Klima(u)rettferd

Klimaendringane er urettvise  – derav filmens namn klimaurettferdDet er eit paradoks, at sjølv om det er dei rike landa som forureinar mest er det menneske, og spesielt barn, som lever i fattigdom klimaendringane øydelegg mest for.

Barna sine rettar blir brotne på grunn av klimaendringane. Å stoppe klimaendringane er altså ikkje berre eit spørsmål om å redde klimaet, men også for å sørge for at alle barn får oppfylt rettane sine.

MÅL MED FILMEN OG OPPLEGGET

  • Elevane skal forstå kva ein meiner med klimarettferd og kva som gjer at klimaendringane er spesielt urettvise for barn som lever i fattige land.
  • Elevane skal lære å sjå samanhengen mellom brot på barna sine rettar og klimaendringar. Filmen, teksten og refleksjonsspørsmåla er tenkt til 5. – 10. trinn. Oppgåvene er derimot delt opp og markert med alderstrinn sidan nokre er lagde for mellomtrinnet og nokre for ungdomstrinnet. Dei relevante kompetansemåla for alle trinn finn de i lærarrettleiinga som ein kan laste ned heilt nedst på sida. 



KVA ER KLIMAENDRINGAR?

Dette har sannsynlegvis elevane vore gjennom ved ulike høve, men det kan vere greitt å ta ein liten gjennomgang før filmen. Her følgjer ein kort tekst som ein kan lese for elevane, dersom det skulle vere behov for ei oppfrisking. 

Klimaendringar - kort fortalt;

Drivhuseffekten er naturleg – atmosfæren held eit beskyttande lag rundt jorda, slik at solstrålane kjem inn, men slepp samstundes ikkje ut alle strålane som blir reflekterte tilbake. Dette gjer at jorda held på varmen. Dette blir kalla drivhuseffekten fordi det kan samanliknast med kva som skjer i eit drivhus. Atmosfæren har same rolle som taket og veggane i eit drivhus – varmestrålane frå sola slepp inn og blir haldne inne i huset, slik at plantene får eit trygt og varmt klima å vekse i. Utan drivhuseffekten hadde jorda vore iskald, og det hadde vore umogleg for menneske å leve her. 

Når menneska forureinar, stig gassane opp i atmosfæren og fører til at laget med gass som beskyttar jorda, «taket og veggane i drivhuset» blir endå tjukkare. Dette fører til at fleire solstrålar blir haldne attende av atmosfæren og ikkje blir slept ut tilbake i verdsrommet. Dette fører igjen til at jorda blir varmare.

Det høyrest kanskje godt ut med eit litt varmare klima? Problemet er at det ikkje nødvendigvis blir lengre og finare somrar sjølv om klimaet blir varmare – klimaforskarane seier at det heller kjem til å bli klimaendringar og ekstremvær slik som heftige stormar og flaum. Ein kan samanlikne at jorda blir varmare med å ha feber – då skjelv-,sveittar- og frys ein, i tillegg kjenner ein seg uvel og har ikkje heilt kontroll på kroppen. Det same ser ut til å skje med jorda.

Klima(u)rettferd!

Klimaforskarar seier at alle land i verda kjem til å bli påverka av klimaendringane, men det er nokre land klimaendringane og ekstremvær kjem til å øydelegge meir for enn andre. Av desse landa er Bangladesh eit av topp tre på lista.

I Bangladesh lever store deler av befolkninga i fattigdom. Dette er ekstremt urettvist, for det er ikkje menneske som lever i fattigdom som har ansvaret for forureininga som fører til klimaendringar og ekstremvær.

Klimaendringane er «dobbelt urettferdig» for barn som lever i fattigdom. Klimaendringar er urettvise for barn – dei kjem til å leve med klimaendringane i framtida, og har ikkje skulda for forureininga.

REFLEKSJONSSPØRSMÅL TIL FILMEN

  • Kvifor er klimaendringane urettvise?
  • Kva trur du ein meiner med at klimaendringane er «dobbelt urettferdig» for barn som lever i fattigdom? (Klimaendringar er urettvise for barn – dei kjem til å leve med klimaendringane i framtida, og har ikkje skulda for forureininga. Klimaendringar er urettvise for dei som lever i fattigdom – det er ofte dei som blir mest råka av klimaendringar, men dei har ikkje skulda for forureiningane. 
  • Mange miljøorganisasjonar snakkar om «klimarettferd». Kva trur du det betyr? 
  • Øydelegg klimaendringar for oss i Noreg også?
  • Kva trur du er grunnen til at menneska ikkje gjer meir for å redde klimaet? (for meir informasjon, sjå NRK-link under «kjelder»)
  • Korleis trur det er å leve i eit anna land som er hardt råka av klimaendringar? 
  • Korleis trur du framtida di hadde sett ut dersom du ikkje fekk gå på skule på grunn av flaum, stormar og andre typar ekstremvêr? 

OPPGÅVER TIL FILMEN

1) Barna sine rettar og klima - Mellomtrinnet og ungdomstrinnet Gå gjennom rettane i barnekonvensjonen. Kva rettar blir trua av klimaendringar? Forklar kvifor og korleis! 

2) Kva kan du gjere? - Mellomtrinnet og ungdomstrinnet Skriv ei liste over kva de kan gjere for å hindre klimaendringar. Skriv eit brev til Klima og miljøministeren i Noreg og fortel om kor urettferdig de synest klimaendringar er: Kongens gate 20, Postboks 8013 Dep, 0030 Oslo. (Kva trur de svaret blir?)

3) Finn ut! - Mellomtrinnet og ungdomstrinnet Del elevane inn i grupper på to – og tre der dei brukar internett og finn ut ;

Kva betyr klimatilpassing og kvifor er klimaendringar urettvise? 

Når elevane har funne svar på spørsmåla, kan dei finne fem måtar vi kan tilpasse oss klimaet i Noreg og sjølv definere kva dei synest er klimarettferd.

4 ) Klimatilpassing - Ungdomstrinnet Når elevane har funne svar på spørsmåla, kan dei finne fem måtar vi kan tilpasse oss klimaet i Noreg og sjølv definere kva dei synest er klimarettferd. Start gjerne denne bolken med å spørje elevane kva dei trur ein meiner med klimatilpassing. 

TIPS TIL LÆREREN:

Klimatilpassing betyr å tilpasse seg det nye klimaet. Det kan til dømes vere å bygge huset på ein fjelltopp eller åskam, slik at huset ikkje kan bli skylt på elva viss elva fløymer over. Det kan også vere å bygge demningar, som gjer at vatnet stoppar opp og blir leia ein annan veg. 

Klimarettferder eit definisjonsspørsmål. Her vil elevane truleg finne litt ulike forklaringar. Hovudbodskapen er at det er urettferdig at det er dei rike landa som har ansvaret for forureininga sidan det er dei fattige landa som blir mest råka. For at vi skal få rettferd må dei rike landa slutte å forureine og hjelpe dei fattige landa med å tilpasse seg og beskytte seg mot klimaendringar og ekstremvær. 

5) Kvifor gjer vi så lite? - Ungdomstrinnet Skriv ein tekst der du prøver å svare på «Kvifor gjer vi ikkje meir for å redde klimaet?»

Sjå denne mini-serien på nrk.no før du byrjar å skrive. I serien vil ein klimapsykolog forklare noko av problematikken i spørsmålet over. http://www.nrk.no/klima/xl/derfor-vil-vi-ikke-hore...