Planlegg ei reise til Bangladesh

Du skal reise på ferie til Bangladesh.

Budsjett

Du har spart opp 25 000 kroner. Desse pengane skal dekke flybillett, reiseforsikring, vaksiner, hotell og mat. Finn prisar for flybilletter, reiseforsikring og hotell. Finn ut kva vaksinar du treng, og kor mykje det kostar å ta desse. Set opp eit budsjett, og bestem deg ut frå dette for kor lenge du vil vere borte.

Program for reisa

Når du har bestemt deg for datoar og lengde på reisa, leser du deg opp på kva du ønsker å sjå i landet. Du må sjå minst tre historiske stadar, vere i minst tre ulike byar, og ete typisk bengalsk mat. Les deg opp på Bangladesh, og lag eit program for reisa.

Pakking og tryggleik på reisa

Kva trenger du å ha med til Bangladesh? Skriv ei liste på klede og utstyr som er lurt å ha med. Her er det viktig å sjekke vêret i perioden du er der. Er det regntid, vinter eller sommar? Er det temperatur - eller vêr- forskjellar mellom dei ulike byane du skal til?

I Bangladesh er det veldig vanleg å få "bangla belly". Drikkevatnet er forureina, det er ekstremt mange menneske i landet, og mange har ikkje kunnskap om, eller moglegheit til, å vaske seg på hendene. Kva kan vere lurt å pakke i bagen for å unngå å bli sjuk?

Fortel fra turen

Du har akkurat kome heim frå Bangladesh. 

Lag en presentasjon med bilete og historier frå turen din. Her kan du ha med budsjett for turen, planlegginga, programmet osv. Kva likte de best? Kva likte de dårlegast? Kva gjorde mest inntrykk på dykk? Beskriv maten, naturen og reisinga. 

Presenter for klassen.

Forslag til kjelder:

heiverden.no (her kan du også laste ned mange bilete), lonleyplanet.com, tripadvisor.com, globalis.no, landsider.no/land/bangladesh