Kvifor er det fattigdom i Laos?

1 av 3 innbyggjarar i Laos lever i ekstrem fattigdom. Kvifor er det slik? Vi har stilt spørsmålet til ulike menneske i Laos og Noreg – her er svara deira!

Premchay Khotpanya og Ounkham Souksavan

Premchay Khotpanya er prosjektleiar for utdanning i Kirkens Nødhjelp, Laos og Ounkham Souksavanh er nasjonal representant, Pestalozzi children’s foundation.

Er Laos et rikt eller fattig land?

Ounkham Souksavanh til høgre (OS): Altfor mange av innbyggjarane i Laos lever på eller under fattigdomsgrensa, men samtidig har mange av desse menneska eit godt liv fordi dei lever i pakt med naturen og i tråd med sin eigen kultur. Men det er altfor mange i Laos som ikkje får ta del i landet si økonomiske utvikling, og som ikkje får tilgang til helsetenester eller utdanning. Men landet er rikt på naturressursar og høve.

Premchay Khotpanya til venstre (PK): Det kommunistiske partiet, som styrer landet, har rett nok opna opp for investeringar frå utlandet dei siste åra og dermed ført den økonomiske utviklinga framover, men det går sakte.

Kva er hovudårsakene til at det finst så mange fattige i Laos?

OS: Manglande og dårleg skulegang er éi hovudårsak. Skeiv fordeling av goda er også eit stort problem. Nokre få sit att med mesteparten av pengar og ressursar. PK: Krigen i nabolandet Vietnam påverka Laos mykje og medverka til at kommunistpartiet kom til makta. Politikarar og leiarar «sel ut» naturressursane til andre land og stikk overskotet i eigne lommer. I tillegg er korrupsjon eit stort problem.

Kva trur du er grunnane til at nokre land er rike og andre fattige?

PK: Kolonimaktene utnytta dei fattige koloniane. Framleis blir det eksportert råvarer ut av fattige land som Laos utan at dei fattige landa får sin del av verdiane som blir skapte. Samtidig tener dei rike landa på å selje ferdige varer til dei fattige landa.

OS: Det blir satsa for lite på foredling og produksjon. Dei som styrer landet, er ikkje interesserte i å fordele goda rettferdig mellom alle innbyggjarane. For Laos har dessutan Vietnamkrigen hatt negativ påverknad på landet.

Er utdanning viktig for utvikling?

PK: Ja, utan utdanning er utvikling nesten umogleg. Men det er viktig at utdanninga og kunnskapen er tilpassa dei lokale utfordringane og tilhøva og ikkje blir kopierte frå Vesten.

OS: Vi må jobbe for at alle i Laos får god utdanning. Då kan dei ta del i både den økonomiske og den politiske utviklinga på ein positiv måte.

Er du optimistisk på vegner av Laos?

PK: Eg håpar, men er skuffa over styresmaktene. Eit anna problem er at mange utdanna og kunnskapsrike menneske reiser ut av Laos fordi dei finn betre jobbhøve i andre land.

OS: Eg trur vi er på veg, men det er framleis langt att. Mykje positivt har skjedd dei siste åra, men styresmaktene må vise større vilje til å satse på utdanning, arbeid og fordeling av goda.

Julian Kramer

Landdirektør i Laos for Redd Barna fra 2006-2009

Kvifor er det mange i Laos som lever i fattigdom?

Slik eg ser det er det tre hovudgrunnar til det:

1) Ei vanskeleg historie

Laos har ei historie prega av krig og invasjonar. Landet har i løpet av historia si vore underlagt Thailand, Myanmar, Vietnam og Frankrike. Ingen av desse maktene var interesserte i å utvikle Laos til fordel for folket. I staden var dei berre ute etter landet sin førekomst av opium og andre naturressursar. Frå 1950 vart landet involvert i Vietnamkrigen, og amerikanske styrkar gjennomførte massive bombeangrep som gjorde Laos til det mest bomba landet i verda. Alt i alt hadde landet eit dårleg utgangspunkt for utvikling og vekst då det kommunistiske eittpartistyret kom til makta etter frigjeringa i 1975.


