Å være jente i Bangladesh

I filmen møter vi Bornali som høyrer til ei jentegruppe som heiter Shonglap som reiser rundt og lærer bort kunnskap om jenter sine rettar.

 

I Bangladesh er det vanleg å gifte bort døtrene sine når dei er veldig unge, kanskje berre 14 eller 15 år. I følgje tradisjonen skal ikkje jenter jobbe eller tene eigne pengar, mange blir difor gifta vekk så dei ikkje skal vere ein økonomisk byrde for familien.

Det er forbode ved lov å gifte seg før ein er 18 år i Bangladesh, og jenter har like stor rett til å gå på skulen som gutar. Men mange er verken klar over denne loven eller kvinner og born sine rettar.


REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Hvordan er det å vere jente i Bangladesh?

  • I landsbyen til Bornali får jentene lære seg praktisk kunnskap. Til dømes å veve tøystykke, sy ulike ting og flette korger. Trur de dette er viktig? Forklar svaret ditt.

  • I Noreg er det mange familiar der begge foreldra jobbar, sjølv om dei har born. Kvifor er det lettare i Noreg enn på landsbygda i Bangladesh?

  • Finst det skilnad på korleis jenter og gutar blir behandla i Noreg? Viss ja, prøv å kom med døme.

  • I Bangladesh er det 18-års grense for å gifte seg. Likevel er det mange som blir gifta bort når dei er mykje yngre. Kvifor trur de dette skjer? Prøv å nemn minst tre grunnar.

  • Til jentene: Korleis hadde du reagert dersom dei rundt deg ikkje ville lytte til dine meiningar og råd berre fordi du er jente?

  • Til gutane: Korleis hadde du reagert dersom dei rundt deg ikkje ville lytte til dine meiningar og råd berre fordi du er gut?

  • Nokre av jentene i landsbyen til Bornali får tilbod om leiartrening. Trur de det er viktig? Forklar svaret ditt.

  • Eit berømt sitat seier: «Viss du utdannar ei jente utdannar du ein heil familie». Kva trur de det betyr?

  • Kva trur de hender med dei borna som blir tatt ut av skulen fordi foreldra ikkje har råd til å la dei få ei utdanning?


OPPGAVER  

1. Gruppevis eller individuelt. I filmen seier Bornali at ho syns det er fantastisk å vite at ho har eigne rettar. Les ei forenkla utgåve av barnekonvensjonen her.

a. Er dine rettar ulike frå Bornali sine? Syns du det er nokre rettar i barnekonvensjonen som er spesielt viktige? Syns du det manglar nokre rettar i barnekonvensjonen? Skriv ned det du kjem på.

b. Trur de nokre av desse rettane blir brotne i Bangladesh på grunn av fattigdom? Skriv 3 døme kvar og diskuter dei i klassen. 

2. Lag ein teikneserie på 9-24 ruter. Bornali er hovudpersonen i teikneserien, og ho fortel korleis Shonglap har endra livet hennar.  


UTFORSK

  1. Sjå filmen «Retten til utdanning». Filmen forklarer kvifor det er viktig å gå på skule, og kvifor det er spesielt viktig at jenter får fullført skulegangen. Diskuter refleksjonsspørsmåla til filmen.


KOMPETANSEMÅL

    • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land

    • Drøfte kva likeverd og likestilling har å seie fore eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering