Urfolk i Bangladesh

Det er omlag 53 forskjellige grupper med urfolk i Bangladesh. Av dei 160 millionane menneska som bur i landet, er berre 1,3 prosent av befolkninga urfolk. Det betyr at omlag to millionar menneske er urfolk i Bangladesh.

Urfolka i Bangladesh har ein litt anna kultur, mange har ein annan religion, dei fleste har eige språk og fleire har ein litt anna utsjånad enn dei typiske bengalarane.

Dei aller fleste av innbyggarane i Bangladesh er muslimar. De fleste urfolksgruppene er enten kristne eller buddhistar. Urfolka er med andre ord både ein kulturell minoritet, språklig minoritet og religiøs minoritet.

Familien til Nobel


På det øvste biletet ser du Nobel og på det nedste bildet ser du småsøskena til Nobel. Familien er urfolk og kristne. Dei snakkar eit anna språk enn Bangla og har ein anna kultur enn dei fleste i Bangladesh.

Ein kan sjå på skjørta til kvinnene eller høyre på språket om nokon er urfolk. Dei feirar jul og ikkje eid. På skulen får elevane undervisning på Bangla, men sidan dei snakkar eit anna språk, er det ikkje alle barna som forstår så godt kva læraren seier.

Diskriminering og rasisme

Mange av urfolka i Bangladesh opplever å bli diskriminert og som i veldig mange andre land, lever mange av urfolka i fattigdom. Dei har dårleg tilgang til skule for barna sine og det er langt til helsestasjoner.

Nobel har aldri opplevd å bli diskriminert, men foreldra hans har opplevd det mange gonger. Det kan vere vanskeleg for foreldra å få jobb, spesielt sidan dei ikkje snakkar så godt Bangla. I tillegg er det mange som trur at dei er litt latare enn andre bengalarar. Det er ikkje sant, vi er like flinke til å arbeide som alle andre.

Spørsmål til diskusjon:

  • Kva betyr diskriminering?
  • Har vi diskriminering i Noreg i dag? Kven blir diskriminert og kvifor?
  • Kva kan du gjere for å forhindre/førebygge diskriminering?

Forslag til oppgave:

–  les om samar - http://www.ung.no/samar/. Fordel temaene på ulike grupper. Hald føredrag for resten av klassen. Til slutt samanliknar de samar i Noreg og urfolk i Bangladesh. Kva er likt og kva er ulikt?

–  les om urfolk sine rettar: https://snl.no/urfolks_rettigheter. Har samar i Noreg og urfolk i Bangladesh, fått innfridd rettane sine?

Forklaring av vanskelige ord:

Diskriminert: betyr å bli behandla annleis på ein dårleg måte fordi du har ein annan kultur, eit anna språk, utsjånad, handikap eller nasjonalitet.

Minoritet: betyr i mindretall.

Kulturell minoritet: betyr at kulturen er i mindretal. Dei som har denne kulturen har ein annan kultur enn den kulturen dei fleste i landet har. 

Religiøs minoritet: betyr at religionen er i mindretal. Dei som har denne kulturen har ein annan kultur enn den kulturen dei fleste i landet har. 

Språklig minoritet: betyr at språket er i mindretal. Dei som snakkar dette språket snakkar eit anna språk enn det dei fleste i landet gjer.

Urfolk: er eit folk som har bevart sin tradisjonelle kultur og sine verdiar, og som levde i område før storsamfunnet overtok eller staten blei etablert. 

Urfolksgrupper: er ulike grupper av urfolk. Dei som ser på seg sjølv som ei urfolksgruppe fordi dei har ein annleis tradisjonell kultur.

----

Kjelder: ruralpovertyportal.org; landinfo.no; snl.no