2) Utfordrande geografi

Over to tredelar av Laos er skogdekte fjell og høglandsplatå som er vanskelege å utnytte. To tredelar av folkesetnaden i Laos bur på landsbygda, både langs Mekong-elva, som renn frå nord til sør i landet, og i fjellområda. Dei fleste driv med naturalhushald i små, avsidesliggjande landsbyar og held til langs Mekong-elva. Heile 80 prosent av arbeidskrafta jobbar innanfor den lite utvikla jordbrukssektoren. Vegnettet er dårleg utbygd, det finst ikkje jernbane, og ein tredel av landsbyane kan ikkje nåast med bil. Folk har derfor avgrensa samband med omverda og sentrale byar.

3) Udemokratisk styre og mangel på utdanning og helsetenester

Frå 1975 til 1990 var det lite kontakt mellom Laos og vestlege land. På nittitalet innførte regimet marknadsøkonomi og opna for utanlandske investeringar. Den økonomiske veksten dette førte til, har stort sett kome byane og låglandet til gode. Folk i fjellområda har ikkje merka mykje til at landet har blitt rikare.

Fattigdommen i Laos er ein direkte konsekvens av at dei som har hatt politisk kontroll over landet, aldri har vore opptekne av å gje innbyggjarane høve til å delta i styret av landet eller påverke politiske prosessar. Mangel på skular fører til høg analfabetisme og kunnskapsløyse. Rundt 40 prosent av innbyggjarane i Laos tilhøyrer Lao-folket, som har dominert politikk og økonomi. Det er språket deira som er det offisielle skriftspråket i landet. Men mange laotar snakkar eit eige etnisk språk, utan skrifttradisjon. Så ikkje berre er landet eit diktatur; store delar av innbyggjarane i landet får aldri informasjon eller kunnskap om kva politikarane gjer, rett og slett fordi nærare ein tredel ikkje kan lese eller skrive.

Dårleg utbygde helsetenester fører til at mange lid av sjukdom og feilernæring. Alle desse utfordringane står i vegen for at den økonomiske veksten i Laos skal kome heile folket til gode.

Kva må til for å skape ei meir rettferdig utvikling i Laos?

Laos opplever som sagt økonomisk vekst, men no, som før, er det ein liten elite som styrer landet og nyt fordelane av utviklinga. No veks middelklassa i byane i takt med den gradvis aukande velstanden. Mesteparten av folket i Laos blir likevel haldne utanfor veksten. Det skal vere mogleg å utnytte ressursane i Laos på ein betre og meir rettferdig måte, men då må det satsast på utdanning, helse og politisk deltaking for heile folkesetnaden. Alle innbyggjarane i Laos må få høve til å påverke den politiske og økonomiske utviklinga i landet, men dersom dette skal bli verkeleg, må det bli innført eit meir demokratisk styresett.

Hoteu, Sato og Koto

Hoteu, Sato og Koto er alle 12 år gamle. Dei har akkurat fullført 5. klasse.

Er Laos eit rikt eller fattig land?

Etter litt diskusjon seg imellom kjem dei til at Laos er midt i mellom.
– Laos har mange ressursar, men det er mange i landet som er fattige, seier dei.

Er landsbyen deira, Pha Ngoua, rik eller fattig?

– Pha Ngoua er fattig. Vi har liten tilgang til land, og tidlegare vart landsbyen øydelagt i ein brann. Dei fleste i landsbyen er fattige bønder.

Påverkar nabolanda Laos?

– Ja, særleg Kina, Vietnam og Thailand. Desse landa prøver å utnytte ressursane i Laos, men dei skaffar også arbeid til folk og byggjer vegar og bruer. Dei har dessutan innført nye avlingar vi kan dyrke for å tene pengar.

Kva kan de gjere for å utvikle Laos?

– Vi må gå på skule, få oss utdanning og ta del i utviklinga av landet. Om alle har skulegang, så er vi kanskje ikkje så lette å lure!

Kompetansemål

Samfunnsfag (10. trinn):                                                                                                                                                    

  • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag                                                                                                     
  • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd.                                            

KRLE (10. trinn):                                                                                                                                                                   

  • Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom