Laos, eit spanande land!

I denne filmen får vi ein kort introduksjon til Laos, menneska som bor der og landets historie!

 

Laos ligg i Sør-Øst Asia, og er inneklemt mellom Kina, Myanmar, Vietnam, Thailand og Kambodsja. Laos er eit vakkert land, med frodig natur og mange fjell og dalar. Landet er ikkje veldig stort, og har omlag 7 millionar innbyggarar. Litt under halvparten av befolkninga i Laos er urfolk, det finns over 100 urfolksgrupper i landet. Dei snakkar eit anna språk enn majoriteten i landet, og har ein annan religion og kultur. Urfolka opplever å bli diskriminert i Laos, og dei har få rettar. 

Dei fleste bur i små landsbyar oppe i fjella i Laos og mange dyrkar sin eigen mat. Jorda er fruktbar og mykje spanande frukt og grønsaker blir dyrka her. Likevel er Laos eit fattig land og ein av tre personar lever i fattigdom. Det er tøft å leve i fattigdom. 

Det offisielle språket i Laos er Lao, det er dette språket dei som bestemmer i Laos brukar og litt meir enn halvparten av befolkninga har dette som sitt morsmål. Resten av befolkninga er urfolk og snakkar sitt eige språk, som ofte er veldig ulikt frå Lao. 

FØR DE SER FILMEN

  • Kva veit de om Laos fra før?


ETTER FILMEN

  • Har du lært noko nytt om Laos?

  • Var det noko som overraska deg? Kvifor?

  • Kva heiter den kjente elva som renner langs, og gjennom, Laos?

  • Kor bor dei fleste urfolka i Laos?

  • Kvifor blei Laos ein del av Vietnam-krigen?

  • Elefanten er eit viktig symbol i Laos, veit de om nokon symbol som er viktige i Noreg eller andre land?


OPPGÅVER  

  1.  Gruppeoppgave: Lag ei tidslinje over Laos sin historie.


KOMPETANSEMÅL

    • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der