Dyr i Laos

Fargelegg dyra i Laos her

Tenk deg å kome over eit dyr som ingen har høyrt om før. Eller som forskarane trudde var utrydda for millionar av år sidan. Det har skjedd i Laos. Så seint som i 2005 blei ein ny dyreart oppdaga: laotisk fjellrotte.

Rundt 80 % av Laos er dekt av ein tjukk jungelliknande skog der dyra har levd eit godt og skjerma liv. Mykje av denne skogen har aldri vore utforska, så her finst det dyreartar vi aldri har høyrt om, og nokre dyreartar vi trudde var utrydda for fleire millionar år sidan!

Men kor lenge vil det vare? I dag blir skog hoggen ned i rekordfart i Laos, anten fordi store internasjonale firma skal få byggje fabrikkar og vegar, eller fordi den fattige folkesetnaden skal få meir jord å dyrke. Dette går dessverre ut over dyra, som får eit stadig mindre område å leve på. I tillegg blir mange av dei flotte dyra i Laos jakta på ulovleg og selde i Vietnam, Thailand og Kina.

Her er nokre kjende og nokre ukjende dyr frå jungelen i Laos.

Tiger

I Laos finst det ein type tiger som blir kalla for indokinesisk tiger eller Corbetts tiger. Han er oppkalla etter engelskmannen Jím Corbett, som forska mykje på tigrar på 1800- og 1900-talet.

Denne tigeren er ein underart av den vanlege tigeren som vi finn i blant anna India. Han held berre til i Søraust-Asia, i landa Kambodsja, Kina, Laos, Malaysia, Myanmar (Burma), Thailand og Vietnam.

Dei indokinesiske tigrane kan bli nesten 3 meter lange og vege opptil 200 kg. Dei lever stort sett i djupe skogar, i ulendt terreng. Dei har ofte halde til i grenseområde mellom to land, der det ikkje er lov for menneske å ferdast, så det er ikkje gjort så veldig mykje forsking på desse tigrane før. Ein har rett og slett ikkje funne dei.

Dei indokinesiske tigrane er store og sterke og kan derfor jakte på dei fleste dyr. Dei jaktar særleg på antiloper, villsvin, hjort, slangar, apekattar, babyelefantar og viltkveg. Nokre få gonger jaktar dei også på leopardar, bjørnar og andre tigrar.

Den indokinesiske tigeren er ein utryddingstruga art, og det finst berre litt over 1000 dyr igjen i heile verda. Det er usikkert kor mange av desse som finst i Laos, men mest sannsynleg berre nokre få hundre dyr. Grunnen til det er ulovleg jakt. Rovjegerar og fattige bønder skyt tigrane for å selje til Kina, der delar av kroppen blir brukte i den tradisjonelle kinesiske medisinen

Solbjørnen

Denne bjørnen har fått det koselege namnet malaysisk solbjørn. Det kjem av at han har eit område med heilt gul-oransje pels framme på brystet og somme gonger rundt auga og snuten. Resten av pelsen er heilt svart.

Pelsen til solbjørnen er eigentleg veldig spesiell. Han er heilt kort og glatt, i motsetnad til andre bjørnar, som ofte har lang og lòden pels. Det kjem nok av at solbjørnen berre held til nede i låglandet og ikkje treng å verne seg mot streng kulde. Solbjørnen går heller ikkje i hi om vinteren.

Den malaysiske solbjørnen er den minste bjørnen i heile bjørnefamilien. Han kan berre bli litt over ein meter lang og veg på det meste 65 kg. Sidan han er så liten, blir han nokre gonger kalla for hunde-bjørn.

Solbjørnen er eit nattdyr. Det tyder at han jaktar om natta og søv om dagen. Då ligg han på ei av dei nedste greinene i eit tre og slappar av. Når kvelden kjem, går han på jakt, også det ofte i trea. Solbjørnen klatrar i det heile teke ganske mykje i tre. Han har potar som er perfekte til klatring.

Maten som han et, er veldig variert. Det kan vere alt frå små firfisler, fuglar og små pattedyr til frukt, egg, termittar, unge skot frå palmetre, bikubar, bær, insekt, røter, kakaoplantar og kokosnøtter.

Saola

Saola eller Vu Quang-oksen, som han også blir kalla, er eit av det sjeldnaste pattedyra i verda. Han har berre vore kjend sidan 1992, og han finst berre i Vietnam og Laos.

Hmongfolket i Laos kallar dyret for saht-supahp, som tyder ”det høflege dyret”, fordi det flyttar seg så roleg og fredeleg gjennom skogen.

Dyret blei fyrst oppdaga ved at ein fann nokre uvanlege horn på ein marknad i Vietnam. Namnet Saola tyder nett ”tvinna horn” eller ”spiralhorn”.

Når forskarar oppdagar eit nytt dyr, er dei veldig opptekne av å finne ut kva rase dyret høyrer til, men i dette tilfellet er dei usikre. Dei er enno ikkje einige om kva slags dyr dette eigentleg er. Er det eit kvegdyr, ei antilope eller ei geit?

Saolaen bur oppe i fjella i regntida og kjem ned i låglandet på vinteren. Men dei kjem aldri i nærleiken av folk. Dei er veldig sky, og alle saolaene som er fanga, har døydd. Dette har ført til ein teori om at dette dyret rett og slett ikkje kan leve i fangenskap.

Saolaen er rundt 85 cm høy og veg rundt 90 kg. Han har mørkebrun pels med ei svart stripe på ryggen. Heilt nedst på føtene har han eit kvitt område, og han har også kvite ”indianarstriper” på kinna.

Saolaene et små planter og blad frå tre. Dei flyttar seg i små flokkar, aldri fleire enn fem saman.

Laotisk fjellrotte

Dette merkelege dyret har ansikt som ei rotte og hale som eit ekorn. Forskarar trudde fyrst dei hadde oppdaga eit heilt nytt dyr, men så fann dei ut at det var eit dyr som dei trudde blei utrydda for 11 millionar år sidan. Truleg har det levd i beste velgåande djupt inne i skogane i Laos heile denne tida.

Det er ikkje så mykje ein veit om dette vesle dyret, anna enn at det liker seg betre på klipper og fjell enn på opne sletter. Det er eit nattdyr, og det et helst blad, gras og frø, men somme et også insekt.

Lokalbefolkninga i Laos har kjent til dyret lenge. Dei kallar det Kha-nyou og fangar det for å ete.

Oppgåver:

  • Kvifor blir leveområda til mange ville dyr i Laos borte?
  • Søk på nett og prøv å finn fleire typiske dyr i Laos. Lag ein veggplakat med bilde og skildringar av dyra.