Livet på internatskule

I denne filmen besøkjer vi ein internatskule, der det går 80 elevar. Vi blir kjent med Kaipuh og Tatu som kjem frå same landsby.

 

Dei fleste elevane bur på skulen. Foreldra er ofte skeptiske til å sende barna sine på internatskulen, dette går særleg utover jentene. Difor er det mange fleire gutar enn jenter som går på ungdomsskulen. Jentene skal uansett gifte seg, få barn og jobbe i huset. Mange meiner at jenter difor ikkje treng utdanning.


SPØRSMÅL TIL FILMEN

  • Kvifor må mange barn frå landsbyane flytte på internatskole om dei skal gå på ungdomsskulen?

  •  Kvifor er det fleire gutar enn jenter på ungdomsskolen?

  • Alle barn har rett til å gå på skule. Kjem de på nokre andre rettar alle barn har?


OPPGÅVE

  • Gå gjennom barna sine rettar i barnekonvensjonen. Syns de nokre av desse rettane er viktigare enn andre? Kvifor? Diskuter i grupper på 2-3.


KOMPETANSEMÅL

    • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der

    • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land

    • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag