Kart over Laos

Laos ligg langt frå havet, men det er rikeleg med vatn der fordi mange store elvar renn gjennom Laos. Ei av dei mest kjende er Mekong. Her finn du to kart. Der kan du skrive inn namn på elvar, fjell, byar eller landa rundt.

Visste du at store delar av Laos er fjell? Mano bur rundt 1200 meter over havet. Dersom det hadde vore i Noreg, ville det ha vore stein, ur og høgfjell. Men der Mano bur, er det frodig jungel og rismarker. Det er fordi Laos ligg så langt sør. 

Mano bur i provinsen som heiter Luang Nam Ta. Her finst ein av Lao sine nasjonalparkar. Dei små landsbyane der akhafolket bur, ser du nok ikkje i atlaset, men greier du å finne Luang Nam Ta, og Long, som er den nærmaste byen?

Luang Prabang er den gamle kongebyen. Her er det over 100 tempel. Byen er så fin og gammal at SN har bestemt at han skal stå på verdsarvlista. Kan du plotte inn Luang Prabang på kartet? Og kva med hovudstaden Vientiane?

Plott gjerne inn dei største byane, elvane, provinsane og Long, der Mano bur!

Ei av dei lengste elvane i verda, Mekong, renn gjennom alle Laos sine naboland. Elva dannar også grensa mot Thailand gjennom mange hundre kilometer. Greier du å teikne inn Mekongelva på kartomrisset ditt?

Kina, Myanmar, Thailand, Kambodsja og Vietnam er nabolanda til Laos.

Under kan du skrive inn to kartomriss. På det eine får du med Laos og landa rundt, på det andre ser du heile verdsdelen. 

Kor mange land kan du setje namn på?

Last ned

Kart Laos

Last ned

Kart Asia

Last ned