Skulen i Laos

Sjølv om alle barn i Laos har rett til skulegang, er det mange barn som ikkje går på skule – og mange som sluttar før dei har fullført grunnskulen!


Skulen er delt inn slik:

1) Primary School. Grunnskulen er 5 år, frå 1.- 5. klasse. Barna byrjar i grunnskulen når dei er 6 år. I 5. klasse må elevane ta ein eksamen. Resultatet på denne avgjer om du kjem inn på ungdomsskulen eller ikkje.

2) Lower Secondary School. Ungdomsskulen er 3 år, frå 6. til 8. klasse. I 8. klasse er det ein ny eksamen som elevane må klare for å kome inn på vidaregåande skule.

3) Higher Secondary School. Den vidaregåande skulen er 3 år, frå 9. til 11. klasse. Får du gode nok karakterar på eksamen mot slutten av 11. klasse, kan du søkje deg inn på høgskular eller universitet.

Urfolk

Dei fleste urfolkgruppene som lever i fjella i Laos lever i fattigdom. Det kan vera vanskeleg for dei å få seg jobb utanfor landsbyane, fordi dei ikkje snakkar Lao, som er hovudspråket i Laos. Det har vore veldig vanskeleg for barna her å få gå på skule. Dei fleste vaksne har aldri gått på skule, og kan verken lesa eller skriva. Framleis i dag er det mange barn som ikkje går på skulen, og av dei som byrjar på skulen er det mange som sluttar før dei er ferdige. Dette gjer det vanskeleg å komma seg ut av fattigdommen. 

Dei fleste landsbyane har ein barneskule, men det er få som har ungdomsskule. På barneskulen kan barna gå frå 1.-4- eller 5. klasse. Det varierer litt frå landsby til landsby. På nokre skular har dei òg ein førskule for dei minste barna. Dersom elevane her vil fortsetja på skulen må dei flytte og gå på internatskule. Det er det mange av barna som ikkje får lov til, fordi dei må jobba og vera med å hjelpa familien. Nokon må vera med og arbeida på åkeren, andre må passa mindre søsken medan foreldra jobbar, derfor er det ikkje uvanleg at ein ser barn på skulen med småsøsken på fanget. Sidan dei fleste foreldra ikkje har gått på skulen sjølv tenker dei gjerne at skulen ikkje er så viktig. 

På den offentlege skulen i Laos blir det undervist berre på Lao-språket. Barna som tilhøyrer ei urfolkgruppe snakkar sitt eige språk, og ikkje Lao. Derfor sit dei på skulen og forstår ikkje noko av det læra seier. Då er det mange foreldre som tenker at det er betre at barna er heime og gjer nytte for seg enn å vera på skulen heile dagen utan å læra noko som helst.

Skuleåret

Skuleåret i Laos byrjar 1. september og blir avslutta i midten av juni. Rundt årsskiftet (desember/januar) er det ferie i to veker, og i samband med laotisk nyttår i april er det ferie éi veke.