Mano sin landsby

For lenge sidan kom dei fyrste akhaene til åskammen der Mano sin landsby ligg. Høvdingen fann fram eit egg, heldt det opp mot hovudet og sleppte det i bakken. Egget knuste! Det var teikn på at åndene godtok at dei kunne byggje landsbyen Pha Ngua akkurat her.

Svale hus

Det bur litt over 300 menneske i Pha Ngua.

Husa er bygde av tre og fletta bambus. Dei står på pålar. Då blir det svalare inne i den varme årstida. Taka er trekte langt ned, slik at det blir ein skuggefull terrasse på kvar side. Her er det behageleg for dei vaksne å sitje med arbeidet i varmetida.

Under huset er det plass til å lagre reiskap og plass til dyra.

All held høner og grisar. Nokre familiar har kyr og vassbøflar også, dei blir passa på av gjetarar frå Lahu-folket.


Pappa lager tak

Om kvelden kjem mange av kvinnene tilbake frå arbeidet i skogen. Dei har ryggsekker av fletta bambus. Dei er fulle av langt ka-gras. Det skal bli tak.

Kvart femte år må taket skiftast.

Om morgonen, før han går til arbeidet i skogen, fletter pappa ka-graset.
350 flak må til før det er nok til å dekkje heile taket.


Inne i huset

Akhahuset er delt i to, ei side er for kvinner og ei for menn. I tillegg er det eit område der alle kan opphalde seg. Inne er det to eldstader. På den eine blir det laga mat til grisane, og på den andre blir det laga mat til familien. Røyken går rett opp og gjennom taket.

Over sovematta til mamma heng ein pose som ingen får røre. Der er det mat til forfedrane sine ånder.

Kleda til Mano heng over ein av tverrstokkane i taket. I hjørnet står det nokre sekker med ris frå avlinga sist haust.

I taket heng også ei einsleg lyspære.

I elva er det eit lite kraftverk. Herifrå går det ein leidning i 1,5 kilometer til Pha Ngua. Heile landsbyen deler på 1 kW. Det er akkurat nok til at alle kan få litt lys om kvelden. Dersom du kom med ein norsk komfyr og sette på potetene, ville lyset ha gått! Du hadde trunge all straumen i landsbyen til å lage middag.


Mano sit på huk når han skal ete. Nokre gonger tek han ein låg trekrakk og sit på den.

Dersom dei har kleberis, et han med hendene. Då formar han risen til ein klump som han dyppar i kjøt og grønsakssausar. Elles et han av og til med pinnar og av og til med skei. Kniv og gaffel er ikkje vanleg.



Dei einaste møblane som er i huset, er ein benk langs veggen, der kjøkkenreiskapane ligg, og så nokre små trekrakkar og eit lågt rundt brett på eit stativ. Den delen av huset der sovemattene er, ligg litt høgare, akkurat som ei stor hylle.

Mano hjelper til

Mano sine oppgåver er å hente vatn, mate grisane og hønene, og vaske opp. I helgane og når det er skulefri, må han hjelpe til med å dyrke jorda.

Akhajentene har fleire oppgåver enn gutane. Dei deltek i alt husarbeid, passar småsøsken, spinn, fargar, vev og syr.

Vatn

Etter maten må Mano vaske opp. Han har henta vatn i pumpa midt i landsbyen. Dersom han gløymer seg og går dit seint på dagen, er det slutt på vatnet. Då må han gå heilt til elva, og det tek nesten ein halv time.

Det er ikkje bad i huset til Mano. Han vaskar seg ved vassposten. Sidan han ikkje kan vere aleine, vaskar han seg med kleda på. Mange vaskar seg i elva også. Det er herleg å stå i det svale vatnet og skylje håret med såpe, synest Mano si mamma.

Det finst ikkje do i huset. I mørket set nok Mano seg av og til berre i ei lita grop ved ein av stiane … Men som regel går han ut i skogen bak landsbyen. Av og til går han til ein av naboane som har toalett i ei bambushytte bak huset. Der er det eit mura hol i golvet. For å skylje ned tek Mano ei ause med vatn frå eit kar ved sida av.

Høgtalar

Om kvelden sprakar det i lufta, og plutseleg kan det høyrast ei stemme over heile landsbyen. Det er høvdingen, som fortel at det dagen etter kjem besøk frå jordbrukskontoret. Rundt om i landsbyen er det festa høgtalarar på høge stolpar. Ingen i landsbyen har tv. Somme har kanskje radio – men alle kan høyre viktige nyhende og meldingar som landsbysjefen seier over høgtalarane. Som regel tek han opp det han vil seie, på band, og så blir bandet spelt av om kvelden, når alle er heime.

Sovehus

Når klokka er sju, er det så mørkt at ein berre ser enkelte lysglimt frå husa. Barna spring enno på berre føter og leikar og ler. Nokre ungdomar har lommelykt og står på eit hjørne og pratar og høyrer musikk frå ein gammal kassettspelar.

Mano skal leggje seg, men han går ikkje heim! I staden går han mellom husa til eit lite hus som står på høge pålar. Her klatrar han opp ein lang stige. I mørket veltar han ei korg med bomull. Ho står nok klar til ei av jentene som skal spinne tråd i morgon.

Inne i sovehuset ligg fetteren hans, Khampay. Dei to har sove saman i sovehuset sidan Mano var 9 år. Slik er skikken blant akhaene, gutane i landsbyen søv to eller fleire saman, i eigne hus. Veslebroren til Mano, Yato, er berre 7 år, derfor søv han saman med mamma og pappa framleis. Det vanlegaste er å flytte ut til sovehuset når ein blir tenåring.


Oppgåver:

  • Finn ut kor mykje straum (kw) din familie brukar i eit døger. Få hjelp av dei vaksne heime til å studera straumålaren.
  • Korleis ville det ha vore å ha like lite straum som dei som bur Mano sin landsby?
  • Kva ville du ha brukt den på?
  • Kva må du hjelpe til med heime?
  • Kvifor har akhabarna så mange oppgåver?
  • Finn ut korleis det er i klassa di: Er det nokon forskjell på oppgåvene til jentene og gutane?

Kompetansemål

Samfunnsfag (7. trinn):                                                                                                                                                        

  • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der

Last ned

Powerpoint presentasjon med manus

Last ned