Snakk med Mano!


Hei eg heiter Mano!

Eg er 12 år og bur i Pha Ngua, ein liten landsby i fjella nord i Laos. 

Familien min er pappa Ama, og mamma Youper, og så lillebor Yato på 7 år. Eg har ei søster òg, Yesaw, ho er 18 år og gift og bur i ein annan landsby.

Eg er ein akha. Det er eitt av høglandfolka i Laos. Det finst faktisk over 100 folkeslag i landet mitt. Kor mange finnes i ditt?

Akhaene kom opphavleg frå Kina. No bur det akhafolk i Myanmar, Thailand og Laos. Vi har vårt eige språk og mange spesielle skikkar. Akhaspråket har ikkje noko alfabet, eller skrift. 

Denne gamle akhalegenden fortel kvifor det vart slik:
Den første ånda, Apoe Miyeh kalla til seg menn frå alle stammar. Kvar stamme fekk ei bok som viste korleis dei skulle leva. Akhaenes bok var skriven på skinnet til ein vassbøffel. Men snart fekk dei mange prøvelsar. Vann fekk skinnet til å svella, rottar gnaget på det. Akhaene forstod at vonde andar prøvde å øydelegga boka for dei. Derfor grilla dei bøffelskinnet og åt det. Sidan har akhaene sagt at den dagen mista dei boka si, men dei fortsette å ha Apoe Miyehs visdom inne i seg.

På skulen må eg læra lao, det offisielle språket i Laos. Det var vanskeleg i byrjinga, men no byrjar eg å bli ganske flink!

I Laos har vi andre bokstavar og tal enn i Noreg. Her kan du læra nokre enkle ord og setningar - og øva deg på å skriva tal. Du kan òg læra å telja til 10, på både lao og akha!

På denne nettsiden kan du skrive med laotiske bokstaver

Last ned

Snakk med Mano (enkle ord og setninger)

Last ned

Øv deg på å skrive laotiske tall

Last ned

Tell med Mano (1-10 på akka og lao)

Last ned