten i verda. Ser vi ein befolkningsvekst eller nedgang i verda i dag? Kva land er det som veks raskast?                                                                   

–  Finn ut gjennomsnittet for kor mange søsken elevene i klassen har. Kva trur de er hovudgrunnen til at kvinner får så få barn i Noreg?                                                                   

–  Kva trur de er grunnen til at kvinner får meir dei skulle ha sagt i huset dersom ho jobbar og tener sine egne pengar?

Oppgåver:

1) Kor mange barn fødde ei kvinne i Noreg i a.) 1850, b.) 1900, c.) 1950 og d.) 2000 - Lag et søylediagram. Kva trur de er grunnen til at vi har hatt den utviklinga i Noreg? Skriv minst tre grunnar.                                                                                                                   

2) Skriv ei liste med minst fem punkt for kva som er viktig å lære på skulen for at familiar ikkje skal få så mange barn.                                                                                                        

3) Forklar med eigne ord kvifor høg befolkningsvekst er eit problem for utvikling.

                         

4) Søk og lær om vaksiner. Kva var den første vaksinen og kva skjer eigentleg med kroppen når ein tar ein vaksine?