Zambias flagg

Zambia er eit land med store naturressursar. Då er det kanskje ikkje så rart at hovudfargen i flagget er grønt. Alle fargane i flagget betyr noko.

 

Den grøne bakgrunnen står for naturressursane i landet. Raudfargen står for blodet som blei ofra under fridomskampen. Den svarte fargen står for den opphavlege befolkninga i landet. Den oransje fargen står for mineralrikdommen som finst i Zambia. Ørna er eit teikn på fridom og sjansen til å løfte seg trass i mange vanskar.

Zambias riksvåpen

Her ser du også ørna som symboliserer fridom. Mønsteret i skjoldet står for Victoriafalla, med kvitt vatn som kastar seg utfor dei svarte klippene. Det svarte står også for urinnbyggjarane og tilknytinga til Zambezi, elva som gav landet namn. Mannen og kvinna som held skjoldet, representerer folket. Der er også nokre teikningar som symboliserer naturrikdomane til landet. Kan du sjå kva det er?


OPPGÅVE

Last ned og fargelegg Zambias flagg.