Leik i Laos

Kva gjer barna i landsbyen når dei ikkje er på skulen, og ikkje hjelper til heime? Her finn du filmsnuttar og nokre leiketips. Fleire leiker frå Laos kan du finne i leikebanken vår!

Mano har ikkje bilar og Nintendo og teiknesaker og PC-spel. Men han har ein walkman og to kassettar som han kan høyre på dersom pappa har teke med seg batteri frå marknaden i Long.

KVA GJER BARNA NÅR DEI HAR FRI?

Ingen av barna i Pang Ngua har mange leiker. Dei fleste har faktisk ingen. Men for ikkje lenge sidan fekk skulen eit par lêrballar av prosjektet – og fotball og handball er kjempepopulært.

Mano brukar mykje tid på å jakte på grashopper, mus, fuglar og andre smådyr – fordi det er spennande, men også fordi det er godt. Jentene jaktar ikkje så mykje, men går ofte i skogen og samlar frukter og grønsaker. Dei liker òg godt å synga og dansa.

TE KA TOO

Te Ka Too er det mest populære ballspelet i Laos og blir garantert spelt i alle skulegardar. ”Te Ka Too” tyder rett og slett ”Spark bambusballen”.

Skriv ut spillforklaringen på Te Ka Too her.

NYTTÅRSLEIKAR

Akhaene har fleire spesielle leiker og spel som dei brukar ved spesielle høgtider, for eksempel under nyttårsfeiringa i april. Nokre leiker er berre for gutar, andre er berre for jenter.

MARKHANG FOR GUTANE

Sjå gutane spele markhang her!

Markhang er ein stor snurrebass av tre. Gutane får han i fart ved å slengje han av garde med ei snor festa i ein pinne. Dei kappast i å vere best til å slå ned klossar som står 2-3 meter unna.

MARKBAR FOR JENTENE

Mens gutane i Nuang Pha held på med markhang, leikar jentene markbar. Her gjeld det å vere smidig og god til å berekne! I markbar skal du slå ned ”brikker” på ulike måtar ved hjelp av ein liten stein gjennom mange rundar. Ganske vanskeleg og kjempegøy! Prøv sjølv!

Skriv ut spillforklaringen på Markbar her.