Flagget til Peru

Flagget til Peru kom til av ein draum! Quechuaindianarane har òg frå gammalt av sitt eige flagg. Det har langt fleire fargar! Her kan du lasta ned begge flagga og fargeleggja dei sjølv!

Då General San Martin vakna av ein siesta tidleg på 1800 talet, fekk han auga på ein flokk flamingoar med vakre fargar: Raude vengjer og kvite bryst. Det var opphavet til fargane i Peru sitt flagg!


På mange skular i Peru har dei ein høgtideleg seremoni ein gong i veka. Då samlast alle elevane i skulegarden, flagget blir heist, og elevane syng nasjonalsongen medan dei held handa på hjarta.

Flagget til Peru har to fargar.
Ved høgtidelege høve brukar dei flagget der presidentemblemet er med. På det blå feltet i emblemet ser du ein vicuña, (i slekt med lama og alpakka), på det kvite feltet er det eit chinchonatre, og på det raude feltet er det eit overflødigheitshorn med gullmyntar. Bileta symboliserer naturrikdomen i Peru.

Trykk her for å skriva ut flagget og fargelegg det!

Regnbogeflagget heiter Whipahla. Det kallast både inkaflagget og quechuaflagget.

Opphavleg kan fargane ha vore i ei anna rekkjefølgje, og kanskje ha sett litt annleis ut - men i dag har inkaflagget sju striper i regnbogen sine fargar: raud, oransje, gul, grøn, lyseblå, mørk blå og fiolett. Fargane symboliserer dei ulike folkeslaga som vart samla i inkariket.


Når solfesten Inti Raymi blir feira i dagane rundt den 24. juni, kan du sjå inkaflagget overalt i Cuscoregionen.
Samefolket i Noreg har òg sitt eige flagg. Veit du korleis det ser ut? Er det noko som er likt i inkaflagget?

Trykk her for å skrive ut quechuaflagget og fargelegge det!