Bli kjend med Laos

Litt mindre enn Noreg, med over 100 etniske grupper. Gjestfritt, fargerikt og med frodig natur,  men også fattig og udemokratisk. Laos er ein av dei få attverande kommunistiske eittpartistatane i verda.

Geografi

Laos ligg i Søraust-Asia, inneklemt mellom Kina i nord, Vietnam i aust, Kambodsja i sør og Thailand og Myanmar i vest. Plasseringa gjer at Laos er avhengig av å ha eit godt forhold til naboane for å importere og eksportere varer. Mesteparten av importen og eksporten går via Thailand, Vietnam og Kina.



Laos er delt inn i 16 provinsar + hovudstaden Vientiane, som er eit eige administrativt område. Frå sør mot nord er provinsane: Champasak, Attapu, Xekong, Salavan, Savannakhet, Khammouan, Bolikhamxai, Viangchan, Xaignabouli, Xiang Khouang, Louang Phrabang, Houaphan, Oudomxai, Bokeo, Louang Namtha og Phongsali.

Dei viktigaste naturressursane i Laos er vasskraft, tømmer, gips, tinn, gull og edelsteinar. Laos er rikt på vasskraft, men utnyttinga av vasskrafta er omstridd, sidan all utbygging av vasskraft påverkar vassføringa til Mekong. Derfor har alle landa Mekong renn gjennom (Myanmar, Laos, Thailand, Kambodsja og Vietnam), med unntak av Kina, forhandla fram ein avtale som regulerer kor mykje kvart land kan utnytte vassressursane i elva. I motsetnad til naboane sine har Laos framleis store tømmerressursar. Desse ressursane er ettertrakta, men Laos prøver å utnytte ressursane på ein slik måte at landet også vil kunne ha glede av dei i framtida. Tømmerhogging er strengt regulert, men det skjer dessverre mykje ulovleg hogging.

Industri er lite utbygd i Laos. I tillegg til vasskraftproduksjonen og treindustrien finst det ein del gruvedrift på gips og tinn og i mindre grad på gull og edelsteinar. Mesteparten av desse produkta blir eksporterte utan at dei blir foredla i Laos. Grunna lave lønningar og fordelaktige eksportavtalar med EU har det dei siste åra vakse opp ein stor tekstilproduksjon. Mesteparten av denne produksjonen er retta mot eksportmarknaden. Av jordbruksprodukt er kaffi det største eksportproduktet. Laos er stort sett sjølvberga med ris, men importerer olje, maskiner, bilar og det meste av nødvendige forbruksartiklar.

Kommunikasjonane i Laos er dårleg utbygde. Landet har inga jarnbane, og hovudvegnettet er avgrensa. Det er gjort store investeringar innan vegutbygging dei siste åra, men det er enda langt igjen. Fyrst i 1994 blei den fyrste brua over Mekong (mellom Laos og Thailand) bygd. Denne brua gjorde import og eksport mykje enklare. Tidlegare måtte alle varer fraktast med ferje over elva. No er endå ei bru opna, og to nye er under oppføring. Det finst 41 flyplassar i Laos, men dei fleste er småflyplassar med rullebane utan fast dekke. Berre flyplassen i hovudstaden Vientiane er stor nok til å ta imot større fly, men to andre flyplassar har internasjonalt flysamband til naboland (Luang Prabang og Pakxe).

Natur og klima

Laos har eit tropisk monsunklima med to markante årstider. Regntida startar vanlegvis i mai og varer til oktober/november. Tørketida startar i november og varar ut april. Tørketida er den kaldaste tida på året, med temperaturar ned mot 15 gradar i låglandet. Oppe i fjella kan temperaturen falle ned mot 0 gradar om nettene. I den varmaste tida, rett før regntida startar, kan temperaturen kome opp i 40 gradar, men han ligg vanlegvis mellom 30 og 35 gradar.

