Religion i Bangladesh

Her kan du lære om dei ulike religionane og dei ulike religiøse høgtidene i Bangladesh.

 

Eit muslimsk land

I Bangladesh tar det ikkje lang tid før ein får auge på ein av dei mange moskeane, eller høyrer bønnerop som strøymer ut frå det høgaste tårnet til moskeane, minareten. Rundt 90 % av befolkninga er nemleg muslimar.

Muslimar feirar to store høgtidar kvart år. Eid al-fitr er ein takkefest for å avslutta fasta ramadan, og eid al-adha er ein ofringsfest. Under begge feiringane går muslimar i moskeen. I Bangladesh et familiar og vener god mat saman under eid. Mange pyntar seg litt ekstra og målar hendene med mehndi. På ofringsfesten er det vanleg å slakta ei ku eller ein sau. Kjøttet delar familiane i tre, der dei et ein del sjølv, gir ein del til familien sin, og den siste delen til fattige. I Dhaka, der det bur 20 millionar menneske, blir fleire millionar kyr slakta!

Alle gler seg til denne festen, då blir alle gode og mette. Alle, uansett om dei er rik eller fattig, får eit godt og stort kjøttmåltid. Er ikkje det ein fin tradisjon?

Mange er hinduar

Dei fleste som ikkje er muslimar i Bangladesh er hinduar. Hinduane i Bangladesh feirar ein stor fest som heiter Durga Puja. Det er ein festival som varer i seks dagar. Under festivalen går dei i tempelet, familiane et god mat, kjøper nye klede viss dei har råd til det, og pyntar seg. I tillegg pleier det å vere store arrangement i byane, med flotte statuar og vakker musikk. Alle er velkomne på desse arrangementa, uansett religion.

På våren feirar hinduane Holi festivalen, og barna feirar med å kasta vatn i mange ulike fargar på kvarandre. 

Buddhistar og kristne

Ein liten del av befolkninga i Bangladesh er buddhistar eller kristne. Nokon er òg animister. Animisme er trua på at alt har ein sjel eller ånd, både døde og levande ting.

Sjølv om dette er ein liten del av den totale befolkninga i Bangladesh blir det ganske mange menneske, sidan landet har ei så stor befolkning.

Mehndi på hendene

Uansett religion, likar barna og kvinnene å teikne mendhi på hendene sine. Når det er eid, Durja Puja eller jul malar kvinner og barn hendene så det nesten ser ut som smykke. Fint, ikkje sant?


OPPGAVER

  • Kva for nokre ulike religionar har elevane i klassen din og kva høgtider blir feira?

  • Både den muslimske høgtiden Eid al-adha og den kristne høgtiden jul markerar hendelsar beskrevet både i bibelen og koranen. Kva for nokre hendelsar er dette og er det nokre ulikskap i måten dei blir beskrevet på?

  • Alle dei største religionene i Bangladesh beskrives som verdsreligionar. Kva for nokre andre verdsreligionar finnes, og kva er kjenneteikna på ein verdsreligion?

  • Kva religionar er størst i nabolanda til Bangladesh?

  • Finn ut kor mange menneske som bur i Bangladesh. 90 % av befolkninga er muslimar. Kor mange menneske utgjer det? Kor mange menneske tilhøyrer andre religionar?


KOMPETANSEMÅL

    • Beskrive og presentere noen sentrale rituelle praksiser og etiske normer fra østlige og vestlige religioner og livssynstradisjoner