Typisk akha

Akhaene i landsbyen til Mano lagar det meste av tøyet sitt sjølv. Dei plukkar bomull, spinn, fargar garn og vev stoff. Dei høgg skogen for hand, og dei pløyer, plantar og haustar for hand. Det er nesten ingen maskiner i landsbyen til Mano. Det er nesten som å reise tilbake i tid, for akkurat sånn var det i Noreg også, for 150 år sidan.

Forfedrane

Akhaene set forfedrane sine høgt. Det er som om Mano er eit lite ledd i ei lang kjede som bind livet hans saman med dei som levde før, og dei som kjem etter.


Akkurat som dei andre i landsbyen har familien til Mano ein offerstad utanfor huset. Det er ei lita fletta korg som står på ein stake.

Akkurat som åndeportane er stakane heilage. Vi må ikkje røre dei!

Alle akhafamiliar har eit lite alter tileigna forfedrane inne i huset. Alteret kan vere ei lita hylle eller ein bambusbehaldar på den sida der kvinnene søv. Her legg mamma kvart år den fyrste risen som blir hausta.

Ein offerseremoni skjer på ein bestemt måte, og ulike typar mat og drikke blir sett fram framfor alteret. Akhaene tenkjer at dersom dei gir mat til forfedrane, vil forfedrane til gjengjeld passe på at det går godt for familien.

Ofring til forfedrar finn stad ved nyttårsfeiringa, risplantinga, rishausten og ved spesielle høve som bryllaup, fødslar og når nokon døyr.

Namnerekkjer

For ein akha er det viktig å vite kven ein er, og kvar ein kjem frå. Dette er særleg gutane si oppgåve. Når tida er moden, må Mano kunne namnet på alle forfedrane sine tilbake til den fyrste akhaen. Det kan bli over 60 namn!

Når to akhaer vil gifte seg, er dette ein måte å finne ut om dei er i slekt på. Dei ramsar opp namnet på faren, bestefaren, oldefaren og så vidare bakover. Tradisjonelt har det vore slik at dersom dei kan gå minst sju ledd bakover utan samanfallande namn, er giftarmålet greitt.


Åndene

Ein gammal akhamyte fortel at ein gong levde menneske, dyr og ånder i harmoni med kvarandre. Menneska dyrka jorda om dagen og åndene om natta. Men freden blei broten, det blei konflikt mellom menneske og ånder. Sidan har menneska budd i landsbyar og åndene i jungelen.

Utanfor Pha Ngua står åndeportane. Kvart år er det stor seremoni når ein ny port blir sett opp. Dei skal verne landsbyen mot ville dyr, sjukdomar og vonde krefter. Portane er heilage, og det er ikkje lov å røre dei!

Akhaene trur at ånder finst i mange ting, i steinar, elvar og tre. Dersom vi lèt dei vere i fred, er dei ikkje farlege. Men dersom menneska forstyrrar dei på noko vis, kan dei forårsake sjukdom og ulukker. Derfor er det viktig at ein ikkje handlar i strid med åndene. For eksempel er det ingen som dyrkar ny mark før dei er sikre på at åndene som bur der, synest det er greitt. Ein måte å finne ut det på, er å leggje nokre riskorn i ei fordjuping i bakken og så leggje ein bolle over. Etter ei tid går bonden tilbake og ser under skålene. Dersom risen er der enno, er det eit teikn på at han kan dyrke marka.


Spesielle feiringar

Ei av dei største feiringane i landsbyen er disse-seremonien. På ein av dei høgaste stadene i landsbyen står dissa. Seremonien tek til når risen står i jorda. Dei unge mennene i landsbyen finn nye tre som dissa skal lagast av, og dei eldre tek ned den gamle dissa. Fyrst svingar ein tre steinar og tre buntar gras i dissa. Dette er offer til forfedrane. Så er det landsbypresten sin tur. Etter han kan alle i landsbyen svinge seg i dissa dei neste tre dagane! Disse-seremonien er kjempegøy, synest Mano.


Akhaene feirar nyttår i april. Då er det leik og moro i fire dagar. For ikkje å snakke om all den gode maten! I Pha Ngua har dei mange spesielle leiker som dei leikar desse dagane.

Det finst mange andre spesielle feiringar i Pha Ngua, for eksempel når nokon giftar seg, når nokon døyr, eller når eit barn blir født.