Ei av dei store elvane i verda, Mekong (over 4000 km. lang), renn på langs av heile Laos. Lengst i nord og langs den midtre delen av landet er Mekong grense mellom Myanmar og Laos og Thailand og Laos. Elva er ei viktig transportåre, men grunna store fossar og stryk i sør og i nord er det berre deler av elva som kan brukast av større båtar. Mekong gir grobotn for eit rikt jordbruk langs elva og på flomslettene i dei sørlegaste provinsane. Den nordlege delen av landet er dekt av fjell og fjellplatå. I provinsen Xiang Khouang ligg det høgaste fjellet, Phou Bia på 2817 moh. Det lågaste punktet i Laos, ca. 70 moh., er der Mekong renn inn i Kambodsja (i provinsen Champasak). Sidan mesteparten av Laos er dekt av fjell og skog, er det berre ca. 4 % av arealet som er dyrka.

Laos har ingen nasjonalparkar, men 20 område er regulerte som ”nasjonalt verna område”. I desse områda er det innført strenge innskrenkingar på utbygging og utnytting av naturressursane. Heile 14 % av Laos er regulert som nasjonalt verna område.

Historie

Områda langs Mekongelva og slettelandet rundt blei truleg folkesett for over 10 000 år sidan. Dei fyrste innbyggjarane var organiserte i små fyrstedømme eller bystatar. Dei nordlege områda blei folkesett hovudsakleg av Thai- og Lao-folkegrupper, medan dei sørlege områda blei busett av Khmer folkegrupper. Det var stadig uro mellom dei forskjellige statane, og somme voks seg sterke og dominerande.

På 1300-talet gjorde Thai-grupper opprør mot det dominerande Khmer-kongedømmet og etablerte Lan Na Thai-riket (tyder millionar av Thai-rismarker). Dette riket dekte store delar av Nord-Thailand og Nord-Laos. Rundt midten av 1300-talet gjorde ein Lao-krigsherre (Chao Fa Ngum) opprør og etablerte eit nytt og større rike som blei kalla Lan Xang (millionar av elefantar). Hovudstaden blei etablert i Muang Sawa, som seinare skifta namn til Luang Prabang, og Theravada-buddhismen blei introdusert som statsreligion (ei grein av buddhismen). Gjennom stadige erobringar av naborike voks Lan Xang-riket, men ut på 1400-talet auka den interne splittinga, og stadige interne kampar mellom utfordrarar til trona svekte landet. I 1520 flytte den dåverande kongen hovudstaden frå Luang Prabang til Vientiane.

I 1637 overtok Suriya Vongsa trona i Lan Xang-riket og beheldt ho til han døydde i 1694. Desse 57 åra blir rekna som Laos (Lan Xang) sin gullalder. Grensene blei utvida og styrkte, og landet voks i rikdom og makt. Men då Kong Suriya Vongsa døydde utan ein arving, gjekk riket fort i oppløysing takka vere kampar mellom potensielle etterfølgjarar. Stadige krigar mellom utfordrarane til trona og eit framveksande Siam (Thailand) førde til at Lan Xiang-riket blei splitta opp i tre mindre rike og seinare overteke av Siam.

Mot slutten av 1800-talet etablerte kolonimaktene Storbritannia og Frankrike seg i Asia. Begge var interesserte i å få størst mogeleg makt og gjorde avtalar med større og mindre kongedømme for å få fotfeste. Storbritannia etablerte seg i Burma og fekk eit godt forhold til Siam (Thailand), medan Frankrike etablerte seg i Vietnam og starta forhandlingar med Siam om å få overta kontrollen av Laos. I perioden 1893 til 1907 førte ei rekkje avtalar mellom Siam og Frankrike til at heile Laos blei eit fransk protektorat (koloni). I 1897 blei Kina, Storbritannia og Siam (Thailand) einige om grensene som i dag gjeld for Laos. Frankrike si hovudinteresse i regionen var heile tida Vietnam, og såleis blei Laos aldri prioritert i utviklinga av området. Laos var interessant som ein ”buffer” mot Siam og makta til England i regionen. For å oppretthalde eit godt forhold til Siam lét Frankrike Siam få den mest folkerike regionen i Laos, Isan, på vestsida av Mekong (Nordaust-Thailand).

Franskmennene innsette Sisavang Vong som konge i Laos og bygde opp ein moderne regjeringsstruktur. Men i staden for å byggje opp eit laotisk byråkrati importerte dei byråkratar frå Vietnam og brukte desse i alle sentrale posisjonar. Dette skapte stort misnøye blant laotane og var ei viktig årsak til konfliktane som følgde då Frankrike seinare trekte seg ut av Laos.

