Pappa brenner skogen

Flammane slikkar høgt til vêrs. Det buldrar og brakar når elden spreier seg. I åsane rundt Pha Ngua forsvinn tusenvis av tre, og om nokre timar er det berre svart oske igjen.

Skogbrann

Mano held seg unna. Han likar ikkje varmen. To gonger tidlegare har flammane kome ut av kontroll. To gonger tidlegare har han måtta flytte frå landsbyen der han budde, fordi husa brann ned. Likevel seier pappa at det ikkje kjem til å hende. ”Sånn har jo vi akhaer brent skogen i hundreår!” ler han.

Om ei vekes tid, når all skogen er brend og flammane sløkte, skal Mano og dei andre barna i landsbyen vere med på å rydje. Rive opp røter og hakke jorda. Den svarte oska inneheld næringsstoff som dei nye plantene treng for å vekse. Om nokre månader vil det vere grøne rismarker der skogen brenn no. Dei vil dyrke ris der også neste år, men så må dei finne ein ny plass å brenne skogen, for då vil næringa i jorda vere brukt opp.

Høgg for hand

Pappa har fått tildelt 1 dekar med skog. Han har ingen maskiner, så han høgg alt for hand med ein stor kniv. Det tek mange veker. Men trea her er ikkje så svære eller tjukke som verkeleg gammal urskog, og det gjer det litt lettare. Det finst nesten ikkje urskog igjen fordi alle områda har blitt brukte til svibruk. Ungskogen er kanskje lettare å hogge, men han gir ikkje like næringsrik jord.

Pappa og mamma har eigentleg lyst å flytte frå Pha Ngua. Dei er ikkje fornøgde med det området styresmaktene har gitt dei. Før kunne akhaene flytte kvar dei ville, men det kan dei ikkje lenger.

Skog forsvinn

Det finst lite urskog igjen i Laos fordi stadig nye område har blitt nytta i svibruket. No er det for det meste ung og lite kraftfull skog som veks i fjella i nord. Når skogen er hoggen, kan det kraftige monsunregnet føre til erosjon, det vil seie at jorda blir vaska bort. Mange stader kjem ikkje skogen igjen i det heile teke.

Styresmaktene er urolege fordi skogen forsvinn. Dei ønskjer at fjellfolket skal bu i dalane og dyrke jorda der. Men så lenge svibruk er den tradisjonelle måten å dyrke jorda på, tek det tid å få folk til å endre seg. Dersom akhaene og andre bønder skal dyrke jorda slik vi gjer, må dei blant anna ha gjødsel og vatningsanlegg, noko som kostar masse pengar.

Skogen i Laos forsvinn også på grunn av tømmerhogst. I regnskogen finst verdifulle treslag som mahogni, ironwood og teak. Det er reglar for kor mykje som kan hoggast, men mange firma smuglar tømmer ut av landet.

På grunn av erosjon kan skogen forsvinne heilt fordi jorda blir vaska vekk av det kraftige monsunregnet.

Tjener lite

Risen som blir dyrka i fjella, er tørr-ris. Familien til Mano et alt dei dyrkar, sjølv. Dei treng rundt 1 kg ris om dagen. Det er ikkje alltid dei klarar å dyrke nok.

Dei åra dei har hatt lite mat, har mamma gått over grensa til Myanmar og teke seg arbeid hos bøndene der. Dersom ho hadde med Mano og veslebroren Yato, kunne ho ikkje jobbe så mykje og tente ikkje meir enn 7 kroner om dagen. Men frå Mano var 6 år, kunne han vere heime og passe veslebror. Då kunne mamma vere borte 4-5 dagar om gongen og tene så mykje som 35 kroner dagen.

Familien har også tent litt på å selje ingefær og andre grønsaker i Long. Det tek 10 timar å gå til Long frå Pha Ngua. I regntida tek det lenger tid. Det er bygd opp små plattingar med tak av fletta bambus nokre stader langs vegen, som er pausehus for landsbyfolk som er på vandring.

Ris

Når risen er hausta, er det skal på korna. Skalet må fjernast før risen kan etast. Utanfor huset til Mano står ein stor hammar av tre. Han er for stor til at du kan løfte han og slå med armane, men han kan styrast med beina.

Kvar morgon legg mamma ris i eit trau, så slår ho kjempehammaren ned i trauet slik at skalet blir slått av risen.

Det tek ca. 20 minutt å treskje 1 kilo ris.

I landsbyen er det ein mann som har ei treskjemaskin. Den kan treskje 1 kilo ris på berre 1 minutt! ”Men det kostar pengar, derfor gjer eg det sjølv”, seier mamma.

Oppgåver:

  • Når dreiv vi jorda med hand i Noreg? Kva slags reiskap kom når?
  • Korleis treskjer vi korn no?
  • Greier du å finne ut kor mykje mat familien din et kvar dag? (Du kan velje ut nokre ting de et mykje av, t.d. brød)
  • SN si fattigdomsgrense er 1,90 dollar dagen. Kor mykje er dette i norske kroner? Familien til Mano tener mindre enn det. Kor lite trur du familien din kunne greie seg på?
  • I Noreg har vi vant oss til å ha eit høgt forbruk samanlikna med andre land. Kva synest du vi brukar mykje av, som vi kanskje ikkje treng?
4 av 5 menneske i Laos lever av jordbruk. Det er nesten 80 % av folkesetnaden.
  • Kan du finne ut kor mange som driv med jordbruk i Noreg?
  • Kan du finne ut dei vanlegaste yrka i landet vårt?

Avskoging

Nesten 4/5 delar av Laos er dekt av skog. Det høyrest mykje ut, men sidan 1990 har 78 000 hektar, meir enn 110 000 fotballbaner, med skog forsvunne kvart år!

Tips! Sjå kart over avskoging her: https://www.fn.no/Verdenskart 


Svibruk

Svibruk, eller svijordbruk, er den eldste forma for jordbruk og har blitt nytta av menneske overalt i verda. Bonden høgg skogen i eit område, lèt han liggje og tørke, for så å svi han av. Deretter kan han så korn i den næringsrike og oskehaldige jorda.

Eit rydja område kan gi avling i 2-3 år. Det tek minst 25 år før skogen veks opp på nytt, men akhaene kan ikkje vente så lenge. Etter 5 år svir dei av skogen om igjen. Då er ikkje jorda så god som ho burde vere.

Kompetansemål

Naturfag:                                                                                                                                                             

  • Gjøre rede for hvordan det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap                                                                                                                                        
  • Stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar                                                                                                                                           

Samfunnsfag:                                                                                                                                                       

  • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der