Leiarane i akhalandsbyen

Akhaene har djup respekt for dei eldste. Som regel er den eldste i kvar familie med i eldrerådet til landsbyen. Rådet vel landsbyprest og høvding og drøfter viktige saker som gjeld landsbyen.


Landsbyprest

Landsbypresten har til oppgåve er å sørgje for at akhatradisjonane blir følgde. Det er han som leier seremoniane med åndeportane, akha-dissa og andre viktige tradisjonar.

Smed

I gamle dagar var smeden ein av dei viktigaste i akhalandsbyane. Men etter kvart som det har blitt enkelt og rimeleg å kjøpe reiskapar som er laga på fabrikkar i dei store byane, har smeden blitt mindre viktig.

Åndeprest

Åndepresten er alltid ein mann, medan sjamanane kan vere både menn og kvinner. Åndeprestane er personar som hjelper til i kriser eller når somme treng spesiell hjelp. Sjamanen trår til når nokon er svært sjuke, når nokon døyr, eller for eksempel dersom nokon er barnlause.

Høvding

Landsbypresten er den fremste leiaren i landsbyen, men alle landsbyar har også ein høvding. Høvdingen i Pha Ngua er nett vald. Den førre var høvding i seks år. Høvdingen er bindeleddet til dei offentlege styresmaktene. For eksempel er det han som snakkar på vegner av landsbyen når dei får tildelt jord. Dersom nokon i landsbyen ikkje greier å bli einige i større saker, er det ofte oppgåva til høvdingen å mekle mellom dei.

Tradisjonar som blir borte.

På skulen der Mano går, lærer dei akhasongar og dansar. Dei lærer også å sy vesker og små plagg på akhamåten. Mange av jentene kan dette godt fordi dei har lært det heime. Men læraren trur ikkje det vil vere slik mykje lenger. Akhafamiliane kjøper tøy i staden for å lage det sjølv. Det tek lang tid å sy ei heil akhadrakt. Fyrst må bomulla plukkast og tråden spinnast, så skal garnet fargast og til slutt vevast til stoff. Og fyrst då kan ein byrje å skjere til og sy tøyet!


Før hadde smeden ei viktig oppgåve i landsbyen, men no kjøper dei fleste reiskapane sine i byen, akkurat som med kleda. Etter at det kom veg inn til landsbyane i Long-distriktet, er det fleire av akhaene som tek turen til byen og kjøper og sel varer. Slik skaffar dei seg mykje av reiskapane dei treng, og det går raskare enn å lage dei sjølv.


Mano og dei andre i klassa likar å syngje dei gamle songane. Men på kassettspelaren som dei store ungdomane har med seg rundt i landsbyen om natta, høyrer dei på lao-popmusikk. Det er også mange fine songar, synest Mano.

Mano ønskjer å gå på skule i byen. Han drøymer om å bli politimann. Nesten alle i klassa hans drøymer om å få gå meir på skule og få seg jobb i byen. Mano trur han framleis vil vere ein akha dersom han bur i ein by, men han er ikkje sikker, for då vil han jo både bu og jobbe på ein annan måte.

Oppgåver

  • Har du tradisjonelle norske klede? Når brukar du dei?
  • Spør foreldra dine om korleis det var då dei var små – er det mykje som er annleis no? Kva er den største forskjellen?
  • Kan du kome på nokon gamle norske skikkar som er borte?
  • Kvifor trur du tradisjonar forsvinn?
  • Tenk på korleis akhaene lever. Kva kan vere bra, og kva kan vere dumt med at samfunnet forandrar seg?

  • Tips! Les meir om akhaene sin levemåte i ”Pappa brenner skogen”.

Kompetansemål

KRLE:                                                                                                                                                                   

  • Beskrive og samtale om ulike måter å leve sammen på i familie og samfunn (4.trinn)   
  • Beskrive og presentere noen sentrale rituelle praksiser og etiske normer fra østlige og vestlige religioner og livssynstradisjoner (7.trinn)                                                                                                      

Samfunnsfag:                                                                                                                                                    

  • Utforske og presentere samfunnsfaglege spørsmål, søkje etter informasjon i ulike kjelder og vurdere kor nyttig informasjonen er til å belyse spørsmåla.                                                                                              
  • Reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organisert