Mot slutten av den andre verdskrigen okkuperte Japan Laos. Laotane gjorde lite motstand, for dei syntest at dei fekk større sjølvstyre av japanarane enn av franskmennene. Rett før slutten på krigen tvang japanarane Kong Sisavang Vong til å erklære Laos sjølvstendig, sjølv om han eigentleg var tilhengjar av framleis fransk herredømme. Statsministeren derimot, prins Phetsarat, var svært ivrig etter å lausrive Laos og skapte derfor ei motstandsrørsle, Lao Issara, for å sikre at Frankrike ikkje tok makta attende. Då japanarane trekte seg ut, okkuperte Frankrike Laos på ny, men prins Phetsarat greidde i det stille å få nasjonalforsamlinga til å vedta ei ny grunnlov og erklære Laos som sjølvstendig stat. Kong Sisavang Vong var imot dette og blei i ein kort periode avsett, men vart i 1946 innsett som konge på nytt. Franskvennlege geriljasoldatar gjorde eit kupp og forhindra lausrivinga. Regjeringa til prins Phetsarat flykta til Thailand og oppretta ei eksilregjering der.

Under krigen hadde ei sterk kommunistisk frigjeringsrørsle, Viet Minh, utvikla seg i Vietnam. Under leiing av Ho Chi Minh blei Viet Minh ei stor utfordring for Frankrike. Fleire laotiske grupperingar søkte støtte frå Viet Minh og kopierte den kommunistiske ideologien deira. På grunn av aukande problem i Vietnam ønskte Frankrike å kome fram til ei fredeleg løysing i Laos, men den interne splittinga i Lao Issara og framveksten av andre parti gjorde det vanskeleg å kome fram til ei felles løysing. I perioden 1949 til 1953 forhandla Frankrike likevel fram sjølvstende for Laos, sjølv om eksilregjeringa ikkje var involvert. I oktober 1953 trekte Frankrike seg heilt ut, og Laos blei erklært ein sjølvstendig nasjon.

Ingen parti eller grupperingar hadde fleirtal i Laos. Stadige kampar mellom fraksjonane gjorde det vanskeleg å styre landet. I tillegg var administrasjonen og byråkratiet lite og dårleg utbygd. Dette medverka også til at den kommunistiske frigjeringsrørsla Pathet Lao, som blei leia av Kaysone Phomvihane, blei styrkt. Med stønad frå Viet Minh-rørsla i Vietnam etablerte dei eit kommunistisk parti i 1955. Då Viet Minh-styrkane sigra over dei franske styrkane i 1954 (slaget ved Dien Bien Phu), trekte Frankrike seg ut av Vietnam, og Vietnam blei delt i ein kommunistisk stat i nord og ein vestleg støtta stat i sør. USA involverte seg meir og meir i regionen for å unngå at kommunistane skulle ta over makta i alle dei søraust-asiatiske landa. Då Nord-Vietnam gjekk til åtak på Sør-Vietnam i 1959 (for å frigjere sine ”undertrykte” søstrer og brør i sør), starta Vietnamkrigen. USA involverte seg kraftig på Sør-Vietnam si side for å demme opp mot frammarsjen til kommunistane.

Sjølv om Laos ikkje var direkte involvert i Vietnamkrigen, blei dei indirekte trekte inn i han likevel. Nord-Vietnam transporterte troppar, ammunisjon og utstyr til fronten i sør gjennom Laos (Ho Chi Minh-vegen), medan amerikanske bombefly flaug over Laos på bombetokta sine i Nord-Vietnam og bomba transportrutene til nordvietnamesarane i Laos. Følgjene var at Laos vart eit av dei landa i verda som har blitt bomba mest. Sjølv i våre dagar døyr det mange menneske kvart år på grunn av gamle udetonerte bomber og miner som ligg att etter Vietnamkrigen.

Også i det politiske spelet i Laos engasjerte amerikanarane seg sterkt. Dei støtta favorittane sine både økonomisk og militært og var mellom anna med på å jukse med valresultat for å sikre at kandidatane deira vant. Vidare bygde dei opp og trena ein motstandshær for å sikre seg mot kommunistisk overtaking.

Då USA til slutt måtte trekkje seg ut av Vietnam, og Viet Minh-styrkane overtok makta i heile Vietnam, greip Pathet Lao og kommunistpartiet i Laos sjansen og gjekk til å tak på det amerikanskstøtta styret i Laos. Motstanden var liten, og i desember 1975 blei Laofolket sitt revolusjonære parti (LPRP, det kommunistiske partiet) erklært som det einaste lovlege partiet i Den demokratiske folkerepublikken Laos (Lao PDR). Den fyrste leiaren til motstandsrørsla Pathet Lao, Kaysone Phomvihane, blei statsminister i den nye regjeringa og sat i den posisjonen fram til han døydde i 1992.

Dei fyrste åra etter maktovertakinga styrte LPRP landa med hard hand. Mange tusen blei sende til omskuleringsleirar, buddhismen blei undertrykt, og kampen mot dei USA-støtta motstandsstyrkane som framleis eksisterte, vart intensivert. Kongefamilien blei avsett, arrestert og forviste til eit avsidesliggjande fengsel i nokre fjellholer, der dei seinare døydde av vanstell. Dette førte til at mange tusen laotar flykta frå landet. Dei fleste flykta over Mekongelva og inn i Thailand, der dei vart samla i store flyktningleirar. Det at Thailand lét flyktningane frå Laos bli i landet, skapte eit spent tilhøve mellom Thailand og Laos. Det kom til trefningar langs grensa med jamne mellomrom. Den siste grensekrigen mellom Thailand og Laos varte i 3 månader rundt årsskiftet 1987/1988. Meir enn 100 soldatar blei drepne. Etter denne krigen har tilhøvet mellom landa blitt vesentleg betre, og dei har i dag eit godt naboskap.

Etter kvart som perestroika- og glasnost-rørslene til slutt førte til at kommunismen fall og Sovjetunionen vart oppløyst, miste Laos sin viktigaste støttespelar. Økonomisk, militært og utdanningsmessig hadde Laos vore avhengig av Sovjetunionen. Etter oppløysinga fall det meste av den økonomiske støtta bort, og Laos blei nøydd til å finne andre land å støtte seg på. Dei har derfor dei siste åra opna seg meir og meir mot Vesten og andre asiatiske land. Det kommunistiske styret er blitt mykje mindre undertrykkjande, og det private næringslivet har fått ein større plass.

Politisk system

Laos er ein kommunistisk eittpartistat. Landet er ein republikk. Regjeringa har den utøvande makta og blir leidd av statsministeren. Den lovgivande makta ligg hos nasjonalforsamlinga. Nasjonalforsamlinga har 109 representantar som er valde for 5 år om gongen (allmenn stemmerett). Presidenten blir vald av den nyvalde nasjonalforsamlinga for den same perioden (5 år). Presidenten peikar ut statsministeren og dei andre ministrane, men desse må godkjennast av nasjonalforsamlinga. Statsministeren og ministrane blir valde for den same 5-årsperioden.

Den dømmande makta ligg hos domstolane. Den øvste domstolen er Høgsterett. Leiaren av Høgsterett blir utnemnd av nasjonalforsamlinga.

Det einaste lovlege partiet i Laos er Laofolket sitt revolusjonære parti (LPRP). 

Folk og kultur

Laos har ingen einsarta folkesetnad. Rundt 100 ulike etniske folkegrupper er registrerte, men til vanleg blir desse samla i fire hovudgrupper, til dels på grunnlag av etniske kriterium, men like mykje etter kvar dei i hovudsak held til.

Lao Loum er den største hovudgruppa. Desse blir rekna som dei etniske laotane og utgjer omtrent halvparten av folkesetnaden. I all hovudsak er Lao Loum-folka busett i låglandet langs Mekongelva og dyrkar våt-ris. Den mest utbreidde religionen blant Lao Loum er buddhismen. Lao Loum snakkar språket lao, som er det offisielle språket i Laos.

Ei gruppe som er nær i slekt med Lao Loum, er Lao Thai. Språket er omtrent det same, men desse bur i all hovudsak i dalbotnane langs dei andre større elvane. I motsetnad til Lao Loum dyrkar Lao Thai-folka både våt-ris og tørr-ris, og mange av dei er animistar.

Lao Theong er den tredje hovudgruppa. Denne gruppa består av mange små folkegrupper som mange meiner er etterkomarane etter dei opphavlege folkegruppene i Laos. Khamu, Htin, Lamet, Laven, Katu og Katang er dei største undergruppene. Felles for Lao Theung er at dei for det meste bur oppe i fjellsidene (mellom 300 og 900 moh.), og at dei dyrkar tørr-ris. Dette er den fattigaste av dei 4 gruppene. Mange Lao Theung arbeider som sesongarbeidarar for Lao Soung-folka eller driv bytehandel med dei andre folkegruppene.

Lao Soung er høglandsfolk og bur oppe på fjelltoppane, ofte over 1000 moh. Den største folkegruppa er Hmong, men Lao Soung-gruppa omfattar også folkegruppene Mien, Lahu, Akha og Lisu. Lao Soung-folka driv tradisjonelt svibruk og dyrkar tørr-ris og mais, men har òg tradisjon for å dyrke opium. Lao Soung-folka er i all hovudsak animistar og fedredyrkarar.

I tillegg til desse fire hovudgruppene bur det også ein god del kinesarar og vietnamesarar i Laos.

Religion

64 % av folkesetnaden i Laos blir rekna som buddhistar. Sjølv om buddhismen blei kraftig undertrykt dei fyrste åra etter kommunistane si overtaking, har han dei seinare åra blussa opp att og står no veldig sterkt i samfunnet. I låglandet og i dei større byane finn du flotte tempel, både gamle og nye, og du ser munkar i oransje kapper over alt. Munkane har ein høg posisjon i samfunnet og nyt stor respekt. Etter buddhistisk tradisjon skal alle menn vere ei tid som munkar i tempelet. Tidlegare var det vanleg med minst tre månader, men no er det mange som berre er innom i ei veke eller to. Det er ikkje noko krav om at kvinner skal vere nonner, men det hender. Nonnene skil seg frå munkane ved at dei ber kvite kapper i staden for mennene sine oransje eller raudbrune kapper. Felles for begge er at dei må barbere hovudet i den tida dei er nonner eller munkar.


Mat

Det er blitt sagt om laotane at dei et ”alt som rører seg, og alt som er grønt.” Dette er kanskje ei overdriving, men det laotiske kjøkkenet er ganske spennande. Hovudingrediensen i dei aller fleste måltida er ris. I Laos blir det dyrka to hovudtypar ris: våt-ris, også kalla låglandsris, og tørr-ris eller høglandsris. Våt-risen blir dyrka i låglandet på marker som blir overfløymde av vatn. Tørr-risen blir dyrka oppe i fjellsidene og blir sådd rett i bakken utan at markene blir overfløymde. I låglandet og langs elvane er våt-risen vanlegast, medan tørr-risen er vanlegast blant minoritetsfolka oppe i fjella. I staden for den vanlege kvite risen vi er vane med her heime, føretrekkjer laotane ein klistrete rissort. Denne smaker litt annleis og er veldig praktisk å ete med fingrane. Til risen et laotane masse grønsaker, alt frå blad på trea til vanleg salat og kål. Fisk og kjøt er vanleg, men i sesongen er larvar, grashopper og maur populære delikatesser. Laotane set også stor pris på øgler, slangar og froskar. Den vanlegaste kvardagsretten i Laos blir kalla lap. Han vert laga av ris, grønsaker og ein farse av finhakka kjøt steikt saman med ulike krydder og urter. Retten smakar stort sett likt uansett kva kjøt du brukar, for det er krydderet som set smaken. Laotane liker elles godt krydra mat, så det hender ofte at det brenn godt på tunga når du et tradisjonell laotisk mat.


Sist revidert juli 2019

Kjelder:

Paul and Elaine Lewis: ”Peoples of the Golden Triangle”
Lonely Planet, Laos
CIA, World Factbook, Laos, 2019
UNDP, Human Development Reports
Samtalar med Norwegian Church Aid Laos stab

Kompetansemål

 Samfunnsfag (10. trinn):                                                                                                                                                    

  • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag                                                                                                     
  • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd. 
  • Gjere greie for årsaker til og konsekvenser av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane.                                           

KRLE (10. trinn):                                                                                                                                                                   

  • Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom